[Kristiania, den 29de Juli.] Stortingsmann Nils Skaar

 

 

segjer i Bladet sitt S. B. Folkeblad, at Grunnen til at Arne Garborg vart kastad som Statsrevisor var ”fornemmelig hans Efterladenhed og Udygtighed i Arbeidet ligesom hans uvorne og usømmelige Skriverier om navngivne Personer, især af Statsraadets og Stortingets Medlemmer”: I dette siste hev vist Skaar sagt sant, det var personleg, hemnsjuk og raa Bondepolitikk, som var Grunnen; men det fyrste um Garborgs ”Efterladenhed og Udygtidhed” det vil me kalla Lygn og Skarveferd, kann ikkje Skaar sanna Ordi sine. Elder han bør koma til ei betre Sannkjenning og fortelja Lesaranne sine det, vil han gjelda for ein Fagnamann – sameleis som Postmeistar Bentsen i Varden, som fyrst sette ut dei same Lygnordi um Garborg, men sidan laut avsanna Domen og taka Ordi i seg att.

 

Saki er den, som Stortingsmann Lauvland skriv i Bladet sitt, ”at Garborg fra Kolleger i Statsrevisjonen t. Eks. Hr. Berner, har det allerbedste Vidnesbyrd for Flid og Nøiagtighed i Udførelsen af sit Hverv, og hans Dygtighed som hans fleraarige Øvelse og Erfaring gjør ham til en særdeles fortrinlig Statsrevisor”.

 

Kor djupt Livebraudspolitikken elles er rotfest i Samfundet vaart, syner seg no i Stykkjet til Lauvland ogso. Statens Pengar og Postar vert ikkje sedde paa berre som Betaling for gjort Arbeid, men ogso alltid med ei Sideumsyn til Meiningar og Synsmaatar som ei Løn for, at ein hev same Tru som dei styrande. Lauvland tykkjer soleis det er stygt at dei hev teket Posten fraa Garborg, fordi han er ein fatik Bondegut, som hev arbeidt seg fram, og fordi han er Maalforfattar og ein god Hermann i den nasjonale Striden. Han medgjev, at G. ”desværre er kommet ind paa en vildfarende Aandsretning” og det er berre ”den personlige Sympathi for den tænkende og granskende geniale Aand” som likesom gjer, at G. ikkje hev øydelagt seg i Lauvlands Umdøme i den Vegen.

 

Lauvland set væl ikkje denne ”personlige Sympathi” upp som det avgjerande ved slike Val, han hev den Greidleiken, at han fyrst ser paa Dygdi og Hagleiken, men det er daa ein Snev elder ein Røyk att av desse personlege Umsyn likevæl.

 

Me hevdar, at ved slike Ting gjeld berre politiske og saklege Umsyn, ikkje det Slag anna.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum