Kristiania, den 22de Juli. [Helsebot. Trondheims-avgjerdi.]

 

 

Helsebot.

 

Det gjeng det Ordet, at Jakob Sverdrup skal sendast aat Stockholm no til Hausten.

 

Der skal han vera til Folk fær gløymt, koss han for fram som Kyrkjeraad. Der skal han liggja aa kvila ut etter alt det Strævet, han hadde med det kyrkjelege Kløyvingsarbeidet sitt.

 

Aa ja, han strævad hart au stakkar. Kløyvarbleien var no for det fyrste ikkje god aa faa sleget inn, men daa han skulde ha han ut att, vart han Jakob reint i Beit, for han fekk Fingrarne sine imillom og han sleit dei reint sunde, fyrr han fekk dei lause. No skal han daa til Stockholm, og Kongen skal vel gjera han bra att, kann me tenkja. Men me trur no det me, at det norske Folket kjenner att den Mannen og dei Fingrarne, naar han no kjem hit att igjen.

 

 

Trondheims-avgjerdi.

  

Det var reine Ord som Noregs Vinstreforening kom med der upp i gamle Nidaros. Dei var likeframe og vælmeinte. Dei la ikkje ut løynde Snarur elder gøymde paa Baktankar.

 

Nei heile Avgjerdi ligg klaar i Dagen, so kvar Mann kann sjaa Meiningi.

  

Og denne Meiningi er ei Landsmeining, og so lenge Sverdrup ikkje samstavar med ei slik Landsmeining, so er han ingen folkeleg Fleirtalsministar. Me veit nok det, at han ikkje hev nokon annan aa halda seg til enn Stortinget og det er væl nok; men det vilde ikkje skada han, um han la Merkje til ei slik Avgjerd som denne hell. Ho er ikkje upphjeldrat og meiningslaus; ho hev gjort seg sjølv, og ingen kann riva ho yverende, um han so aatte ”al Verdens Veltalenhed”.

 

Avgjerdsla gjekk for det fyrste ut paa fullt Fleirtalsstyre; so skulde Norge vera jamngodt med Sverike i Unionsspursmaal. Aalmenn Røysterett vart vedteket som Programsak. Likeins Framhjelp av vaare Liveveger.

 

Vise-kongedømmet” burde avskaffast og Embætsverket gjerast meir endetil og billegare.

  

Alt dette er Saker som kvar verkeleg Framstigsmann hev huglagt, og fær me Politikken vaar inn i dette Faret, so er me bergat.

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum