Hasl.

 

Eg veit aldri, eg hev høyrt, at nokon her i Landet hev drivet Haslebruk; men alle hev dei rothogget og rudd burt Haslekjerri. Dette er reint galet. For sjølve Haslekjeppen er finvaksen og hard og er difor høveleg til ymse Treskjerararbeid, og Roti er gaarutt og ven og brukast til finare Snikkararbeid. Dei unge rettvaksne Hasleteinarne er det fælt Spurlag etter paa Stader, der dei gjer Kjeppar til Sal. I Maindalen i Tyskland hev dei lagat til store Hagar, der dei hev plantat Hasl berre til Kjeppebruk. Og det er ikkje Raad for anna enn at det ogso maatte vera lønsamt her i Landet au. Men endaa hev me ein Ting aa bruka Haslen til me, og det er til Tynneband. Paa Vestlandet vilde ein faa seg godt betalt for Hasleband; for dei er baade seigare og høvlegare enn baade Pile-band og Bjørke-band.

 

Det er kanskje ingen, som hev freistat aa driva Hasleskog paa den Maaten; men eg kann ikkje tru det var vant iser paa Vestlandet, for der hev dei eit framifraa høvelegt Ver for alt Trevokstr.

 

Det einaste eg hev aa fortelja um Hasledyrknad er det, eg hev fenget av ein Mann fraa Bergensleidi; det kann ein tryggt tru paa.

Ein kløyvar Hasleskogen sin i tri Teigar, og so hogg ein ein Teig um Aaret, for me veit det, at paa tri Aar veks Haslen seg bandlang og høveleg tjukk. Ein skal lata ein tvo-tri Kjeppar staa att i kvart Kjerr, for at dei kann verna dei unge Upprenningarne mot Vind og Snø og Beitefe. Berre ved ein jamn Hogst, fær ein ein jamn Vokst paa ”Bandskogen” sin.

Ein kløyvar Bandteinen midt i tvo og desse binn ein lauslegt i hop til ei Gjord. 20 slike Gjørder er ein ”Bundt”; Prisen paa ein slik ”Bundt” er fraa og til. Ein kann faa fraa 0.70 upptil 2 Kronur; men sams kann ein segja 1 Kr. Paa ein Gard kann ein paa den Maaten tena ein 200 Kronur um Aaret, for det skal ikkje fælt stor Vidotta til fyrr ein kann hogga 200 slike ”Bundtar”. Haslen kann ein au dyrka paa ein annan Maate. I dei andre Landi hev dei Hasleskogar berre for Neterne si Skuld. Endaa i eit so grobart Land som Spania, so hev dei sett Haslekjerr ved Sida av Orange- og Oliven-tre. Paa fleire Stader i England, ja tett attmed London dessmeir, der Jordi er fælt dyr, der hev dei sett Haslekjerr av dei finaste Slagi, og der løner det seg aa hausta Neterne framfor andre kostbare Vekster.

 

Her i Landet vert Haslenoti mogi heilt upp til Trondheim. Kvifor dyrkar me so ikkje Hasleskog me au? Det er nok so, at me ikkje hev so fælt mykje Jord aa fløysa med; men dette vart ingi burt-fløysing det, og litt ubrukt Jord hev me no alltid aa yverlata.

Den fullmogne Mergen kann ein au persa, og daa fær ein 50-55 pCt. gul, feit, turrvoren Olje, som hev ein linn, god Smak, og som dei brukar til Salatolje.

 

 

 

(Etter Schübeler).

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum