Fraa Vestlandet

 

vert det skrivet til Fedraheimen:

 

Daa den Sverdrupske Styringi vart danat, saag me paa ho med store Voner. Johan Sverdrup, den gamle, gjæve Fridomskaren som Fyrstemann i ei Styring, det maatte verta noko reint sers. Han hadde stridt so lenge og hardt for Fridomen til han vart gamall og graa, og naar so han kom fyrst i Styringi, kunne me ikkje likare Kar faa.

 

So tenkte me og saag Framtidi i møte med godt Mot.

 

Men me hev etter kvart fenget andre Tankar.

 

Me tok til aa tvila i Kiellandssaki. Me visste, at um Johan Sverdrup hadde setet som Tingmann, hadde han voret den fyrste til aa tala for Diktarløn. Me visste, at den same Karen, som var med og røystad for Reisepengar til Arne Garborg, ikkje kunne vera mot Løn aat Kielland, um han ikkje hadde snudd, daa. Men me let dette skura. Det var vel mangt og mykje, som stillad seg onnorleis for ein Statsraad enn for ein Tingmann, tenkte me. Det stod kannhenda eit og anna bak, som skudde paa og som kannhenda kunne verta faarleg for den unge Parlamentarismen vaar. Det var vel best aa vera litt varleg med Domen.

 

Albertinestriden gjekk helder rolegt for seg her vest. Me saag ikkje stort til Boki og Vestlendingen er no litt var, naar det gjeld sovorne Ting. Han trur ikkje stort paa Albertinebokavlen og det gode, han skal gjera Landet. Men um no dette so er, totte me daa, at Justitsministarne ikkje hadde noko der aa gjera. Me vil gjerne vera Politi sjølve, og toler ikkje, at andre byd, kva me skal lesa elder ikkje.

 

Men so kom det siste, Kyrkjegreidurne. Det er paa desse Kantar av Landet, Kyrkjesansen vaknat fyrst og her hev han vakset seg sterkast. Det er mange her, som gjerne saag, at me fekk baade Menigheitsraad og andre liknande Tvangsmidlar og daa helst Kyrkjetukt med det same, so dei kunne herska yver Motstandaranne sine. Det er mange sovorne, og dei saag med Gleda, at Styringi tok seg av desse Saker. Det var trulegt, det maatte verta noko av det no, tenkte dei.

 

Men dei fekk snart anna aa vita. Det synte seg, at Fleirtalet i Kyrkjenemndi hadde eit altfor fritt og praktisk Livssyn til aa vilja vera med paa Menigheitsraad. Det var mange, som ristad paa Hovudet, naar dei las Vestlandsposten  og saag dei Røysterettsreglar, Fleirtalet hadde sett upp. Og mange meinte, det var best aa utsetja alt saman. Vestldsp. hadde nemleg preikad um det og.

 

Men daa so Utsetjingsframlegget kom upp i Tinget og Styringi etter alt det Braaket, ho hadde gjort med Kyrkjelovarne sine (Vetlehamarmøtet t. D.) var med og arbeidde for dette, var det merkjelegt so Folk fekk Augo upp. Og naar dei so las, at den same Regjeringi, som hadde skundat seg so hardt med aa faa fram Framleggi sine, endaa Fleirtalet i Vinstreflokken hadde sagt seg aa vera imot, talad um, at det var for seint iaar aa taka paa med desse Greidur og at det fraa alle Sidur so vilde vera best aa senda Framleggi attende til Styringi, ja, daa var det mange, som tok til aa tvila paa Klokskapen aat det Sverdrupske Styret. Dei totte, at var det nokor Sak, som var verd aa ofra Tid paa, so var det denne og til snarare ho kom under Ordskifte, til betre var det. Og eit Ordskifte i Tinget vilde gjera godt, anten so noko Framlegg vart vedteket iaar elder ikkje.

 

Som sagt, dei tok til aa mistvila um det Sverdrupske Styret og Mistilliten et seg sterkare og sterkare Dag for Dag. Held det soleis paa, so vil det ikkje vara lenge, fyrr dei hev misst all Tilliten.

 

Det gjeng meir og meir upp for Folk, at Johan Sverdrup ikkje lenger er same Karen, han hev voret. Mangt og mykje fraa det siste hev synt dei, at denne Mannen, som betre enn nokon annan hev tolkat Parlamentarismen, naar det gjeldst paa, ikkje bryd seg meir um Folkestyret enn Chr. Aug. Selmer og dei, som saman med han, vart domfelde av Riksretten.

 

 


Frå Fedraheimen 09.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum