Fraa Tinget.

 

 

Ullmann  paapeikad i fyrste Fyredraget sitt, at Høgrepolitikk og Umvøling i Statskyrkja høyrde saman. Difor var det Høgrepolitikkarar, flestalle av dei, som arbeidde for desse. Det var berre ein og annan Vinstremann som t. D. Chr. Bruun millom dei. Hertzberg hadde ogso sagt, at desse Umvølingar var meir naudturvelege no, daa me hadde fenget ein ny Riksskipnad. Difor var ogso Folkestyret mot dette Framlegget og det var ikkje ein einaste Vinstretingmand, som vilde røysta for det. Striden vilde i Tinget koma til aa staa millom dei laagkyrkjelege og det Partiet, han høyrde til; og som han vilde kalla det breid  kyrkjelege. Det galne ved dei laagkyrkjelege var, at dei vilde stengja ute i staden for aa vinna, medan derimot Fleirtalet vilde halda paa den Statskyrkja, me hev, og ved frilynde Brigdingar i den eine og andre Vegen hjelpa Medlemerne til aa skilja seg ut fraa kvarandre, so at Statskyrkja elder Folkekyrkja, som ho daa vilde koma til aa heita, vilde verta samansett berre av personlege kristne. Naar Bjørnson ifjor hadde skrivet, at det var Skam aa vera Kyrkjestatsraad, so trudde Tal., han hadde like so stor Urett i det, som naar Haugland hadde sagt, at dei Røysterettsreglar, Fleirtalet hadde sett upp, var ei Skam¹). Det galdt her um aa faa ei betre Statskyrkja og bruka sine Evne til aa faa inn meir Trus- og Samvitsfridom i Landet. Det var dette, som var byrjat med i Kyrkjenemndi sitt Framlegg. Fyrr Tal. gjekk nærmare inn paa dette, vilde han greida ut, kva Statskyrkja var og korleis ho hadde vortet det, ho var. I dei 300 Aari, ho hadde vore til, hadde det paa den eine Sida voret arbeidt paa aa sikra seg, at Prestarne heldt seg til den Augsburgske Truesvedkjenningi og paa den andre Sida syrgjad for, at denne reine og uforfalskad Læra maatte verta preikad for alle  i Staten. Det vert syrgjat for aa uppretthalda Einskapen, og det var fyrst, daa me fekk Dissentarloven vaar, at det vart tilletet dei sertruande aa gaa ut av Statskyrkja. Med denne Loven byrjad Sprengningi av heile det statskyrkjelege Tvangsherredømet. Hadde det kongel. Framlegget fylgt denne frigjerande Retningi, so hadde det sett seg paa Dissentarlovens Standpunkt; medan det som det no var lagat, stellte seg paa Statskyrkjegrunn. Dette var i Ættskap med Kalvin si læra, som gjekk ut paa aa trengja utor Kyrkja dei Folk, som ein ikkje tykkjer høver der. Likeins var det i Ættskap med den Tanken, som er so aalmenn no for Tidi, naar det vert sagt, at den og den er ein god Kar, berre han ikkje var Fritenkjar. Det var mange, som totte det var noko reint styggt aa vera ein openbar Fritenkjar. Difor var det i Framlegget utpeikat dette, ”at man ikke aabenbart  maa have brudt med Kirkens Tro”. Det var um dette, Grundtvig i 1849 hadde sagt, ”at den Slags Bestemmelser var at udsætte en Præmie; en Belønning for Uærlighed og Hykleri og at lægge Straf paa Ærlighed og Sanddruhed; det var at lokke til sig de samvittighedsløse og feige og støde fra sig de ædle, modige og kraftige Naturer”. Og til dette var det i det danske Stortinget ropat: ”Det er kristeleg Tale, høyr han!” Fleirtalet sette seg mot denne Tankegang. Dei saag likeso fullt som dei andre, kor galet det Forholdet var, at Statskyrkja skulde roma alle, dei var likeso visse som dei andre paa, at ein kristen Kyrkjelyd ikkje skal, ikkje kann og ikkje bør vera samansett av andre en dei, som friviljug sankad seg ikring den kristne Menigheit si Tru. Men det, som skilde Fleirtalet fraa det kongelege Framlegget var, at dei vilde at Skilnaden millom Kristne og Vantruande skulde gaa for seg paa friviljug Veg. Til meir personleg ein stod i sitt Truesforhold til meir vilde ein fatta det gamle Ordet, at der Herrens Aand er, der er Fridomen og. Kyrkejdørsoningi skulde vera aa gjeva dei Folk, som hadde eit personlegt Aandsliv, Høve til aa sanka seg saman i sovorne frie Menigheiter, at det litt etter litt kunne koma fullt utviklad Menigheiter, budde til aa taka mot ein Valmenigheitslov og som i Valmenigheiterne saag ein Veg til verkeleg Fridom, eit Midel til aa frigjera seg heilt fraa Staten. Kom fyrst dette inn hjaa Folket, vilde den eine Tvangsloven etter den andre falla burt. Var det Meining i dei Røysterettsreglar, som var sette upp i det kongelege Framlegget, so maatte dei Folk, som vart utestengde, ogso verta fritekne for alt Utlegg til Kyrkja. Han visste nok, at naar dette vart sagt, so berre lo ein aat det. Men det var ikkje noko aa læja aat. Det var daa noko snodig dette, aa vilja taka Pengar av Folk, ”som aabenbart har brudt med Kirkens Tro eller vitterligt lever et lastefuldt Liv”. Kva skulde det vel vera i Vegen for, at alle dei, som fekk vera med aa løna Presten, ogso fekk vera med aa velja han. Presten er ikkje anna nen ein Embættesmann lønat av oss alle. Det var paa tvo Stader stor Skilnad millom Framlegget fraa Riksraadet og fraa Fleirtalet. Det fyrste var, at Regjeringsframlegget vilde bruka Statens Midlar og Statens Magt mot dei, som ikkje er kristne og dinæst at det vert sett upp geografiske Grensur for, kva Menigheit vera skulde. At Fleirtalet hadde faret vist aat ved berre aa taka upp desse tvo Lovar synte seg ved det, at paalag alle Tingmenn var samde um, at desse burde koma. Sjølv Høgre hadde teket dei med, daa dei skynad, at ellest vilde alt vera vonlaust. Til Slutt synte Tal., at den Vegen Fleirtalet hadde sleget inn paa, var den rette lutherske.

 

Saxebar imot Ullmann. Naar denne vilde, at det skulde verta gjort frigjerande Umvølingar, so at dei, som ikkje var nøgde, kunno skilja seg ut, og det til sist berre vilde vera sanne Kristne att i ho, so vilde dette visseleg verta ei Utskiljing, men soleis at det vart dei Kristne, som gjekk ut. Det var mogelegt, at dette vilde verta den historiske Vegen: men Tal. totte ikkje Kyrkjefolket burde arbeida for det. Han vilde ikkje arbeida for Frikyrkja; men var helder ikkje rædd um ho kom. Kva var ei Statskyrkja? Sume meinte, ho ikkje var nokor Kyrkja og andre, at ho berre kunne vera til, naar ho var slik, som ho er hjaa oss. Baae desse Meiningar var galne. Statskyrkje var ei Samanbinding av Stat og Kyrkje, men soleis, at baae var sjølvstendige. Staten hadde ikkje Rett til aa preika kva Tru som helst. I § 2 i Grunnloven var det sagt, at det var den lutherske Trui, som skulde preikast, og vart ikkje det gjort, so syndad dei mot denne §en.

 

Jakob  Sverdrup  hadde heile Tidi, sidan han kom so langt, meint, at det kyrkjelege Umvølingsarbeidet hjaa oss ikkje gjekk so godt som det kunne, avdi det vart teket altfor mykje paa Skulevis. Ein laut taka Spursmaali etter kvart som dei kom og difor hadde Prestvalet voret det, han fyrst hadde sett fram Forslag um i 1878. Endaa det ikkje var nokon lovleg Rett til det, freistad Menigheiterne aa faa Innverknad paa Prestvalet. Det var komet so langt i den Vegen no, at det var oftare det fyrelaag ein Søknad fraa Menigheiti enn det ikkje gjorde.

 

Motburden hadde likeins vortet mindre etter kvart. Etter at ha synt, kor naturlege og endeframme desse tvo Kravi var, heldt han fram, at Menigheiterne maatte hava eit Utval. Dette hadde Fleirtalet og maatt godkjenna med det det hadde fyresleget, at ved Prestval skulle det veljast eit Utval berre for denne Gongen. Ved Kyrkjedøropningi hadde det derimot, daa denne vilde verta tidare brukat, sett upp eit fast Utval – Presten og tvo Lægfolk. Det var sagt, at desse var dei vigtugaste Kravi. Naar desse var avgjorde fekk ein taka dei andre Spursmaali etter kvart som dei kom. Dette hadde han i Grunnen inkje mot. Fekk dei skikkelege Røysterettsreglar, hadde han inkje mot aa gaa med paa ein Prestvalslov og Kyrkjeopningslov. Men han trudde det vilde vera det beste aa ha eit fast Utval. Han vilde ikkje leggja Hovudvigti paa, at Utvalet fekk eit og anna mindre Arbeid aa gjera. Hovudsaki var, at Menigheiti fekk eit Organ, so det vart Raa daa finna ho, og so Kyrkjestyret og den einskilde Menigheiti kunne koma i Samband med kvarandre. Ei sovori Ordning totte han var folkeleg, og ho vilde setja eit Skil upp mot kyrkjelegt ”Byraakrati, Klerikalisme og Hierarki”, Samanrøringi millom Stat og Kyrkja hadde voret til Skade. Men no var Tidi komi til aa arbeida paa aa skilja desse tvo Samfundi aat, so dei meir og meir kunne verka etter sin Natur. Difor galdt det um aa agta seg for aa koma med noko Samband, kor breidt og folkelegt det so var, for det var Bakstræv. Men daa maatte det ordnast soleis, at det vart klaart, at Menigheit var eit og Kommune eit anna.

 

Etter at Riksraaden so hadde haldet ei Lovtale yver Menigheitsraadet og freistat aa syna, at Fleirtalet i sitt framlegg helder ikkje hadde voret god for aa koma yver dette, gjekk han laust paa Røysterettsreglarne. Vilde dei taka all kyrkjeleg Farge burt fraa desse, kunne Talaren ikkje sjaa anna enn eit Aagrip paa Kyrkja i det. Um ikkje ellest, so maatte det syna seg der, at Stat og Kyrkja var tvo Samfund.

 

Bonnevie  rettad eit Mistak av Riksraad Sverdrup med Avsyn paa Mindretalet si Innstilling.

 

Vexelsen  verjad Fleirtalet sitt Framlegg, medan Arnesen  og Balchen  heldt paa Mindretalet sitt.

 

Dette var Laurdag. Maandag og Tirsdag vart det og haldet Møte i Tinget, der fleire hadde Ordet. Men Onsdagen kom det merkjelegaste av alt. Statsministar Sverdrup  heldt den Dagen ein lang Tale, som hev vortet mykje umtalat og som nok kom som kaldt Vatn yver mange. Sverdrup er ein klok Kar, som ikkje plar stansa paa Halvvegen. Difor nøgde han seg ikkje med Menigheitsraadet aaleine; men gjekk like so vidt i Brigdingstankarne sine som dei høgkyrkjelege nokor Tid hev gjenget. Me kann ikkje berga oss, men lyt taka med ein og annan Biten av Talen hans, so Lesaranne sjølv kann sjaa og døma:

 

(Del 1 av 2.)

 

Jeg har ønsket og villet det kgl. Forslag om Menighedsraad og Menighedsmøder; eg har arbeidet med derpaa; jeg har givet det min Stemme i Statsraadet og indstillet det til Hs. Mai. Kongen. Ligesom jeg saaledes deler fuldt Ansvar med mine Kolleger, saaledes finder eg mig opfordret til at sige nogle Ord om mit Forhold til enkelte af Sagens Hovedsider, uanseet den udførlige Redegjørelse, som er leveret af DHrr. Statsraad Blix og Statsraad Sverdrup. Eg vil begynde med Begyndelsen. Jeg maa sige, at jeg gikk du ifra, at Kirken tiltrængte en Organisation i vort Land, og at det var Gjenstand for manges Arbeide og Ønsker. Men eg hører nu, at det skal være Tilfældet, at Kirken ikkje er rigtig modtagelig for Organisationen, at der er stor Grund til at tvile om, hvorvidt det er hensigtsmæssigt, at der anordnes en saadan for den. Jeg er derfor nødt til at stanse lidt, forinden jeg gaar videre, ved dette Punkt. Hr. Præsident! jeg blev lidt overrasket; thi den Sag, hvorom der her handles, har været behandlet paa Storthingene i 1857 og 1859, og paa begge Thing blev der taget Beslutning af Odelsthinget om Oprettelse af Menighedsraad; men jeg hørte ikke en Ytring om det, at Kirken ikke skulde egne sig for Organisation. Overhovudet, der blev ikkj bragt ind i Debatten nogen Tvil, hentet fra nogen Betragtning i den Retning. I 1869 vedtog det samlede Storthing en Lov om Menighedsraad og Menighedsmøder, og visselig var der da forskjellige Meninger oppe i Debatten, som rimelig kunde være, jeg kan næsten sige, som nødvendig maatte vise sig; men jeg hørte ikkje den Indvending, at Kirken ikke skulde være modtagelig for en Organisation, en Organisation fra dens Menigheder af og opover til den hele Kirke, der skal repræsentere Menighedernes Menighed, Landsmenigheden i det store. Kan der overalt være nogen Tvil? Kirken er og skal være et Samfund med Interesser, Opgaver, Kaldelse, aandelig Magt og en vid Virkekreds af høieste Betydning i og for sig sjølv. Den har derfor et uafviseligt Krav paa en samfundsmæssig Ordning; elles bliver den intet virkeligt Samfund. En Kreds af færre Individer kan affinde sig med hinanden og opnaa fælles Formaal uden at bekymre sig videre om Former. Men, Hr. Præsident! et frit, større Samfund, kan alene selvstyres gjennem valgte Organer, der er udrustede med Myndighed og undergivet Ansvar. _ _ _Jeg tror ogsaa at kunne konstatere, at jeg her taler ud af en Erfaring, der maa falde for enhver med stor Vægt. Da man i Danmark gikk over til at ordne sig for et friere Samfundsliv i alle Retninger, i Stat som i Kirke, blev der i Rigets Grundlov bestemt, at ”den evangelisklutherske Kirke er den danske Folkekirke og understøttes som saadan af Staten”, og i en følgende § heder det: ”Folkekirkens Forfatning ordnes ved Lov”. Danmarks nationale Kyrkje, der omfattes med saa megen Styrke, er altsaa sat i en Forbindelse med Staten, som er af stor Betydning. Den skal understøttes, heder det, og det bestaar ikke alene deri, at Rigets Regent skal bekjende sig til dens Lære, og at den understøttes med Penge; men Staten sørger for, at hele Undervisningsværket er væsentlig lagt an paa at udbrede Kjendskab til den evangelisk-lutherske Lære, og at bringe den til Forstaaelse og Kjendskab hos Folket. Staten har bundet dens Ordning til Statens Love; det er kun inden Statslovenes Ramme, at Organisationen er fritstillet for Kirken. Den er kaldt Folkekirke, og jeg vil sige, at mit Maal er, at vor evangelisk-lutherske Kirke maa blive en Folkekirke. _ _ _Et Par af Danmarks mest agtede Theologer har sagt med Hensyn til denne Ordning, - det er Clausen og Martensen – at ”ingen kan være mere gjennemtrængt, end vi er det, af Overbevisning om Nødvendigheden af Grundlægning af en kirkelig Organisation, naar Folkekirken i Danmark ikke skal gaa sin Opløsning imøde, og Staten skal kunne undgaa de Rystelser, som i Tiden vil blive nødvendig Følge af kirkelig-anarkistiske Tilstande”. Hr. Præsident! Det er den Skjæbne, der her er peget paa, som man vil forebygge ved at give den norske Statskirke, som skal og vil blive den norske Folkekirke, en Organisation, som svarer til dens Væsen og er forenelig med Samfundets Interesser paa andre Felter._ _ _I Sverige har man en Statskirke. Det er bestemt, at den rene lutherske Lære, efter den augsburgske Bekjendelse og Uppsalamødets Beslutninger af 1593, skal være Grundlag for Sveriges Statskirke, og derfor skal Sveriges Regent bekjende sig til den. Den er helt igjennem – og i langt større Omfang end her tilsigtet - - organiseret som Statskirke; det maa enhver, som har beskjæftiget sig med Spørgsmaalet, vide. _ _ _ Jeg tror ikkje, der skal kunne paavises udenfor vort Land et eneste Land med evangelisk-luthersk Bekjendelse, hvor Kirken er knyttet til Staten, uden at det har en Organisation for denne same Statskirke fra øverst til nederst – eller, om man heller vil, frå nedst til øvst. _ _ _ Da jeg opgjorde min Mening om, hvorledes Sagen rettelig skulde anlægges, kom jeg til det Resultat, at efter hvad der tidligere var forefaldt i dette Land, eftersom Forholdene, saavidt min Opfatning strakte sig, forelaa, var det rettest at begynde med en Ordning af Menighedens Forhold. Men jeg erklærede udtrykkelig, da jeg første Gang behandlede denne Sag, at det var for mig som mine Kolleger en Begyndelse, og at paa det Grundlag skulde der bygges videre. Jeg gav mit Program, Hr. Præsident, paa et Møde, som er noksom omtalt. Jeg sagde da i Anledning af den her foreliggende Sag: ”Menigheden er det Grundlag, hvorpaa der alene med Sikkerhed kan bygges, og et sandt Menighedsliv er den høieste Udfoldelse af det kristelige paa Jorden. Menighederne har en ufortabelig Ret til at have en vægtig Stemme ved Valget af sine Præster; alle gode Vidnesbyrd taler derfor. Det er Menigheds-Repræsentationens skjønne Opgave at give Samfundsaanden inden Menigheden Styrke, at løfte Menighedens Syn paa de aandelige Ting og at varetage dens Tarv inden dens hegnede Livsomraade”. Det er fremdeles mit Program, Hr. Præsident, som jeg ikke agter at fravige. I hvilket Forhold jeg vil stille Spørgsmaalet om Menighedsraad til en Ordning for Kirken i det hele, skal jeg senere komme tilbage til. Idet jeg knyttede min Organisationstanke til Menighederne, saa forelaa naturligvis Spørgsmaalet om Anordning af en Repræsentation, der havde Fuldmagt og Autoritet til at besørge Menighedens Anliggender, saa langt, som man fandt det rigtigt at bestemme det, og saa langt, som det kunde ske, uden at der skede Indgreb paa andre vigtige Samfundsfelter. Og saavidt jeg kan skjønne, er man allesammen enige om, at en Repræsentaion af Menighederne bør finde Sted. Vistnok synes den af Komiteflertallet kun at være tænkt anvendt for Leiligheden; men naar man for hver Leilighed anordner en Repræsentation, saa bliver det sluttelig en Repræsentation for det hele – og det en Sum af Repræsentation, som vil vise hen paa, at man nok bliver nødt til at sammensmelte disse Repræsentationer, baade for at bringe Enhed, for at lette Byrder og for at erhverve en bedre og værdigere Tradition i det hele. Dog – siden mere derom! Skal man have en Repræsentation for Menighederne, saa tror jeg, at den ikke bør blive anordnet for Leiligheden, men at den bør blive varig eller staaende. Jeg skjønner ikkje rettere end, at det sidste er ubetinget at foretrække. Vil man først en Ordning for Menighederne paa deres egen Grund og efter deres Væsen, saa forekommer det mig i alle Maader at være heldigst og mest praktisk, at Myndigheden betroes til staaende Udvalg, viss Medlemmer vexler ved Valg efter passende Mellemrum. Man bør vel – skulde jeg mene – søge at udnytte Repræsentationens eller Repræsentanternes Dygtighed, Indsigt og Indflydelse saa udstrakt over Menighedens Anliggender, som andre afgjørende Hensyn tillader, - med andre Ord. Repræsentationen bør være et staaende Organ til Teneste ved forefaldende Anledninger. Det er dertil min Overbevisning, Hr. Præsident, at naar man faar en blivende Repræsentation, saa vil Valget af denne Repræsentations Medlemmer blive heldigere; der vil inden Repræsentationen danne sig gode og værdige Traditioner. Befatningen med Hvervet gjennem Aars Løb vil belære Repræsentanterne, utvide deres Synskreds og gjøre dem mere skikket for deres Opgave, og derfor ogsaa medføre, at deres Afgjørelser faar større Vægt inden Menigheden og inden den hele Kyrkje.

 

(Framh.)

 

Seint Laurdag Kvelden vart det Avrøysting. Det var sett fram ei Mengd Framlegg. Fyrst Regjeringi sitt, so dei tvo fraa Kyrkjenemndi, so eit fraa Fløistad um Yversending til Styringi av alt saman med Paalegg um aa utarbeida eit Framlegg um Prestval og Kyrkjedøropning til næste Aar, og endeleg eit fraa Holmesland um aa senda alt attende til Styringi og so faa denne til aa senda det rundt til Heradstyri i Landet. Alle desse Framlegg vart vrakat. Verst gjekk det Regjeringi sitt, som berre fekk ei Røyst.

Tirsdag hadde Stortinget for seg Kiellandssaki. Etter eit litet Ordskifte tok dei fraa han dei 1600 Kronur med 58 mot desse 54 R.:

 

Daae, Dieseth, H. E. Berner, Staff, Krogh, Sparre, Bendixen, C. Berner, Hæg, Blehr, Juel, Konow (S. B.), Saakvitne, Sveinsson, Rinde, Thomesen, Ullmann, Egge, Sørum, Blekastad, W. S. Dahl, Mustad, Løvland, Johansen, Akre, Glestad, E. Torp, Engelhardt, Konow (H.), Govrud, Lange, S. Nielsen, Havig, Wist, Otto Holm, Andersen, Olafsen, Castberg, Hjorth, Lien, Sørensen, Steen, Fosse, Moursund, Holst, L. Bentsen, Wexelsen, Soelberg, Qvam, Reitan, Sæter, Frilseth, Leer og Jacobsen.

I dag (Torsdag) maatte Astrup gjeva Greide for seg, kvifor han hadde utnemnd nokon Formann for Jarnvegsgranskingarne og likeins um noko anna ved Jarnvegarne. L. Smitt  og Rinde  kom med Spursmaali.

 

 

¹) Haugland negtad i talen sin Fredag var, at han hadde brukt Ordet ”Skam”.

 

 


Frå Fedraheimen 02.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum