Smaa-plukk av K. Knudsens siste ”Hyrdebrev”.

 

 

 

(Han var ute i Dagbl. no Sundag var med ei heil Lekse. Han var vortet ”kamplysten” og laut daa ”yte” noko, som kanske ingen annen i like mon ær istand til”).

Maalmennerne var daa, som ein kann tenkja, nokre ”fanatikkerer”, ”varmhjærtede vilstyringer”, ”brålyndte” tullinger”, fæle Ljugarfantar, ”skryterer” og ”humbugmagerer”. Ja me veit ikkje alt det rare han rører i hop.

 

* * *

So hadde no denne Garborgen voret til aa sagt, at dei som skreiv Knudsemaal berre var ei liti Sekt.

Dette er Lygn, meiner K. K., for ”sekten omfatter dog bl. a. en snes man, som har det sermerkte ved sig, at de alle heter B. Bjørnson”. Ja so segjer han, og me fær tru han; ja me skal aldri mæla eit einaste Ord um den ørvesle ”Knudsesekti”.

 

* * *

 

Han meiner at vaare Ord likso godt kann klædes i hans dansk-norske Bunad, som i vaar eigen. Dette er no so meiningslaust, som det kann faa voret.

 

Me skal berre pilla ut eit Par Døme av dette siste Stykkjet hans. Sjaa no berre dei fyrste Ordi: ”Vi har fåt en ri’ nu igjen”.

 

Jau det er ”landsgyldigt” det. Kven segjer ”en ri’” tru?

  

Dei som segjer Rid, dei segjer ei Rid; og dei som ikkje hev det ”emansiperte kvinnekjøn” (K, K.s ord), dei segjer vel ”en Stund” dei vel. Likeins det ”å vække voner”: Kann ikkje K. K. sjaa, koss dei danske Klædi heng paa den norske Skrotten plent som ei Filletrøye paa ei Fugleskremsle. ”Boken min” er au ei Heimløysa.

 

Me vil ikkje tala um det norske Laget  i Maalet; den rette norske Sangbotn, den vantar Knudsemaalet reint.

 

* * *

 

No kjem me til sjølve Homulen.

 

Målkirken”, som han kallar oss Maalstrævarar no, fær ”Pænger av folkets kasse til stipendier og målskular, målkursar og bibelumsetjingar” og til ”å hålde hele tre målprofessorer, Aasen, Ross og Moe”.

 

Jau her hev me nok baade Grunnen hans B. B. og K. K. til at dei kom med desse siste ”Hyrdebrevi” sine. Dei vilde væl au gjerne ha i stand æ-Maals-skular og æ-Maals-kursar. -

 

Jau daa, me hev baade Skular og Kursar. Det er liksom Guten, som hadde baade ”kost, løn, mat og betaling” det.

Men ”målkirken” kann ogso ”utstyre baade profeter, evangelister og apostler, og koste målblad og målmansmøter over en lav sko og mållag i vestland og østland, for målkirken har nøkkelen til rikskassen”.

  

Me hev no aldri visst, at Fedraheimenflaut paa Pengar fraa Rikskassa lell; men skulde det vera sant, so er det nok likaste aa vera meir ledalaus i Ryggen daa, for elles kann me straks koma til aa verta matlause.

 

* * *

 

Tilslutt fortel K. K., at han reiser burt og vil ikkje svara, um nokon kjem med Motlegg; difor kjem me berre med denne Plukkfisken for det fyrste. Sidan skal me nok ha fat i K. K. og dei 20 B. Barne.

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum