Betre!

 

   

For Fridom, Sanning, rett du maa

høgt heisast, reine Flag!

Og alle, som hev Mot aa slaa

kom fram, me gjeng i Lag!

 

For no maa Kampen verta stor,

ei Rudningstid me treng!

Men Kjempurne er mest av Ord

og veike Storkarssleng.

 

Det er so mange, veit eg no: ”Eg skal nok vera med!”

Men kjem seg maklegt, vent i Ro:

Det er væl best som d’er”.

 

Meir edel Trong i Hjartegrunn,

meir Reinleik i eins Sinn!

So vert ’kje Gjerdi turr og tunn,

men tusund Hjarto vinn.

 

 

Lars Eskeland.

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum