Halte-Jon.

 

Daa eg var liten, var der av og til heime hjaa oss ein trøysam kar, som me Borni hadde fælt til Moro av. Han heitte Halte-Jon, den vesle Tullingen, og gjekk paa Lægd. Liten og veik var han paa Kroppen og endaa kleinare stod det nok til uppe i den øvre Enden paa han. Difor hadde dei sett han ut i Bygdi paa Lægd; forsyrgja seg sjølv var han nok ikkje god for, Stakkar. Men sjølv visste han ikkje av, at der var noko som vantad, tvertum trudde han, at det var ikkje mange, som var jamgode med honom. Iser heldt han seg for utifraa Kar til aa syngja, og Folk hadde allstøtt Moro av aa faa han til dette. Men det var berre tvo Songar, som han kunne, og dei var ”gudelege”. Aa, slik som han remjad, og so rengde han Augo so, at me Borni mest vart rædde; men dei vaksne snudde seg burt og flirde.

 

Mest Moro hadde me daa, naar me fekk’n til aa fortelja um Karstykki sine. Her er nokre av dei; eg skal la Jon sjølv faa fortelja:

  

Dæ va mea eg var heim hjaa’n Mor”, sa han. ” Eg var berre Gutungen endaa. Men so skulde eg ein Dag avstad aa køyra Ved. No var eg dygtig for meg, ser du, og læste paa eit fælt digert Lass. Men daa eg kom midt uti Magnhildbakkarne, so velte Lasset og eg vart liggjande under, og der laag eg ein halv Dag og ventad paa’n Per Nordistuen, som skulde koma og reisa aat Byvegja. Men han Per kom ikkje han. Nei, so vart eg sint, so flaug eg upp og fekk ti Øksa og hogde aa Reipe”.

 

Eingong han hadde voret i Kyrkja, fortalde han, daa han kom heimatt: ”I dag kom eg reint for seint. Dei hadde alt byrjat Høgmessesalma, daa eg kom. Men so la eg av meg Trøya og sette etter med ”Vor Gud han er saa fast en Borg”, og endaa vart eg ferdug fyrr alle dei andre”.

 

Ein annan Gong skulde Jon vera med ein Mann burti Skogen og hogge Ved. Jon vilde no som alltid vera likaste Karen, maavita, og tok fat paa den digraste Bjørki, som fanst. Daa han hadde hogget lenge paa denne Bjørki og tenkte, at ho snart maatte detta, kastad han Øksi og sette Oksli imot for aa stanga ho yverende. Men Bjørki var nok ikkje so grei som Jon hadde tenkt seg. Han stampad i Bakken og puffad so Sveitten rann; men Bjørki stod like godt, Styggetrollet. Til sist vart Jon so sinnad, at han hoppad ende upp og skreik aat Bjørki: ”Staar du og ærtar meg full-lengje, so skal eg sanneleg ta Øksi og hogga deg tvert av!”

 

- Det var i den gode gamle Tidi dette, daa der enno var Mannamun ogso i Gudshuset. Skrivar og Fut og andre Storfolk hadde serleg avdelte Rom for seg og sine, so Folk saag ikkje stort til dei. Men um Joledagen kom dei fram ifraa Buri sine, for daa var der ”Ofring”, ikkje til Gudarne, men til Prest og Klokkar. Daa kom allstøtt Skrivaren fyrst framyver Kyrkjegolvet, stor og breid i Graabeinspelsen sin. Um honom hadde dei det Ord i Bygdi, at han gjekk aldri umkring Altaret med mindre enn ein Femdalarsetel i Offer. Men etter han kom Futen og han var væl like so stor ein Mann. Men etter Futen kom ein Joledag Halte-Jon hinkande, og daa Jon var lettare paa Beini enn Futen, so smatt han framum og kom til Altaren like etter Skrivaren. Det vart vel ei Moro, kann du vita, skjønt der vist ogso var mangei gamall Kjering, som slog Kors fyr seg yver ei slik Vanvyrding av ”Øverheita”. – Men han Halte-Jon gjekk like byrg han. Han hadde nok ingi Greide paa, kor galet han hadde boret seg aat den Tullingen.

 

No er Jon gamall, vist han liver daa. Kanskje er han ogso alt flutt burt paa Kyrkjegarden og ligg jamsides med Skrivaren og Futen. Eg hev daa ein Tanke um, at eingong kjem han nok likeso langt fram han som dei, utan at nokon lær aat han.

 

 

Thore Myrvang.

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum