[Ymist.] Maalsaki.

 

 

Jarnvegsnemndi i Tinget hev skrivet ei Innstelling apa Norsk iaar og. Det e ”Innstilling fraa Jernbanekmiteen um Henstand for Byen Sandefjord med aa betala nokre Aktiepengar i Vestfoldbanen”. Me skal her taka ho inn, men utelet Søknaden fraa Sandefjord, som sjølvsagt er skrivet paa Dansk:

 

 

Til Stortinget.

 

I Jarnvegen gjennom Vestfold tok Sandefjords Kommune Aktiar for i alt Kr. 128,800.00

Til femtande November i fjor var betalat . . . . . . . . . ” 88,900.00

Ubetalat er Kr. 39,900.00

 

som etter Vilkori fyr Aktieteikningi skulde betalast i 19 Halvaarsterminar fraa femtande Mai 1887 til femtande Mai 1896 med 2,100 Krunur kvar Gong.

 

Av Private var der i Sandefjord teiknat Aktiar for 28,600 Krunur, men Kommunen hadde inkje gjenget god for nokot av denne Sum; der stend enno ubetalat Kr. 2,869.49, som det er liti Von um aa faa, av di det er helder smaatt for dei 7 Aktieeigarar, som er skuldig.

 

Den 28de Oktober i fjor sende Formannskapet i Sandefjord Søknad um Utsetjing med aa betala Resten av Kommunens Aktiepengar. I denne Søknaden skriv dei:_ _ _

 

Det statistiske Centralbureau hev gjevet ei Utgreiding um det økonomiske Tilstandet i Sandefjord, som visar, at

 

Folketalet hadde millom 1875 og 1885 aukt fraa 2,452 til 3,159 Menneskje;

 

Eigedom og Inntekt var i 1885 Kr. 3,180,000,00 og Kr. 796,220.00. Det gjer Kr. 1,007.00 og Kr. 252.00 paa kvart Menenskje; i Byarne i Landet i det heile var desse Tal Kr. 1,233.00 og Kr. 286.00;

 

Dei kommunale Skatter var Kr. 11.34 paa kart Menneskje og Kr. 4,55 paa kvart Hundrad av Inntekti mot Kr. 18.04 og Kr. 6.14 i alle Byarne;

 

Av Fatiksfolk var der 24 paa 1000 Menneskje mot 48 i dei andre Byarne;

 

I 1881 var Innførsli reiknat til Kr. 369,400.00 og Utførsli til Kr. 286,800.00, i 1885 til Kr. 412,500.00 og Kr. 189,300.00. Det gjer i 1885 Kr. 131.00 og Kr. 60.00 paa kvart Menneskje mot Kr. 337.00 og Kr. 226.00 i dei andre Byarne under eit;

 

Byen hadde i 1885 av Dampskip 1042 Tons og av Seglskip 27,315 Tons, det er 0.3 og 8.6 Ton paa kvart Menneskje mot 0.3 og 2.6 i dei andre Byarne;

 

Huseverdet i Brandkassen var i 1884 Kr. 2,681,970.00 elder Kr. 849.00 paa kvart Menneskje mot Kr. 803.00 i dei andre Byarne, naar Kristiania inkje er med:

 

Gjeldi var i 1885 Kr. 296,150.00 elder Kr. 93.7 paa kvart Menneskje og Kr. 9.3 paa Hundradet av Eigedomen mot Kr. 65.9 og Kr. 5.5 i dei andre Byarne.

 

Det er upplyst, at Byen fraa 1875 yil 1886 hev fengjet i alt 84,580.00 Krunur av Byens Samlag for Brennevinshandel og av Sparebanken til kommunale Utgivter, derav 22,480.00 Krunur ”til Jernbaneaktier”. Men Formannskapet legg til, at Byen inkje hev fengjet somykje av Samlage, som dei gjorde Reikning paa, daa dei i Sjauti-Aari kostad det dyre Springvatnet og teiknad so stor ein Sum til Jarnvegen; dei ventad 10,00.00 Kronur aarleg til Jarnvegsaktiarne.

 

Finantsdepartementet tykkjer, at Byen lyt faa nokor Lette med Betalingi av dei 39,900.00 Krunurne, som stend att av Aktiepengarne til Jarnvegen, av di Skattekrafti hev minkat ved dei mange Busliti, og Verdet av Handesfloten hev siget syndlegt i dei sidste Aari. Endaa Sandefjord inkje er so ille faren som Holmestrand, so meiner Departementet likevel, at Byen treng til aa faa lettat paa dei kommunale Utgivterne.

Departementet hev difor fengjet kongelegt Framlegg av 21de Februar iaar um, at Sandefjord i Femaari 1887-91 skal sleppa med halvt Avdrag, men sidan svara fullt Avdrag. Det seigjer seg daa sjølv, at Staten fær heile Vinningi av dei Aktiepengarne (i alt 84,000 Kronur), som Byen hev teiknat paa 20 Aars Betaling, til dess Gjeldi er fullgreidd.

 

Det er noko underlegt dette, at den eine Byen nedi Vestfold kjem etter den andre og bed um Utsetjing med aa betala si Jarnvegsgjeld; i fjor var det Holmestrand, iaar Sandefjord. Skulde dei drage fleir Kommunar etter seg, so vøre det vel rettast aa seigja nei itide. Det hev jamvel voret so, at Kommunarne hev bodet sine Aktiepengar baade for aa skunda paa Staten med aa byggja Jarnvegen og for aa faa bøygt han etter den Lina, som dei helst vilde hava. Og det er daa so-som-so aa koma etterpaa og krauna yver, at dei kann ’kje bera Byrdi, dei sjølve hev tekjet paa seg. Um Tiderne kann vera harde for Kommunarne, so er dei det ogso for Staten. Og naar han skal taka noko av desse kommunale Byrder paa seg, so gjeng det ogso ut yver Folk paa dei Kantar av Landet, der dei ingjen Nytte hev av Jarnvegerne, og det mange av dei, som inkje gjev minst til Tollen og andre Statsinnkomur.

  

Likevel vil Komiteen tilraada, at Storthinget vedtek det kongelege Framlegget, av di Sandefjords Kommune sit sers hardt i det desse Aari, og av di det gjeld so lite som aa gjeva Utsetjing med det halve Avdrag i fem Aar. Soframt Storthinget iaar godkjenner eit annat Framlegg um, at Staten skal kaupa dei private Jarnvegsaktier, so vil det i Framtidi inkje vera nokon Grunn for slike Søknader som denne fraa Sandefjord.

 

Tvo Mann i Komiteen vilde havt denne Innstillingi i Bokmaalet.

 

Komiteen innstillar soleis til Storthinget aa vedtaka:

 

Storthinget godkjenner, at Sandefjords Kommune fær slik Henstand med aa betala dei 39,900.00 Kronurne, som stend att av dei Aktiepengarne, Byen hev teiknat i Vestfoldbanen, - at der i Femaari 1887-1891 svarast berre halvt Avdrag.

 

Kristiania i Jernbanekomiteen den 15de Juni 1887.

 

C. M. Havig,

Formand.

 

Olaus Eskeland,

Sekretær.

 

 


Frå Fedraheimen 25.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum