Til Ola Fet.

 

I Skrivet ditt um Biavlen segjer du, at det fyrste ein maa gjera er aa kaupa Ivar S. Yongs Bok um Bia, tinga Tidsskrift for Biskjøtsel, daa ein dermed vert Medlem av Biforeiningen, og du vaagar paa, at um ein fær i ein Bikubbe, so vil ein det fyrste Aaret tena baade til Bibok, Biblad og kanskje Bladpengar til Fedraheimen, ja du meiner ein Stad i Skrivet ditt, at ein kann lata Bia betala Skattarne fyre seg, forutan mykje anna, som de segjer ein kann vinna med Bia og lata henne utretta fyre seg.

 

Eg meiner daa, at det fyrste du, min gode Ola Fet, burde gjera, er aa segja oss kor Boki hans Ivar Yong er tilfalls, kva Bate og Vinning det er med aa verta Medlem av Biforeiningi, og framfyre alt segja fraa, kor ein til udyr Pris kann faa gode Biar og Bikubbe og anna, der høyrer til Bi- og Honingsavlen, kva Biar og alt anna Stell kostar kvart fyre seg, og attaat syne betre fram med Tal, kor stor Vinningi kann verta. Du burde ogso segja fraa, um Biavlen kann drivast yveralt i vaart Land, um fraa Landsende til annan, og i anna Fall nemna dei Landsdelar, der Bia ikkje kann una seg og gjeva Honing.

 

Dette og meir til, som me treng høyra um dette Biestell, burde du segja oss her i Fedraheimen  strakst, og so ynskjer jeg du vel maa liva so lengje.

 

Haalogaland.

 

Jon Mager.

 

 


Frå Fedraheimen 09.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum