Olav Grovhaug.

 

(Fædrelandsv.).

 

Den Mannen, eg her vil fortelja um, kjende eg væl. Far hans liver enno; han heiter Mikkel og er ein hendig Smed. Sin Fars Handelag hadde Olav ervt. Som ung Gut arbeidde han ei Stoveklokke, ho gjekk; men han hadde reiknad feil, so ho visad berre til 9. Det hadde han godt kunnat retta ei onnorgong, men eg trur ikkje, han prøvde paa det. Daa han vart vaksen, kunne han gjera, kva det skulde vera baade av Jarn og Tre. Han fekk seg ein Husmansplass, som vart kallad Grovhaug, difor vart han kallad ”Olav Grovhaug”. Han var uroleg av seg; han hadde ikkje Ro til aa standa jamt anten ved Smidjestabben elder Høvlebenkjen, difor dreiv han mykje paa med aa leite etter Reinsdyr og anna slikt ”Friluftsarbeid”. Han var ein Vaagehals; det fanst ikkje det det Ulende, der han ikkje torde ganga. Han arbeidde eingong paa ei Bru yver ei Elv, som heiter Farelvi. Der er ein fæl Foss, som kallast Rjukande; deryver skulde Brui vera. Daa Olav hadde lagt yver ein Stokk, gjekk han yver som ingjenting. Som Husmann hadde han si Slaattemark i Tør og Tyvlur, der ikkje andre torde koma. Um Vetren laut han draga Høyet heim, daa det ikkje var Raad aa koma der med Hest. Draga kunne han helder ikkje paa aalmen Vis paa Kjælke; han laut ”sloe”, som me kallar det, d. e. aa leggja Høyet paa Bjørkerislor, snøre det isaman med Reip, og so standa bak paa og styra, og det var ikkje aa spøkja med, daa det mangestader var so bratt, at det snarare gjekk i Lufti held paa Jordi. 

 

Eingong hadde det nær gjenget galet. Han hadde Høy uppaa eit Fjell, som me kallar ”Urevansfjellet”; han kunne ikkje bruka Kjælke, han laut sloe. Han hadde ein Mann med seg, men daa dei var ferdige og skulde utyver, torde han ikkje fylgja honom, for det bar nedyver bratte Bergveggjer, der Snjoen berre so vidt hadde fenget fest seg. Men Olav var ikkje rædd; han tvinnad Enden av Reipet um Haandi, for ikkje aa sleppa Taket, steig bakpaa, og nedetter gjekk det so Govet stod um honom. Daa han var komen eit Stykkje, svingad Sloen um, og Kant yver Kant valt han nedetter, og Olav, som hadde tvinnat Reipet um Haandi, fekkje sleppa Taket; stundom var han under, stundom uppaa. Endeleg stansad det, og underlegt nok, han var uskadd, og han lærde aa ikkje tvinna Reipet um Haandi, men halda det laust, so han kunne sleppa Taket, naar det leita paa. So var det eingong, han skulde henta noko Høy, han hadde paa eit Fjell. Han hadde tvo Karar med seg; den eine var ein ung Gut, som heitte Hallvard, han hadde Hest med; den andre heitte Gunnar. Dei var mange i Selskap; komne solangt, at dei saag, der Høyet var, og der dei skulde nedyver, avtalde alle han ifraa aa fara der. Han skulde helder gjera ein Umveg, so kunne han koma med Hest burtaat Høyet. Men Olav totte, det vart for lang Veg. ”Ja eg torer ikkje standa paa Sloen”, sagde Gunnar og saag upeptter den hengjande bratte Lidi, øst i Skaret var ein Skavl, bratt som ein Stovevegg og lutande utyver. ”Nei du tarv ikkje, eg skal gjera det sjølv”, sagde Olav stutt. Det vart daa so, at Gunnar skulde vera med og bera upp dei Rislurne, som Høyet skulde leggjast paa. Hesten laut setjast etter nedunder; medan Olav og Hallvard stellte med honom, gjekk Gunnar oppetter. Daa han kom uppunder den nemnde Snjoskavlen, laut han slaa Krok for aa koma uppyver. Olav og Hallvard var daa nedi brattaste Lidi. Daa Gunnar var komen uppaa, gjekk han etter Skavlen og hoppad for aa prøva Føret, _ _Snjoen klovnad millom Føterne hans; han fekk kasta seg paa Sida, so han inkje fylgde med. Det høyrdest som hard Vind; det var so tjukk Føyke, at han saag ikkje av Staden. Um eit Bil vart det stilt, Føyka lagde seg, og Soli skein paa Skreda, som laag tjukk og tung nedunder Lidi; der er Snjostykke so store som Hus. Gunnar sprang huvande nedetter, han skynad, at hans Kammeratar maatte vera under Snjoen. Der var Folk nordanfyre, som saag, daa Skreda gjekk, og dei kom so fort, dei kunne.

 

Dei leitad, um dei ikkje kunne sjaa, at det rørde seg under Snjoen, og der gaadde dei noko, som strævad med aa koma upp. Dei sprang til og skjørde, - det var Hesten; dei fekk han ikkje upp, fyrr han var daud. Olav og Hallvard kunne dei ikkje finna. Ein reiste heim for aa henta meir Folk; der kom fraa mange Gardar. Daa var det ikkje lenge fyrr dei vart fundne. Dei laag eit lite Stykkje ifraa kvarandre. Olav hadde eit Lummeur, det hadde ikkje stansad; men hans Hjarta hadde stansad, - Bringa var innklemd. Den andre hadde og døytt; han var einaste Son til ei Enkje.

Hylestad i Sætesdal den 30te mai 1887.

 

 

Aanond O. Rysstad.

 

 


Frå Fedraheimen 25.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum