Kvifor vert ikkje Salmarne hans Blix godkjende til Kyrkjebruk?

 

 

so spør mange og undrar seg. Dei kjenner Salmarne og finn dei høvelege til Kyrkjebruk, og dei kjenner Kyrkjestatsraaden og veit at han er hugad paa alt, som er norsk. Kva er det daa han ventar paa?

 

Jau Kyrkjestatsraaden ventar berre paa ein Ting, han ventar paa, at Folk vil hava Boki til Kyrkjebruk. Han synest det er lite verdt aa godkjenna ei Bok til Kyrkjebruk, fyrr han veit, um det verkeleg er nokon Soknelyd som vil innføra ho som Kyrkjebok. For elles vilde det vera berre ”Sjavvilsverk”, som Folk kom til aa hæda, um Kyrkjestyraren autoriserad si eigi Salmebok, og det synte seg, at ingen vilde nytta Retten, som var dei gjeven.

 

Denne Bljugskapen hans Blix er difor ikkje av det Slaget, som er mest Lastord verdt.

 

No er det væl alt komet Krav um Godkjenning av Boki ifraa ymse Kantar av Landet, men det er berre ifraa lause Flokkar, so ein væl hev ei Von i det Kravet, som er komet, men ikkje nokor Visse, um at det er Folkeynskje i Sokni um aa faa ho.

 

Det som gjeldst er aa gjeva Departementet noko fast og visst aa halda seg til.

 

Det gjeldst aa faa Vedtak ifraa ei elder onnor Bygd um aa faa Boki godkjent, so at Departementet kann skyna, at det er ikkje reint burt i Veret gjort aa autorisera, men at det i vedkomande Bygd iallfall er ei aalvorleg Meining um aa freista paa Innføringi.

 

Anten dette Vedtaket vert gjort av Heradstyret, av Husfedrarne paa ”Menighedsmøte” elder av Folkemøte, som ein kann vona gjev Uttrykk for Stemning i Bygdi, so hev me all Grunn til aa tru, at Departementet strakst vil taka seg frami Saki og gjera det som trengst til Godkjenning.

 

Difor vil me med dette mana upp alle gjæve Bygder, som held gode kristelege Salmar og norsk Maal kjært til aa taka eit aalvorlegt Upphavstak til aa fremja dette Maalemnet paa ein elder annan av desse tri Maatarne, som me her hev nemnt. 

 

Gjere Vedtak soleis: ”Til Kyrkjestyret! Lat oss faa ”Nokre Salmar” av Blix godkjende til Kyrkjebruk”.

  

Og sende so Vedtaket inn til Departementet og føre det inn i Bladi.

 

Serleg vil me uppmana dei gode Maalbygder i Telemarki, Seljor, Vinje, Laardal og Førsdal, at dei maa lata seg driva av si nasjonale Ære til aa verta dei fyrste som fører denne Bøni fram.

 

Berre ein Mann tek seg av det, trur me Saki vilde gaa gjennom i alle desse Bygderne i det minste.

 

Med bed alle maalvenlege og kyrkjevenlege Blad taka upp dette Stykkje.

 

 


Frå Fedraheimen 25.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum