Kvifor?

 

Kvifor vart Garborg støytt ut or Statsrevisjonen, spør no alle i heile Landet. Klarad han ikkje sine Ting? Jau, han gjorde nok det. Var han lat? Alle, som kjenner til det, segjer, at Garborg var ein av dei flittugaste. Kva var so Grunnen? Spør Oftedølerne, dei norsknorske og kristne. Det var skammelegt, tykte dei vel, at Noregs Storting skulde gjeva ein av sine Postar til ein Mann, som hadde arbeidat so umaateleg for Noreg, strævat og strævat, ofrat og lidet utan aa spyrja um Løn. Kvifor kunde han kje verta utstøytt og hundskat, so mykje som mogelegt og tenkjande er, han som alle dei andre verkelege Gagnsfolk her i Noreg? I grunnen skulde han voret sett i ”Kasjotten” for lang Tid sidan.

 

Og som dei egte norsknorske kjende Oftedølerne ei Pligt paa seg til aa ta Livebraudet fraa Garborg, i det minste det. For han hadde skrivet so endelaust godt ”dette Maalet” no ei Tid. Skulde han halda paa soleis, so saag det, forsyne oss, faarlegt ut for Norskdomen her i Landet. Og den hadde dei daa so kjær.

 

Lat Fyren ingen Post faa, so lyt han skriva som andre Folk, for aa matberga seg. So kanskje me torer vona, at han fer or Landet. Og daa slepp me daa Leidord fraa han. Elder iminsto lyt han til aa skriva pyntelegt, norskt  som t. D. Vestlp. og bra i alla Maatar. So kanskje han med Tidi kann svinga seg upp til Redaksjonssekretær i Folkets Avis.

 

So hadde dei fenget vita, desse Oftedøler, at Garborg hadde skrivet ei Bok, kallad ”Mannfolk”. Den Boki var sedlaus, sa Ola, og Lars sa det same. Sjølv hadde dei ikkje vaagat seg ikast med ho, veit eg. Men at denne ”Mannfolk”s Forfattar skulde sitja i Noregs Stastrevisjon, aldri! Tenk um det kom sedlause  Tal inn i Protokollarne! Og so Sørensen kom til aa glytta i dei?! -

 

 

Stordabuen.

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum