Det ser ikkje

 

ljost ut i Politikken vaar no. Ei større Røre hev det vel aldri voret. Det kann ikkje lenger halda paa soleis.

  

Alle er einige um, at Styringi hev boret seg galet avstad. Ho burde ikkje, naar Fleirtalet i Vinstre var so beint mot det, sett fram desse Kyrkjelovarne sine, som ho lett kunne sjaa ikkje vilde vinna gjenom og som berre vilde tena til aa skilja Vinstreflokken. Hadde ho ikkje gjort det, so hadde ho sluppet dette Uføret, ho no er komi uppi.

 

Det kann ikkje negtast, at det maa vera leidt for Styringi soleis som Stellingi no er. Verre kunne ho ikkje voret i det.

 

Men no er ho det eingong.

 

Spursmaalet um, kva ho burde gjort elder ikkje, er det no for seint aa dryfta. Det, det no spyrst um, er, korleis ho skal bera seg aat for aa faa rettat noko paa det laake Forholdet. Me trur ikkje noko paa all denne Tale um, at det ikkje let seg gjera aa faa Vinstre samlat att. Me trur, at Vinstre som Parti enno hev so mange Saker, som kann samla, at no, daa Kyrkjelovarne er ute av Soga, kann det ikkje vera Uraad med det.

 

Men det er ein Ting, som maa til: Jakob Sverdrup maa ut og Steen inn i Styringi. Vert ikkje det gjort, so vert det ikkje det rette Sambandet millom Vinstre, det me skynar.

 

Det er ikkje Tvil um, at Jakob Sverdrup er god til sitt. Som Prest er han ein framifraa greid Kar. Men i Styringi høyrer han ikkje heime. Han hev synt so altfor væl, at han ikkje høver til den Plassen, han hev fenget. Han skal vera ein greid Kar i Departementet sitt; men han hev det altfor annvint med desse Kyrkjegreidurne sine til at me kann lika aa sjaa han lengre der. Me hev longe fenget nok av han.

 

Dei tvo Bladi Folkets Avis  og Kristianiaposten fortel, at det ikkje let seg gjera. Anten fær heile Styringi gaa elder ogso heile sitja. Jakob Sverdrup kann ikkje gaa aaleine, daa dei andre er likso andsvarlege som han.

  

Ein sovoren Tale kann me ikkje fata. Det er visst ikkje eit einaste Menneskje i Landet, som trur, at det hadde vortet so mykje Ugreide av det, um ikkje Kyrkjelovarne var sette fram, og Kyrkjelovarne var ikkje komne fram, um Jakob Sverdrup hadde voret ute or Styringi.

 

Som sagt: den einaste Vegen, me ser, er aa lata Jakob Sverdrup gaa av. Er det noko Mot og Mannskap att i han, so gjer han det og.

 

 


Frå Fedraheimen 02.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum