Ein Oftedølsk Siger.

 

Arne Garborg vart altso vrakat som Statsrevisor. Det vart sleget paa dette ifjor i Lars Oftedals og Jakob Sverdrups sanningsgranne Blad; men det var ikkje mange, som trudde, at det vart meir av det helder. Me trudde nok baade den eine og andre, at Oftedølerne gjekk med paa det; men at desse Folki orkad  aa gjera det aaleine, nei det visste me altfor væl. Men dei hev her som so ofte sigrat ved Høgres Hjelp.

 

Me kann forstaa, at Folk er mot Diktarløn aat Kielland og mot Diktarløner i det heile. Me kann forstaa, at Høgre og Oftedølerne ut fraa deira Livssyn ikkje vil vera med og stydja det, dei held for skadelegt. Dette kann me forstaa og me vyrder den Tankegangen. Men at ein Mann, som ellest er svært dugeleg, ikkje skal kunna vera Statsrevisor av di han ikkje er Oftedøl, ja det gjeng yver Forstanden vaar. Eller finst det Teft av Logikk i dette aa setja Klokkar Reierson til aa granska Statsreikneskaperne istadenfor Garborg, berre av di han ikkje hev same Meiningi som dei Oftedølske Tingmenner i Spursmaal, som ikkje vedkjem Reikneskap?

 

Me ser han ikkje. Kann andre sjaa han, er dei gode.

 

Daa Striden med Selmerstyret stod paa, hende det ein og annan Gongen, at større Pengefolk freistad paa aa tvinga Arbeidaranne sine til aa velja etter deira Smak.

 

Eitpar sovorne Tilfelle kom fram i Dagen og me hugsar væl, at Vestlandsposten  ikkje var den, som skreik minst upp. Han fann – og det med full Rett – ikkje sterke Ord nok til aa klandra ei sovori Aatferd med.

 

Men no for Tidi ligg Bladet so laakt, at det ikkje skjemst for aa vera med paa det same. For det finst ikkje eit Menneskje, som tvilar paa, at Oftedølerne hadde valt paa Garborg, soframt han ikkje hadde voret so hardhendt med Jakob Sverdrup og Puritangreidurne hans elder skrivet den siste Boki si, ”Mannfolk”. Aa segja, at dei valde etter saklegt Skyn, vil ikkje nytta. Ingen trur paa det, daa alle veit, at Garborg hev gjort sitt Arbeid so godt som nokon og at, soframt det var so naudturvelegt aa faa Reierson inn, so var det andre, som med betre Grunn kunne vortet kastat enn Garborg. Alb. Jakobsen t. D. Dette segjer me ikkje for aa klandra Jakobsen som Statsrevisor. Men var det naudturvelegt aa vraka nokon, so hadde det voret god demokratisk Sed aa vraka Folk, som tener store Pengar utanum. Det hadde daa iminsto voret ein Grunn.

 

Garborg treng ikkje vaar Verjing. Hans eiget Arbeid verjar han. Me hev teket fat paa dette, berre for aa syna, kva sjølvstenduge Folk hev aa venta hjaa Oftedølerne. Me hev teket det fram for aa syna, korleis deira politiske Moral er lagat og korleis dei ber seg aat med Folk, som ikkje er rædde for aa segja dei Sanningi. Det skal verta sleget fast dette, at deira aandelege Kraft er so arm, at dei maa bruka dei laakaste Midlar, som finst, for aa tyna Motstandaranne sine, og at dei ikkje vik attende for det, som flestalle Folk kallar simpelt og raatt. Forresten so er det Logikk i Systemet deira, for det er nett den same Tanken som ligg under Menigheitsraadet, Nedkuging av onnorleis tenkjande.

 

Høgrestyret var leidt nok; men Oftedølstyre er ikkje betre.

   

Det finst ein heil Flokk Ungdom i Landet, som hev lært aa elska Arne Garborg. Dei set han høgare enn nokon annan Diktar. Alle dei gilde Forteljingar og Dikt, han hev skrivet paa det kjære og vanvyrdat Morsmaalet deira og som hev gjort han til ”Maalbevægelsens første Mand”, hev dei leset med Hugnad. Ved dette hev dei fenget Augat upp for den Kjærleik til Folk og Land, som ligg paa Hjartebotnen hans. Han hev gjevet dei det beste han aatte og synt dei, at Noreg baade bør og kann  verta seg sjølv att.

 

Difor takkar kvar ærleg norsk Ungdom honom. Og difor vil ogso den Hemnen, Oftedølerne hev øvat mot Garborg, falla tungt attende paa dei sjølve. For er det so sant Mot og Mannskap i den uppvaksande Ætti, so vil ho og vita aa reisa seg mot dette Trongsynet og den Utolugskapen, som no held paa og briskar seg og som freistar aa døyva ned det beste, me eig.

 

Eit politisk Parti kann gjera mykje dumt det Bilet, det er til. Og held Oftedølerne fram som dei hev byrjat, er det trulegt, dei kann faa gjort baade det eine og andre. Men daa er det helder ikkje Tvil um, at det snart er Ende med dei. For Sigeren yver Garborg og Sigeren yver Kielland inneheld i seg eit Tap so stort, at dei ikkje vinn yver det att. Den Vegen gjekk det med Tvangsstyret hans Kristian VI og den Vegen gjeng det med Etterfylgjaranne hans i vaar Tid.

  

Oftedølerne hev gjevet seg sjølv Vitnemaal for aa vera dei einaste verkelege nasjonale og folkelege her i Landet. Difor er dei daa ogso Maalmenner alle i hop. Maalsaki var no det kjæraste, dei visste.

 

So hev dei sagt; men hittil hev ein set lite til Maalvenskapen deira i Gjerd. Daa Garborg etter at han i tvo Aar hadde slitet seg ut paa Fedraheimen  i 1880 bad Tinget um nokre Reisepengar for aa koma seg litt ut, var det Oftedølerne (førde av Jakob Sverdrup) og Høgre, som sette seg imot. Iaar hev dei same maalvenlege Folki teket det noverande Livebraudet fraa han, endaa han nyleg hev skrivet fleire framifraa gode Verjestykkje for Maalsaki.

 

Det er noko, dei kallar aa slaa seg sjølv paa Kjeften. Veit Oftedølerne, kva det vil segja?

 

 


Frå Fedraheimen 09.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum