[Kristiania, den 8de Juli.] Tinget

 

 

vart uppløyst igaar (Torsdag) Ettermiddag Kl. 3. Det hev sitet saman lengre enn noko anna, sidan me fekk aarlege Storting. Men so hev det ogso gjort større Verk au. Dei hev voret framifraa gilde til aa arbeida paa dette Tinget.

 

Fyrst og framst hev me no desse tvo Saker, Vinstre hev arbeidt paa i lang Tid og som var Valprogramet, Juryen og Hersaki. Baae desse hev Tinget vedteket og det vert altso ikkje lenge, fyrr me fær ein folkelegare Skipnad paa Retsstellet og Herstellet. Me er visse paa, at baae desse vil visa seg aa vera til Gagn for Landet og at Folket med Gleda minnast det Tinget, som vedtok dei.

 

Utanum desse Hovudsaker kjem det so ei Mengd anna Lovarbeid. Soleis Lov um Eigedomsretten, Vasdragsloven og ein ny Hypotekbanklov.

 

Det var difor ikkje aa undrast yver, at Tinget trengde meir Tid enn vanlegt.

 

I dei store Merkjesakerne stod Vinstre og Høgre paa kvar si Sida. Men det hev etter kvart synt seg, at den gamle Partistellingi ikkje lengre er aa byggja paa.

 

Oftedølspartiet hev paa det siste skilt seg meir og meir ut fraa det gamle Vinstrepartiet og nærmad seg Høgre baade i den eine og andre Saki. Det nyttar ikkje aa dylgja det lenger, at Vinstreflokken hev sprengt seg og at det for Framtidi er lite Von um, at han kann verta samlat att. Det oftedølske Trongsynet høyrer meir heime i Høgre enn i Vinstre.

 

Det var Kyrkjegreidurne, som valde mest Strid iaar. Det var godt, at desse kom fram. Det var godt, at Jakob Sverdrup fekk sjaa, at Tingmennerne ikkje er berre ein Flokk Born, som ein kann fara aat med som ein vil, men at dei krev full Greidleik yver alt, Statsraadarne gjer. Paa den Maaten lærer Statsraadarne aa vera andsvarlege.

 

Endaa tykkjer me, Tinget ikkje fullt ut hev gjort, kva det burde. Hadde det voret fullt parlamentariske Statsraader, me hev, hadde dei sjølve, etter at Kyrkjeframelgget deira var vrakat, krevt eit Tillitsvotum av Tinget. Men daa det synte seg, at dei ikkje tenkte paa aa gjera noko sovoret, so var det, etter vaar Meining, Tinget si Plikt aa gjera det, det kunne, for at ikkje det Fleirtalsstyret, me hev stridt so hardt for i so mange Aar, skulde verta burtskjemt. Medgjevast skal det, at det ingi lett Sak var, serleg etterdi Jakob Sverdrups Blad fortalde, at anten gjekk alle Riksraadarne av elder ogso ingen. Det vilde ikkje voret nokor lett Sak, serleg um Johan Sverdrup derved hadde komet til aa ganga av. Hans Namn er kjært for flestalle Vinstrefolk i Landet og um han enn paa det siste hev styrt inn paa ein Veg, han aldri hadde gjenget som Tingmann, og gjort mykje, som hev saarat baade den eine og andre Fridomsmannen, so kann nok enno Vinstre faa full Tillit til han att. Men sjølv um det ingi onnor Raad voret hadde, so burde Tinget gjort det, det kunne, for at me kunne fenget Greidleik vyer Stellingi. Det er myrkt baade framme og bak no. Hadde Tinget gjort si Skyldnad, hadde det visseleg vortet ljosare. Det kann vera væl nok aa taka ”Hensyn” baade her og der; men jamen kann det verta formykje av det og.

 

 


Frå Fedraheimen 09.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum