Me maa alle hjelpa til.

 

 

(Firda og Sygnaf. Avis).

 

Me liver i ei Boktid, i ei Tid, daa her vert skrivet og leset som aldri fyrr. Lesehugen er stor, og det treng han minsanten vera. For det meste av Rettleidingar og av heile Tidarlivet lyt ein faa hjaa Skribentarne. No vert det meir og meir ei Trong hjaa Menn og Kvinnur til fylgja med so godt som mogelegt fraa alle Leider, te livamed i det store Tidarlivet.

 

Og daa treng ein nok bruka seg, for Tidi liver mykje no, og det kjem Fart i Folk paa mange Maatar.

 

Sjaa i Bokheimen! Naar saag nokon slikt fyrr? Bøker og Blad av alle Slag kjem ut i mengdevis, strøymer til alle Stader av Landet og til alle Samfundsklassar. Og det maa ein gleda seg yver, at det ”livnar i Lundar”.

 

Men me Maalmenner, som ikkje kann koma ut or ”Taapeligheten”, kann ikkje gleda oss som dei ”vise” maa kunna det, korso. For naar me ser, at det allermeste av denne Flaum er unorsk og framfor alt dansk i Bunad, daa gret det i oss og kjennest som Sorg for Bringa. For me kjenner og veit, at Livet kunne vortet rikare, Utviklingi sunnare og heilare og Folkekrafti sterkare, um me hadde fenget det so gildt som dei fleste andre Kulturfolk, fenget fylgt med i vaart eiget Maal.

 

Djupt inne hjaa oss lever ein Grunntone, den norske Hug. Og den Tonen maa me ikkje øyda, for han er av det dyraste, me kann nemna.

 

Du hev vel kjent, kor han liver mang ein Gong, t. D. kor det sitrar sælt i deg, naar du høyrer god norsk Tale! Men han klunkar i Misljod og dovnar, etter kvart som det vantar paa norsk Maal, og ein lyt lesa og høyra det danske.

 

Maalsansen forkvaklast, Øyra dovnar for dei heimlege Tungeslag, og Tunga misser dei.

 

Daa hev ein tapt mykje som Nordmann. Men korleis skal me berga oss. Me maa fylgja med i Tidi. Og daa maa me lesa, lesa mykje. So stødt og stendig te krypa inn i Dansken igjen. Og ei Trong syg sterkare og sterkare for Bringa. Den, som kunne faa fylgja med i sitt eiget Maal! Den, som ikkje berre fekk høyra det daglegdagse, men Tidartankarne, det store Liv i Mannaheimen boret fram i dei heimlege, barnakjære Tonar!

 

Og kvar Gong me ser ein gild Mann staa upp rak og kjækk og talar vaart Maal, daa vert me glad i den Mannen for Livet.

 

Me hev vel alle høyrt Oddmund Vik. Og er alle glad i han og, meiner eg. Og nokre andre sameleis.

 

Og mang ein rundt heile Landet hev vel kjent, at dei beintfram elskar vaar store Arne  Garborg. Han hev meir enn nokon annan i den seinare Tid ofrat seg for Maalarbeidet. Og skrivet Maalet vaart makalaust, betre enn nokon annan.

 

Og me saag ljosnande Blink av det vaknande Nord. Kjende Krefter strøyma fram i oss til hugstore Maal. Kjende Fedraaandi livna sterk i oss. For det er makalaust styrkjande dette aa sjaa sitt eiget forfalne lyft til Æra, til Vænleik og Styrke, og ein gløymer aldri han, som er attanum, ”er Bevægelsens første Mand”.

 

Fær ein ’kje Hug te gjera noko sjølv og, naar ein ser slikt? Eg tenkjer det. Og, Vener, me maa  gjera noko kvar og ein. Me maa aldri gløyma, at me bør  gjera noko, og at me kann  gjera noko. Hev me berre det rette Hjartelaget. Ein gjer mykje med eit godt Hjarta. Men lat oss faa det klaart for oss, um me hev dette Hjartelaget. So me ikkje dinglar som nokre Likesælingar gjennom Livet og gjer meir Skade med det enn med noko anna i denne som i alle andre Saker. Me maa adla oss her som ellest. Og er so Morsmaalet noko av det, me hev mest Hjartelag for, so skal me nok kunna gjera noko. Me skal ikkje skjemmast for aa bruka det baade med Munn og Penn, daa. Og me gjer mykje med det. Kunne me berre greida det. So mykje friskare, me vilde halda oss sjølv ved det, og!

  

Visse Maalmenn visar seg mest ved aa forfylgja og forkjettra dei gildaste og største Maalmennerne vaare, slik som ”En gammel Maalmand” i Framgang(i Framgang, ja!) og ymse Maalmenn i Vestlp. og andre ”gamle” Maalmenn.

 

Men soleis tenkjer eg ikkje, me skal vera Maalmenn og Framgangsmenn. Dei egtefær aldri Hug te forkjettra og tyna sine Vælgjerdsmenn. – Vener, me vil stydja dei  i Kjærleik og Takksemd! Daa hjelper me Slegterne framigjenom. Ved aa kaupa Bøkerne og halda Bladi aat Maalforfattaranne stydjar me dei. Ved det stydjar me oss sjølv med som gode Nordmenn!

 

Lat oss etter beste Evne stydja all god Gjerd! Og komande Slegter skal takka oss.

 

Stord, 11te Juni 87.

  

L. E.

 

 


Frå Fedraheimen 02.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum