Johan Sverdrup og Parlamentarismen.

 

(Del 1 av 2.)

 

Det er tri, fire einskilde Saker, som Johan Sverdrup hev arbeidt med i lange Tider og som ein maa segja hev voret Programsaker for han: aarlege Storting, Statsraadarne i Stortinget, Jury og Herskipnad. Folkeverjing av Land og Rikje, folkevalde Domstolar og Folkeviljen som Drivkraft i Politikken. Og alt dette kann ganga inn under Namnet: Folkestyre. Denne Tanken hev Sverdrup ikkje sett fram heil og klaar, men i tillempad Form med Namnet Parlamentarisme. Parlamentarisme var Maalet hans, medan han var i Stortinget og stod som Hovding for Opposisjonen. Og han vann so stor ein Siger for denne Tanken, at han sjølv vart den fyrste parlamentariske Ministar. Frukterne av denne nye Statsskikken hev me fenget i Juryloven og Herskipnaden.

 

Johan Sverdrup hev voret heppen som faae til aa naa sitt Livs Maal baade i stort og i smaatt; han hev naatt til aa faa sine Grunnsetningar godkjende, og han hev livt so lenge, at han hev fenget Høve til aa sjaa sine Prinsip som verkande Krefter til aa gjenomføra i Rikslivet dei einskilde Fyremaal, han hadde for seg.

 

Me hev soleis no naatt eit Maal, kann ein segja. Og daa gjeldst det um aa hava Augo opne og tenkja paa kva Leid det skal bera aat i Framtidi.

 

Fyrst og fremst maa me daa verta klaare yver Spursmaalet Johan Sverdrups Ministerium.

 

Det er daa tvo Sidur aa halda fram for seg.

 

Johan Sverdrup som parlamentarisk Ministar og Ministeriet sitt Program for Framtidi.

 

Parlamentarisme, det vil segja ei Styrevis, der det er Samarbeide millom Folk og Styring, eit Samarbeid ikkje paa Stangs og Selmers Vis med Krav um, at Folket skal fylgja Regjeringi, men at Regjeringi skal fara som Folket vil, elder som Stortinget paa Folket sine Vegner byd Regjeringi som Tenar for Folket, det er norsk Parlamentarisme. Men Tenarstillingi er fri; Regjeringi er væl paa den eine Sida skuldig her vera ein lydug og trugen Tenar, so lenge ho stend i Stellingi, men paa den andre Sida kann ho løysa seg ifraa det, naar ho vil, so det ikkje er Naud paa for ho til aa gaa der med daarlegt Samvit. So snart Regjeringi fær eit nei av Tinget i noko som ho bed um, naar det daa ikkje berre er Smaasaker, daa skal og maa ho gaa. Og naar Tinget kjem og krev noko, som ho ikkje likar, daa skal ho og gaa. Det er meiningslaus og gamaldags Greide aa halda seg uppe paa eit utsetjande Veto, som ikkje er anna enn aa halda Folk og Storting for umynduge Menneskje.

  

Den Parlamentarismen, som Johan Sverdrup hev talatum er hosta veik, men den han hev styrtetter, den er endaa veikare, so ein mest maa spyrja, um han verkeleg er ein parlamentarisk Ministar.

 

jau i mange Smaasaker, der hev han jamt stroket paa den Strengen, at han vilde gaa sin Veg, naar Stortinget ikkje vilde fylgja han i stort og smaatt. Men naar det er store Saker, retteleg aalvorlege Saker, anten slike som han fører fram sjølv elder noko, som Stortinget krev, nei daa talar han nok um alt anna enn aa gaa av. Daa sit Statsraadarne so fast som um det aldri var Parlamentarisme her i Landet. Det er bere eit Tilfelle, me hev aa nemna, som syner, at det daa likevæl skulde vera ei Meining um slikt noko, det at Statsraad Daae gjekk av for Skuld den eine Storsaki, Sverdrup hev arbeidt for, Hersaki. Iaar var Stellingi den same i Jurysaki, som Statsraad Sørensen var imot, men han gjekk ikkje, og det parlamentariske Styre kom dermed inn paa ein Haalis, som det hev skridet endaa lenger utpaa no i det siste, allvisst i Kyrkjesaki. Ministeriet tykkjest no vera so rædd jamvæl Tanken um at det er Tenar, at det vaagar ikkje koma inn paa Spursmaalet. No daa det hev faret og sumlat med Forslag, som Tinget hev sagt so hardt eit nei til, som det paa nokon Maate kunne – no hadde dei ikkje Motet eingong til so mykje som spyrja Husbonden, som daa er Stortinget, um han var fornøgd elder ikkje. Det var det vonde Samvit hjaa eit parlamentarisk Styre, som kom fram, med di at dei ikkje torde beda um Tillitsvotum.

 

Ingen kann tena tvo Herrar, men det er det, som Sverdrups Ministerium ikkje er fritt for aa gjera.

 

For det er likt til, at rett som det er hev denne Regjeringi andre Hensyn enn baade til seg sjølv og Folket. Me fæler for, at dei let seg styra vonom meir av baade Kongen og Svenskarne. Sjaa no i det aller siste, korleis kann ei andsvarleg Regjering tola, at den andsvarslause Kongen skriv ei ”Haandskrivels” beinast til ein Departementssjef med Paalegg, utan at Statsraadet hev havt noko med det aa gjera. Me meiner Paalegget til Sørenssen um aa leggja fram for Stortinget nærmare Utgreiding av, kva det vil kosta aa gjenomføra Juryen heilt ut; ei Sak, som alt er utgreidd og upplyst so mykje som gjerast kann. Hadde det ikkje voret den ”heilage” Kongen, som hadde skrivet det, vilde Folk ha voret freistad til aa kalla det ei Fornærming imot baade Regjering og Storting. Men slikt toler Sverdrups Regjering. Ja det er dei, som mullar um, at Kongen og Svenskarne gjeld jamvæl meir for Sverdrup enn Hensynet til Folket, som han trur er so fælt godslegt, han som no vil brigda Grunnloven, so han fær Lov til aa føra Landevernet utanum Landsens Grensur langt inn i Sverik. Og sjaa denne Unionsgreida, der Sverdrup tykkjest ljota gaa attpaa sine eigne gamle byrge Ord av Rædsle for Grannen.

 

Og me skal berre minna um alle Prinseløner og Kongevogner og sovoret, som denne ”folkelege” Styringi er so fælt glad i.

 

Nei vaar Meining vert den, at Johan Sverdrup ikkje hev magtat aa gjenomføra det han sette seg til Maal, ei parlamentarisk Styring.

 

Me skal no sjaa paa Programmet for Framtidi, som Ministeriet hev.

 

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum