Endeløysa.

 

 

Gjeng me ei stjerneklaar Natt ut paa Tunet og stirar upp paa den glitrande Himmelen, so kann me stira og stira til me finn fleire og fleire Stjernur; til slutt vert dei so ørende smaa, at me er ikkje stød paa um det er noko Stjerne elder ikkje, det me ser.

 

Men so kjem Tanken: Kor er Enden tru? Ja Enden, ja. Romet er endelaust. Men endaa er me like kloke; me veit ikkje kva Endeløysa er for noko.

 

Og aldri fær me vita det hell; men aa faa ei stødare Meining um dei uhorvelege Lengder, som opnar seg i Himelromet for oss, det kann me, og daa fær me liksom ein liten Tev av sjølve Endeløysa au.

 

Lat oss freista.

  

Maanen vaar er den nermaste Kloti me hev; han er no berre 52,000 Mil burte den Karen; Men Soli, ho som ikkje ser stort større ut for vaare Augo, ho er heile 21 Millionar Mil burte ho.

 

Den Stjerna, som er Solverket vaart nermast, ho heiter Aldebaran i Uksen; ho er 15 Millionar Mil fraa oss. Slik aukar det! Dei hev reknat ut, at Arkturus i Bonden skal vera 1 Million Gonger lenger fraa oss enn vaar Sol.

  

Desse makalause Lengder kann me langtifraa ikkje tenkja oss; men for betre aa faa Meining i slike Tal, tek me større Maal enn ei Mil. Me tek den Lengdi, som Ljoset treng for aa gaa eit Sekund, og det er 40,000 Mil; det er ei høveleg Mælestong i Himmelromet. – Etter det vil Ljoset turva 8 Minutt fraa Soli og til oss. Men til Aldebaran 9 ½ Aar, og til Norstjerni treng det 42 Aar og slik uppyver. Ja me veit, det finst Stjernur som er so langt burte, at Ljoset brukar 100,000 Aar for aa naa oss. Me kann soleis sjaa Stjernur no, slik som dei saag ut for 100,000 Aar sidan; difor kann me ikkje vita, um dei eingong er til no. Me ser Ting, som ikkje er til.

Dette er ein liten Snygg av Endeløysa; men kann me fata ho i si sjølve Storleik? Aa nei.

 

Alle desse Stjernur, Soler, Planetar, Kometar og Meteorar. Alt dette trudde Folk fyrr i Tidi stod dyrgande stille.

 

Men me slepp ikkje so lett no. Me veit at dei farer rundt i meir og mindre avlange Banar, og at den eine Kloti held den andre fast i eit endelaust Laup.

 

Alle flyg dei so skjotleg, at ei Kanonkule i fullt Laup, som kom der upp vilde staa reint still mot dei.

 

- Kvart Lekam, livlaust elder livande, Dyr, Vokstr og Stein, alt er ihopsett av Moleculer, ørende, ørsmaa Delar, som er aatskilde; desse er igjen kløyvd i Atomar, som au er reint for seg sjølve. Desse Atomarne er so endelause smaa, at ikkje Augo, ikkje Mikroskopet, ja ikkje eingong Tanken kann faa fat i dei. Dei hev reknat ut, at eit Knappenaalshovud inneheld otte Sekstillionar, d. e. otte Tusen Milliarders Milliardar Attomar.

 

Alle desse Moleculer og alle desse Atomar er støtt og stendugt igang.

  

Her hev me det endelause i det smaa og den Endeløysa stend ikkje tilbake for Endeløysa i Himmelromet.

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum