[Kristiania, den 29de Juli.] Ny Inspektørpost!

 

 

Det er ikkje greidt aa vera Statsraad, naar ein fyrst skal greida alle Statssaker og so sidan og hava Uppsyn med, korleis Embætsmennerne ber seg aat i Privatlivet. Det skulde ikkje undra oss, um det kunne vera Trong til ein Inspektør, som skulde reisa kringum og sjaa etter korleis Statens Tenarar bar seg aat i Privatlivet og so melda inn til Departementet, naar det var noko.

 

Det kann synast aa vera Trong til ein slik ”Treskopost”, naar me ser paa kva Finansdepartementet hev gjort med Aspirant Münster paa Kongsberg.

  

Aa nei for smaalegt Stell, ein Departementsstyrar blanda seg upp i kva Folk forvitar seg med i sine eigne Heimar. Ja hadde endaa Münster haldet eit offentlegt Møte, men han hev upplyst um at det berre var for ”en indbuden Kreds af 69 Personer”.

 

Dagbladet  segjer: ”Husker vi ikke feil, talte Hr. Haugland engang om noget som en Protest fra Nordkap til Lindesnes. Han vil ingen Protest møde her, men nok en stille Latter over hele Linjen mellem de to fjerne Punkter”. Ja Departementskrivet er heiltupp løglegt, det er visst det; det sluttar so:

Departementet skal i denne Anledning anmode Hr. Direktøren om at tilkjendegive Hr. Münster Departementets alvorlige Misbilligelse af hans Optræden ved den omhandlede Leilighed. Departementet forventer, at Hr. Münster fremtidig betre iagttager, hvad han skylder sin Stilling som offentlig Funktionær”.

 

Hadde det voret ein Embtæsmann av den gamle Skulen, som hadde fenget ei slik Preike av den høgste ”Øverheiti”, so vilde han hava sukket i Jordi upptil Armarne av berre Skam og Blygsle. Men o tempora o mores! Münster gjev ikkje so mykje som lovar Betring for Framtidi, berre leikar med det heile og meiner ikkje at det trengst noko meir Forklaaring fraa han, ”og tror heller ikke, at nogen slig vil bidrage til at stanse Departementet paa det Skraaplan, det ved Beslaglæggelsen af ”Albertine” er kommen ud paa. Jeg er fuldkommen fornøiet med Departementets ”Formentlig ikkje strafbar” og aspirerer ikke til nogen videre Loyalitet i den Sag”.

 

Mange ”skikkelege” Folk rister paa Hovudet og korsar seg yver ein slik Tone um dei ”Foresatte”, men me tykkjer det er greidt og som det skal vera. Det høver ikkje med Tidi vaar det gamle ”Underdanighedsforholdet”, at ein berre skal taka imot og tegja. Ikkje so, at me vil hava all Lydnad burt, men soleis, at Statens Tenarar berre stend til Reikneskap for kva som vedkjem Arbeidet deira for Staten; i det private Liv er dei sine eigne Herrar og hev berre Loven og sitt eiget Samvit aa svara for.

 

Um ein kunne faa istand eit serskilt Departementskontor ”for den offentlege Moral” under Sørensens, Hauglands elder Jak. Sverdrups Yversyn, tru ein ikkje daa kunne setja ut for lange Tider Arbeidet for ”Menighedsraad”?

 

Det er likesom ein fær ein Snev av Samanheng millom den Tanken som ligg til Grunn for dette Hauglands Departementsskriv og so ein av Baktankarne i ”Menighedsraadet”.

 

Politistyre!

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum