Ymist.

 

 

Ein fælande Skogbrand  byrjad Natti til Sundag i Sande (Vestfold). Det bles hardt baade Sundag og Maandag og Elden spreidde seg snart lange Vegjer, so at det t. D. Tysdag brann ei halv Mil. 


Vinden gauv paa heile Tidi, og daa alt var knakande turt, for Elden ofte so snøggt fram, at Bergingsfolket maatte lata etter Økser og andre Reiskap og renna burt for ikkje sjølv aa brenne upp.

 

Det vart sendt Militærfolk baade fraa Kristiania og Horten. Saman med Sandefolket arbeidde dei idug paa aa hogga Gatur for aa hindra Elden. Det saag lenge vonlaust ut, men no hev dei vortet Meistrar yver han.

 

Det hev brunnet upp ikr. 25000 Maal Skog og mange, som sat regtug godt i det, er det no reint ute med.

 

Det hev stilnad med Vinden paa det siste. Men tek det til med han att og kjem det ikkje Regn, so kann det endaa koma til aa sjaa stygt ut.

 

Tronge Tider. Paa Youngstorget stod det Jonsokeftan ein heil Skog av Ungbjørk. Dei fekk 5 Øre for ei væn, høg Bjørk. Hadde ho stadet i 20 Aar, hadde ho voret værdt minst 2-3 Kronur. 5 Øre og Rente og Rentesrentur av dei i 20 Aar vert snadt 20 Øre. – Det er tronge Tider, og Bonden hev ei hard Knipe no, fyrr han fær noko i Venda.

 

- Men hutte meg tu kor breid Tankeløysi  au er. Me veit nok det, at Bjørkeskogen kannvera so tett, at det trengs aa hogga undav, men dei Stader er sjeldfengde, og endaa er dette for galet.

 

Tora  slog ned i Haland i ei Løda, som brann ned heilt til Loftesteinarne. Løda var ikkje assurerat. Noko Liv hev me enno ikkje høyrt, ho hev teket.

 

I England er det fælt med Staak no um Dagarne. Dronning Viktoria hev iaar voret Dronning i 50 Aar, og dette tykkjer Engelsmennerne er so reint ovstort, at dei knapt veit, kva Fot dei skal staa paa. Viktoria hev voret ein gild og lagleg Styrar, som hev teket mot si Løn og bøygt seg fint etter Folkeviljen i Politikken, so Landet ingen Grunn hev havt aa vera misnøgd med ho. Og fraa 1837-1887 hev England gjort store Framstig paa alle Leider. Viktoria var 18 Aar, daa ho vart Dronning og ho skal vera so svært husleg, at det enno skal vera sagt, ho for Skuld det godt kunne vera gift med ein Arbeidsmann.

 

Den irske Tvangsloven er no vedteken i Stortinget. Dei hadde haldet paa med han i lang Tid, og det kom ei sovori Mengd Brigdingsframlegg, at det saag seint ut fyrr han kunne verta ferdug. So vart det vedteket at alle Brigdingar, som ikkje var avgjorde til den 10de Juni skulde verta avgjorde daa. Paa den Maaten gjekk Loven gjennom den Dagen.

 

 


Frå Fedraheimen 25.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum