Kristiania, den 8de Juli. [Maalforfattaranne]

 

  

Maalforfattaranne  vaare hev ikkje hittil vortet fint medfarne. Dei hev, liksom den Saki dei strid for, maatt arbeida hardt for aa kunna liva og set lite Lovord for det fraa den Kanten, dette var aa venta.

 

Sjaa no Vinje t. D. Han hadde fenget seg ein liten stakarsleg Skrivarplass i eit Departement og med den Løni, han tente der, greidde han seg væl. Men det varde ikkje lenge. Han skreiv eit og anna i Bladi, som Statsraaden ikkje likad, og so vart han avsett.

 

I 1863 gav Tinget Diktarløn aat Bjørnson. Det var ein og annan, som stridde mot; men det gjekk gjennom med Glans lell. Høgremennerne var mykje likare i dei Dagar og baade den eine og andre talad for. 

 

Vinje var 15 Aar eldre enn Bjørnson. Dei vart Studentar paalag samstundes og fylgdes aat paa Skulen hans Heltberg (sjaa Bjørnsons Dikt: ”Gamle Heltberg” og ”Bondestudentar”); men Vinje hadde daa voret baade Klokkar og Skulemeistar og røynt Verdi baade i det eine og andre, so han stod mykje yver Bjørnson baade i Kunnskap og Tankeklaarleik. Bjørnson skreiv straks etter dei gilde Forteljingarne sine og det var dette, som gjorde, han fekk Diktarløn. Vinje skreiv Dølen han, og endaa han der skreiv mangt og mykje, som vil minnast, etter at Forteljingarne hans Bjørnson er burtgløymde, var det ingen, som daa sette fram Forslag um Diktarløn aat han. Dette vart fyrst gjort i 1869, Aaret etter han var avsett i Departementet. Forslaget, som gjekk ut paa, at Vinje skulde faa 400 Spd. Aaret, vart sett fram av Bjørnsgaard, P. Jensen, Olafsen, Løberg, Færden og Taraldsen. Det kom noko seint ut i Tingtidi; men det segjer seg sjølv, at med god Vilje fraa Præsidenten si Sida kunne ikkje dette voret til Hinder for, at det vart dryftat. 17de Juni kom det fyre i Tinget. Bjørnsgaard fyreslo, ”at Forslaget betragtes som en Sag af første Klasse”, og altso vart dryftat straks. Hammerstad  bar imot og ved Avrøystingi fekk han 50 med seg. 41 røystad for Forslaget hans Bjørnsgaard.

 

Soleis gjekk det Vinje. Det var mange, som mislikad Utfallet; men det var ingi Raad for det. Tinget hadde sagt si Meining um Saki, og dermed laut det vera. Det er ikkje Tvil um, at det hadde gjenget sameleis iaar og, um han hadde livt.

 

Kristofer Janson fekk Diktarløn, det er sant. Han skreiv mykje Janson; men Maalet hans er helder kleint. Han aatte Hjartelaget, men daa han var fødd Bykar, kom han ikkje til aa liva seg heilt og fullt inn i Maalet. Han skreiv betre dansk enn norsk.

 

I 1880 kom det Søknad til Tinget fraa Arne Garborg um Reisepengar. Han hadde daa i tvo Aar styrt Fedraheimen  og dessutan skrivet baade ”Ein Fritenkjar”, ”Det nynorske Sprog og Nationalitetsbevægelse” og mykje anna. Det vart eit heilt Ordskifte um dette i Tinget. Fraa alle Kantar maatte dei medgjeva, at han skreiv eit makelaust greidt og klaart Maal; men daa han ikkje hadde den rette ”kristelege” Stempelen paa seg, saag Tinget seg ingi onnor Raad enn aa negta han Pengarne.

 

Iaar hev Tinget vrakat han som Statsrevisor. Og nokor Diktarløn kann det vel ikkje verta Tale um, so lenge ”Jakob Sverdrups Maanad” varar, endaa det visseleg er mange Tingmenner, som vilde vera med paa det.

 

 

Statsraad Sørenssen  skal vilja gaa av, vert det sagt. Han skal nok sjølv ha merkjat, at vert han sitjande lengre, so er han med og øydelegg Parlamentarismen han og. Jakob Sverdrup derimot vert sitjande. Han skal paa det siste ha teke til aa brigda paa Boki si um ”Ministeransvarlighed”, daa han tykkjer, ho ikkje høver lengre, som ho er. Ho skal verta aa faa i Folkets  Avis.

 

 


Frå Fedraheimen 09.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum