[Kristiania, den 8de Juli.] Jakob elder Johan!

 

Me maa  hava Skifte i Regjeringi. Det gjeng ikkje an aa hava slikt Stell, som me no hev set det i Kyrkjesakerne.

  

Dei kyrkjelege Spursmaal er dei vigtugaste Sakerne, som no er framme, og difor ligg det so mykje Lag paa, korleis Regjeringi greider dei.

  

Det som me hev set av Regjeringi vaar i den Vegen, tykkjest visa, at ho korkje hev Mot elder Manndom til aa gjera noko, som munar i Kyrkjevegen.

  

Johan Sverdrup hev væl ikkje vaasat i nokor Sak, som han hev gjort i denne. Han hev stelt seg so, at baade Vinstre, Oftedøler og Høgre vert imot han, for han er so uheil og sundbytt vorten, at han ikkje hev noko heilt Program, men let seg tøygja til alle mogelege Sidur, vil gjeva alle mogelege Flokkar, alt ifraa Heuchs til Ullmanns det, som dei krev, vil semja alt dette usamde og motsette i ein sams Organisasjon.

 

Me trur det vilde vera det gagnlegaste, um Kyrkjespursmaalet no vart gjort til det einaste store Spursmaal, so at det vart utreinskat av Ministeriet alt som ikkje hev Mot elder Frisinn nok til aa vera med paa ein fullt radikal Kyrkjepolitikk. Johan Sverdrup, Jakob Sverdrup, Blix og Haugland maatte daa gaa ut og Steen laga eit nytt Ministerium.

 

Elder, og kannhenda ein kunne berga seg med det, Jakob Sverdrup maa ut av Regjeringi. Det er han, som hev øydelagt Statsministaren for oss, og det kunne alltid vera eit Røynande verdt aa sjaa, um han kunne støda seg til att, naar han kom ifraa Paaverkningi av Brorson sin, for Johan Sverdrup er so lidug og lett i Reiken, at han aldri hev noko sjølvstendig Program, som han vaagar alt paa, men gjev Tøyg og lagar seg etter Høvi, som han trur det klokast kann vera. Difor var han gild, daa han var i Stortinget og hadde Bønderne til aa stæla seg, og me tvilar ikkje um, anna enn at han hadde voret den same i Statsraadet ogso, soframt han hadde havt andre Karar med seg. Um han soleis hadde havt med seg Rektor Steen til aa leggja ut etter Grunnarne og Lensmann Øverland til aa eggja til Handling, so kunne det endaa kanskje henda, at Johan Sverdrup hadde voret ”same Guten og same Leiken” som fyrr.

 

 


Frå Fedraheimen 09.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum