Kyrkjeleg Røysterett.

 

 

Folk lyt tenkja seg væl um, fyrr dei gjeng paa kyrkjeleg Røysterett, slik, som den hev voret framlagd i det kongelege Forelegg. For det er noko heilt nytt dette i dei tri nordiske Landi.

 

Det einaste av dei tri Riki, som hev kyrkjeleg Røysterett, er Sverike. Av ”F. Kyrkostämma” kann ein sjaa, at den kyrkjelege Røysteretten der fell saman med den borgarlege, berre med den Skilnaden, at dei, som hev meldt seg ut av Kyrkja og sleget seg til eit anna Trusamfund, er utestengde.

  

Med det same at ein lagar ein kyrkjeleg Røysterett, so er den borgarlege Røysterett kyrkjeleg fordømd. Dermed hev ein og fraadømt Stortinget Rett til aa stella med kyrkjelege Saker. Tankerett vil kyrkjeleg Røysterett bera fram mot eit Kyrkjestorting tuftat utanum Grunnloven  med berre dei ”kyrkjelege Garantier” ligg fraa fyrst av berre hjaa – Presten og Medhjelparanne! Presten vel Medhjelparanne og Presten og Medhjelparanne peikar daa ut dei, som skal jagast ut. Dei, som daa etter dette aandelege Skyn  av Prest og Medhjelparar er utvalde som verduge, dei  skal daa velja Kyrkjeraad (”Menighedsraad”). I dette Raadet er Presten sjølvskrivet Medlem og Hjelpeprestarne hev og Rett til aa vera med i Ordskiftet, berre ikkje i Avrøystingi i Raadet.

 

Av dette kann ein sjaa, at dette ”Menighetsraad” i Grunnen vert eit Presteraad.

 

Kva tru Folk vilde segja, um den borgarlege Røysteretten vart laga paa ei liknande Vis. Lat oss tenkja oss det! Set at Futen vel ut 4-5 Mann. Og so skal daa Futen og desse Menn, som han hev valt, strjuka ut av Manntalslista alle, som ikkje etter deira Skynhev den ”reine” politiske Tru, som dei godkjenner. Futen og fem Mann, han hev valt, skal avgjera, kva det er ”rein” politisk Tru!!Og so skal daa dei, som Futen og fem Mann hev peikat ut, velja Valmenn og Valmennerne Tingmenn!

 

Er her nokon, som meiner og kann prova, at dette høvde godt i hop med politisk Fridom og Sjølvstyre, ja so skal han faa ein – Dalar! 

 

Men korleis kann no det, som ein ikkje vilde kalla Fridom paa borgarleg Grunn, verta Fridom og Sjølvstyre paa den kyrkjelege? - Kann nokon tolka ut det?

  

Det er ikkje skynande, at kyrkjeleg ”frilynde” Folk kann standa fram og i store Ord ropa ut, at dette er kyrkjeleg Fridom og Sjølvstyre. Anten maa dei hava ei Veile i Skallen elder ein Rev bak Øyrat.

Ein skulde no tru, at kyrkjeleg Fridom og Sjølvstyre laut vera, at so mange som raadeleg fekk koma med av dei som sjølve vilde og som Loven ikkje meinkar Røysterett paa borgarleg Leid og som ellest høyrer Kyrkja til, og at ingen hadde nokon sjølvgjeven Rett til aa sitja i Raadet utan han var vald. Dertil laut det ikkje vera noko borgerleg Tap elder Vinning anten paa Eigedom, Vyrdnad elder Ære, naar ein ikkje av Retten var dømd til slikt, um ein hadde Sermeiningar i Trusaker og soleis ikkje kunne vedkjenna seg den Meining, som vitterleg Kyrkja sjølv hadde sett i hop. Ein kann difor ikkje skyna anna, enn at me lyt faa ein full frilynd Dissentarlov og Valmenigheitslov fyrst, fyrr me fær eit rimelegt Sjølvstyre i Statskyrkja, for ellest vert dette ”Sjølvstyre” eit – Hardstyre, ingenting anna. Lovarne i eit fritt  Samfund lyt verja um Faatallet og Einstakmannen. Fleirtalet vernar seg sjølv der.

 

Det var vandt for Kyrkjekomiteen aa laga ein ”kyrkjeleg” Røysterett annleis enn han gjorde. Det var eit faarlegt Spel aa leggja ein ny Grunn. Men for dette vart dei kyrkjelege Sjølvstyrarar heilt uppøste. I Hita so rende dei jamvæl heilt aat ”Vika” etter Argumenter! Dei kom visst ikkje ihug, at dei same Argumenter slog dei sjølv. Styret er ikkje so reint utan Andsvar for Vikatrafikken. Og so raamar desse Vika-argumenter alle dei Val, som er Frukt av borgarleg Røysterett, alle Heradstyre, Skulestyre, Amtsting og Storting. Ingen av dei er valde utanum dei Garantier, Grunnloven set upp. Dei raamar lenger. Dei raamar den Maaten Kyrkjestyret til den Dag i Dag hev fylgt. ”Sognemenighedens Husfædre” er det, som den Dag i Dag etter Styret si eigi Avgjerd hev kyrkjeleg Røysterett, utan Undantak av Avvikarar fraa Kyrkjelæra og slikt noko. At Kvinna er likso god som Mannen hev Styret sjølv sagt i Fyrelegget sitt. Det er alt Kulur, som smell attende paa Skjotaren. Um det er so framifraa kristelegt aa bruka slike Grunnar er og noko til aa tenkja paa. Ein kann no mest tru, at um dei hadde lagat kyrkjeleg Røysterett der nede i Heilaglandet, den Tid han var der han, som dei kallad ein ”Etar og Vindrikkar, Ven med Tollarar og Syndarar”, ja so hadde han nok gjenget utan kyrkjeleg Røysterett, so som det ogso vart sleget paa i Tinget. Det er ei Sanning, at Gud elskar Syndaren og hatar Syndi. Tru det og kunne segjast um oss! Det tykkjest tvertum vera so jamleg, at me elskar Syndi og hatar Syndaren! Men det er visst ikkje kristelegt, trur eg.

 

Eg meiner no ellest, at Statskyrkja hev Garantiar nok i Grunnloven. Skulde det trengjast nokon Lovnad av dei, som ikkje hev gjort Konstitusjonseiden – ja so kunne dei gjera ein Lovnad paa Grunnloven. Kristendomen sjølv treng derimot berre Fridom og ellest ikkje anten Løn elder Verning, men helder ikkje Tap og Forfylgjing av Staten. Og um Staten endeleg vil løna ei Tru, so skal han daa ikkje taka Pengar til den Løni av dei, som trur og tenkjer noko annleis. Naar Statskyrkja vil sitja og njota slike Pengar, so kann eg ikkje tru, at ho gjer det med eit fullreint Samvit, endaa mindre med eit kristelegtSamvit (eg trur ikkje, at statskyrkjelegt og kristelegt Samvit i alle sine Brigde er so reint likt). Statskyrkja lyt fyrst sjaa til aa faa fraa seg ei slik Innkome. Eg trur ikkje at det fylgjer den rette Velsignaden med ei slik Innkome. Men dette er no noko, som berre er mi personlege Meining. Kvar fær leggja fram Grunn for seg.

 

 

O.

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum