Til Styret fyr ”Nora”.

 

 

(Fraa Formannen i Vestmannalaget).

  

 

Daa Maanadsskrifti ”Fraa By og Bygd” vart nedlagd, var det Meiningi, at Vestmannalaget skulde sjaa til aa giva ut Smaabøker, som kunde vera ”til Gleda og Gagn fyre Bornom” i Skulen og heime paa Landet; sidan heve Laget gjevet ut ABC-Bok  ved Andreas Austlid og Bibel-Saga  ved Paulson og Mo; det er Von um, at Lærebok i Landkunna kann koma ut annat Aar.

   

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar,

(som no ingen kann undrast uppaa);

men det munar daa jamt, ja det munar

so det stundom er Hugnad aa sjaa”.

 

Noraelder andre Blad heve Laget ikkje Tilføre aa halda; men me ero takksame fyre Tilbodet og serlege fyre den gode Viljen, som Styret heve lagt i Dagen.

  

Me, som sitja i Stjorni fyre Vestmannalaget, hava ingen Givnad til ””aa blaasa upp”” litt millom Medlemerne; me hava Henderne fulle av Arbeid Aaret rundt, so at det heve voret nett maatelegt Yrkje fyre oss aa stella med desse Smaabøkerne i Kvilestunder. Og ikkje kann det etter min Tanke vera Torv til aa faa i stand nokot større ”Kappstræv” med Det norske Samlaget; det gjeld i dette Høvet som i mange andre, at ein stor er meir verd enn tvo smaae; lat oss berre samla oss mannsterke kringum Det norske Samlaget, so at det kann veksa seg stort og frægt; fekk Samlaget ein Gong til so mange Lagsmenner som det no heve, skulde det myket vera vunnet og myket meir enn um Vestmannalaget vilde freista aa ”setja Eimen paa”.

 

Vinje skriv ein stad: ”Det er i vaart Bokrike enno mest sama Tilstand som fyre den Tid Harald Haarfager lagde under seg alle Neskongar og Bygdarbiksar til eit Rike. Kunde vaare bokskrivande Folk leggja seg saman til eit elder tvo tri Blad, eller rettare kunde Rikmenn eller større Bokhandlarar gjera dette, so vilde Folk baade skriva meir og betre, fordi dei fingo ein Skilling for det. Men slikt som det no er, so eta dei liksom kvarandre upp, og litet elder inkje anna vert der av det”. Dei Ordi kunna me gjerna minnast, for dei høva framifraa godt endaa. Kunde me berre skriva so hævt i dei Bladi me no hava, at alle maatte  lesa deim, so veit eg visst me aldri skulde koma i Hug aa taka ”Fraa By og Bygd” upp atter.

 

Her er Nøgdi av Land aa byggja. Vinje hadde etlat seg til aa umsetja Homer. (Sjaa 6te Hefte av Skrifter i Utval S. 205). Det kann no vera Arbeid fyre Storfolk. Hadde eg Stunder, vilde eg prøva aa umsetja ei Bok av Charles Dickens (t. D. ”David Copperfield). Ungdomar ”med ein brennande Hug etter aa faa Høve til aa ””slaa eit Slag”” fyr si Kjærleiks Sak” skulde tenkja paa dette.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum