Ymist.

 

 

Norges Vinstreforeining. Dei ymse Repræsentantar hadde Møte i Trondheim no Torsdag var.

 

Av Aarsmeldingi synte det seg, at 18-20 Foreiningar var gjengne med paa Hamar-vedtaket, og 15 Foreiningar var med paa Tillegget hans Konow.

 

Vinstreforeiningi vedtok: 


1. Repræsentantskabet, der under Fastholden af forrige Repræsentantmødes Beslutning antager, at Ordningen af de diplomatiske Sagers Behandling ved Grundlovsbestemmelse bør opstilles som Program ved næste Stortingsvalg, og som udtaler sig mod Udvidelsen af det statsretlige Fællesskab med Sverige, selv om det bydes paa Ligeberettigelsens Grund, anmoder Bestyrelsen om at sørge for, at Udtalelser om denne Sag foreligger for alle Foreininger inden dette Aars Udgang.

2. Repræsentantskabet, der anbefaler, at Indførelsen af almindelig Stemmeret ligeledes opstilles som Programsag ved næste Valg, anmoder Bestyrelsen om at sørge for, at samtlige Foreninger tilkjendegiver sin Mening derom inden dette Aars Udgang.

3. Repræsentantskabet udtaler sin Tilslutning til det hvilende Grundlovsforslag angaaende Ophævelse af Vicekongeembedet og anmoder Bestyrelsen om at indhente Amts- og Byforeningernes Udtalelser angaaende samme.

4. Repræsentantskabet fastholder som første Opgave for Venstres politiske Virke: Hævdelsen af den parlamentariske Statsskik (Flertalsstyret) og Kravet paa sammes Gjennemførelse.

5. Repræsentantskabet, der finder, at en mer praktisk Ordning af Administrationen en ønskelig, udtaler sig for en Forenkling af Embeds- og Bestillingsværket.

6. Repræsentantskabet henstiller til Bestyrelsen at indhente Foreningernes Erklæring angaaende: a) De Foranstaltninger, der bør træffes til Ophjælp af Næringsveiene. b) Omregulering af Toldtarifen og i Forbindelse dermed Ordning af vort Skattevæsen.

 

Næste Møde besluttedes afholdt i Kristiania.

  

Framgang skriv: ”Arne Garborg vart kastat ut av Statsrevisjonen. Gjorde dei det for hans politiske Meiningars Skuld, so var det illa gjort. Men er Grunnen den, at Stortinget ikkje vil gjeva ein slik Tillitspost til Forfattaren av ei Bok, som ”berre stinker av Petroleum og Grabokk” – daa segjer me: vel gjort. Berre at Stortinget burde have dreget Bjelken ut av sitt eiget Auga fyrst. Dei skulde hava jagat Hans Jæger or Stortinget og røykt væl ut etter honom, fyrr dei kastad Garborg ut or Statsrevisjonen.

 

At det skal vera mogelegt for ”Kristiania-Bohêmens” Fader aa verta sitjande i Norges Storting, det er ei Folkeskam. Sett honom paa Dør! Han kann trøysta seg med, at naar Steen-Ullmann o. s. b. fær Magti, vil dei gjeva honom – kyrkjeleg Røysterett”.

 

Dette segjer Bladet i eit og same Pustande, utan so mykje som aa blunka med Augo. Er det ikkje Høgre-gjerd, fullgod Høgre-gjerd?

  

I Skien  hev eit Samlag fenget istand ein Fabrikk, som skal støypa Stearinljos og koka Saape. Det er reint stort tillagat til aa vera her i Landet.

  

Dei skal t. D. støypa 3000 Ljos um Dagen, og vil dei, kann dei faa ferdug det tridubbelte. Saapekokeriet skal berre laga til fin Vaskesaape.

 

Ein heil Flokk  med svenske Orlogs-skuter hev ligget her paa Hamni og solat seg.

 

Prins Karl  skal liggja paa Messeltsetri i Sumar.

 

I Kvasheimsmyri paa Jadaren kom det upp Lauseld her for ei Tid sidan. Det tok Verme i nokre Smaarauk av Torv, som var uppskori og turr. Skadevermen fata i Torvi og Lynget og sjølve Jordi, so det saag fælt stygt ut. Paalag 100 Mann strævad med Slokkingi i fleire Jamdøgr; men dei fekk ikkje Raad med Elden, fyrr dei fekk gravet ei djup Grav; og yver den Gravi orkad han ikkje koma.

 

Kunstutstellingi  hev Trøndarne reint gløymt; dei hev havt det alt for annsamt med det store Landbruksmøtet.

 

Det er  fint Høyver um Dagen her aust.

 

Dei tek  alt til aa køyra Aarsens Poteter paa Torget, men dei er smaa og mjuke enno.

 

Paa Kongsberg  las Kand. Münster upp Chr. Kroghs ”Albertine”. Amtmannen deruppe flaug straks med dette til Riksraad Sørensen. Sørensen sender dette fæle Bodet til Haugland, for Münster var Bergkandidat og høyrde under ”Finansdepartementet”.

   

Haugland skreiv til Münster og vilde ha ”Forklaring”. Upplesingi var straffefri, sa Sørensen.

 

Dette er Folkeskikk dette.

 

Keiser Wilhelmskal i det seinare ha so fælt lett for aa somna. Dei veit ikkje Ordet av fyrr han Mikkjel hev vitjat Gamlingen. Men Lækjaranne hans er rædde for dette, dei trur han skal verta reint burte i ei slik Sovarid.

 

Ein amerikansk Linedansar vilde gaa yver Niagarafossen paa eit Taug. Han hadde gjort det fyrr; men no datt han og vart i Fossen.

  

130 Aar gamall  er ein Mann i Ungarn. Han er rask og rørug, har tjukt Haar, som sjølvsagt er kvit. Han eter berre ein Gong um Dagen. Han hev aldri voret gift; men teket det fælt makelegt paa alle Leider.

 

Mjølk  som held seg i fleire Maanar utan aa verta sur i 15-18 0Varme var aa faa sjaa og smaka paa Trondheimsmøtet. Det er Meyer & Co., Kr.a, som hev teket Patent paa den Tillagingi. Dei opnad ein Daase der uppe, og Mjølki var so søt og feit, som um ho nett var komi fraa Kui. Dei skal alt senda 100,000 L. um Vika til England og likso mykje til New-York; og dei fær ein 14-15 Øre Literen. 

 

Det kann koma til aa gjera Landet vaart stor Gagn dette; berre dei no fær umraadd seg.

 

Rein Luft. Aa sova for opne Glas hev støtt voret haldet for aa vera faarlegt; for me hev trudd at Nattelufti skulde skade oss. Men dette er reint bakvendt. Jau, paa myrlendte Stader er det ikkje bra, for der strøymer det upp usunde Dunstar nett um Notti. Men der, det er turrt og høgt uppe, der er Nattelufti mykje reinare enn Dagslufti.

 

Vil ein difor anda i rein, god Luft um Notti, so skal ein setja upp eit Glas i Romet ved Sida av det, ein søv i, og so la Døri staa uppe imillom. Hev ein ikkje noko Rom ved Sida, so fær ein setja eit av dei øvste Glasrøfti paa Glytt. Um Sumaren kann ein godt setja Glaset paa vid Vegg. Men Sengi lyt daa sjølvsagt ikkje staa like framfyre.

 

Ein søv betre i rein kaldvoren Luft og er mykje meire ledug og lett, naar ein ris upp, enn naar ein ligg i innestend skrall Luft. Rein Luft og reint Vatn er dei beste Helsebøter me hev, segjer Dr. Reclam i eit tysk Blad.

 

Finst det dauve og dumme Dyr! ”Ein tysk Godseigar”, skriv Die Natur, ”hev ei Ku, som aldri høyrer eit Bøss; men naar ho er aaleine i Fjoset elder ho fær Fodr elder naar dei tek Kalven ifraa ho, daa ber ho seg aat plent som andre Kyr, som rautar, men ein kann ikkje høyra anna enn ei stutt djup Guggling. Kui er fælt rar av seg og ser framifraa godt. Dei ettersaag Svelgjet og Øyrat, men ingen Ting er skadd.

  

Det skulde vera Moro aa hørya um andre hev høyrt gjetet slike Dyr”, legg Bladet til.

 

 


Frå Fedraheimen 23.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum