Fraa Storden

 

lyt du faa høyra litt, gode Fedraheim. Eg vil berre helsa deg fraa han Ola. Og Ola, veit du, er ein tenkjande Mann, so du kann ha godt av aa høyra fraa honom.

 

Orsaka, at det kjem noko seint.

 

Strakst etter dette store kyrkjelege Landsmøtet hadde voret, kallad Presten vaar isaman til eit Menigheitsmøte og gjorde Folk kjende med Reformforslagi. So vart det ordkast. Ola tagde lenge. Men daa det kom paa Tale um Prestevalet, kunne han ikkje halda seg lenger, men mælte desse merkjelege Ord: ”Eg vil berre segja, at me kann ’kje vaaga ta’ paa oss dette Prestevalet. For det vert for stort Andsvar. Men kunne dei faa det soleis til, at den prestelause Menigheiti fekk Grannemenigheiti te velja for seg, so skal eg lika det. Vert no me prestelause snart, kann me daa vaaga oss te velja sjølv? Nei, me hev nok Andsvar fyrr! Eg vil, som sagt, at Grannemenigheiti skal velja Presten”.

 

Glimrande! Kven kunne tenkt, at han Ola var slik ein Kar!

 

No skynad eg det, og. Soleis maatte det vera! Hadde dei berre kunnat fenget det til slik,. Eg skulde skrivet i Vestlp. det vænaste, eg kunne hitta paa baade um Menigheitsraad og andre rare Greidur, um baade Prestar og Yppersteprestar.

  

Men fyrst og sist vilde eg gledet meg som eit Barn i den herlege Von: eingong fær me Grannepresten til Prest her paa Storden. Du søte min! Tenk Grannepresten verta Presten vaar. For det er ikkje rimelegt, at Presten vaar no er vert her lenge. Det sa’ han Ola og her ein Dagen.

  

Hadde det daa voret stelt, som Ola vilde! Ja, for den Presten søkte naturlegvis. Og Grannarne skulde daa velja aat oss.

 

Og so kjærlege maatte dei daa vera mot oss, Grannarne deira, at dei gav oss Presten sin! Um dei ikkje er altfor eigenkjærlege daa.

 

Sjølv hev dei no fenget havt ”det store Gode” mykje godt lenge. Og sud til oss kunne dei no koma og høyra honom so tidt dei vilde og. So her var beste Plassen te setja honom.

 

So er der nokre Galningar, som dei kallar ”Blaabokianarar” der i Grannebygdi og. Men dei likar no ikkje Presten sin, dei igjen, segjer Folk. Det er nok reine Toskety, det. Men du kann lita paa, dei vilde me skulde faa han.

 

 

Stordabuen.

 

 


Frå Fedraheimen 09.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum