Ymist.

 

 

Ein stor Jordbruksutstelling  vert i desse Dagar halden i Trondheim. Han vart opnat Maandag var av Riksraad Arctander. Kongen og Kronprinsen med Kjeringi si kom ditupp Tirsdag Kvelden.

 

Skogbrand  hev det voret mange Stader her paa Austlandet i det siste. I hi Vika brann det uppi Maridalen, burti Drangedal og i Sokni burtanfor. Paa Flekkefjordskanten hev det og voret Skogbrann nyleg.

Regn  fekk me litt av Tirsdag og Natti til Onsdag. Det rignde godt det Bilet, det varde. Uppi Trøndelagen hev det voret gildt med Regn heile Tidi og Eng og Aaker stend reint godt.

 

Bj. Bjørnson  hev no sagt Diktarløni fraa seg. Han kunne ikkje anna etter det han skreiv, daa Søknaden um Diktarløn til Kielland var fyre.

 

Bie-sjaa. I Fredriksstad skal det haldast eit stort Bie-sjaa den 12te, 13de og 14de August som kjem. Dei, som vil ha sendt dit Bier, Kubbar, Reiskap og allslags Bie-draatt, lyt melda seg inn fyrr den 1ste Aug.; det kann ein gjera i betalat Brev til ”Den norske Biavlsforening” hjaa Ivar S. Young, Kristiania. – Møt fram alle, som hev Hug og Dug til aa skuva fram ei landsgod Sak. Bie-saki fortener aa koma fram, og ho lyt ha ein munaleg Framstøyt no, skal ho faa Grovleik og Stødleik nok og ikkje verta altfor ledalaus.

 

 


Frå Fedraheimen 09.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum