Kristiania, den 24de Juni.

 

 

 

Det er ikkje greidt sa’n.

 

Det var no ikkje meir enn ventande, at Folkets  Avis  vart fjukande sinnad, daa ho saag, at Utsetjingsframlegget vart vrakat.

 

Dette var det einaste, som kunne berga Menigheitsraadet og gjekk ikkje det gjennom, ja so var all Von ute.

 

Og det er fælt so sinnad Bladet hev vortet. Dei 19 Vinstremenn, som saman med Fleirtalet i Høgre var med og røystad ned Utsetjingi vert stemplat som nokre – noksagt og det vert kastat Hædingsord baade til den eine og andre. Steen hev no reint tapt all Vyrdnad og Sivert Nielsen vert sett upp som ”Bondepartiets Fører”. Bladet hugsar ikkje eingong i Farten, at Oftedølerne saman med Høgre tvo Gong hev negtat Aleksander Kiellands Diktarløn og at det nettupp var Bondepartiets nye Førar, som ifjor gjorde, at Kielland fekk 1600 Kronur.

 

I det same No. av F. A. vert det sagt, at Lars Oftedal ingen Politikkar er, nett som um det var noko vakse Menneskje i Landet, som trudde det.

 

 

 

Tutarhorn og Apekatt.

 

Verdens Gang  og Kristianiaposten  held no paa og trættar det beste dei kann. Fyrr gjekk dei saman desse tvo Bladi. Dei arbeidde baae for Framstiget i Landet og det er ikkje Tvil um, at det var godt Rom aat baae. Men sidan Mjelde vart avsett og Sivle kom i staden hans, ligg dei og tevlast som Hund og Katt. V. G. hev i mange Aar havt eit Tutarhorn elder ein Tambur yver dei iltraste Stykki sine, og so vilde ikkje Sivle staa attende der helder. Torsdag var, byrjad han og med eit Merkje yver Stykki sine, - ein avteiknad Apekatt. Um det dermed er Meiningi aa stempla det politiske Skrivet sitt som Apekattverk er ikkje godt aa vita. Det ser ut for noko av kvart.

 

 


Frå Fedraheimen 25.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum