”Ein Faare”.

 

 

Det var i fjor Haust. Eg skulde ha’ meg nye Styvlar, og han Olav skulde gjera dei.

Goddag, Olav!”

Goddag”, sa’ han Olav og saag upp fraa Leisten. ”Jamen trur eg du er komen heim, ja. Eg segjer meg so, eg. Kor staar du deg daa?”

Takk, som spør, eg staar meg godt. Enn du daa, Olav?”

Aa, eg rutlar paa Stubbarne og slit paa Tidi, som dei segjer; helles er det no betre enn Voni. Set deg no ned, du!”

Eg hev so gjort, Olav”.

Aa-ja, - eg hev so travelt med eit par Sko eg –”

Ja, no fær du gjera meg eit Par og”.

Du hev ’kje gløymt meg endaa, du Lars. Han Per-Olav kjem aldri til meg han no lenger. Han skal ha’ det so primpet, han, maavita”.

Truleg det. Han er no liksom av eit betre Slag og han, veit du”.

Han Olav sat ei Stund og ikkje snakkad.

Aa ja, aa ja”, sukkad han tungt, ”kva trur du, det skal henda oss Menneskjekryparne no, Lars?”

Kva segjer du?”

Aa, det kjem visst vonde Tider for oss no”.

Kva meiner du?”

Eg meiner denne Spaadomen i Bladi”.

Spaadomen? Kva Slags Spaadom er det daa?”

Hev ’kje du leset den daa? Det er um denne Faaren, som skal koma”.

Eg trur du er reint gjengen fraa Vitet eg, Olav!”

Ja ja, - Ivar hadde fenget fat i eit Blad ned hjaa Jens’en igaar, og der var spaatt um ei fæl Faare, som skulde koma yver oss no snart. Hev ikkje du set det?”

Kva er det daa? Det er Vestlp., som som er ute med noko Vas?”

Nei, seg ’kje Vas du, for eg trur verkeleg, me fær haatta anna. Dei kunne vel aldri setja slikt inn i Bladi, var det Vas, veit eg. – ”Jeg gaar i Fare, hvor eg gaar”, Lars”.

Hev du Bladet her?”

Det ligg uppaa Hylla der. Tak det ned og les, du”.

 

Eg tok det ned.

 

Der fremst stend det. Det hev nok eitkvart paa seg, at dei hev sett det fremst paa Bladet; me skal halda oss fyrebudde, veit eg”.

Um kort Tid kjem ”Ein Faare”las eg.

 

Men daa laut eg læ.

 

Nei, Jøss naa’ meg for deg, kor lettsinnig du kann vera. Gjeve, det ikkje maatte koma attum for deg!”

 

Han saag uppaa meg so saart og aalvorslegt, at eg laut halda upp.

 

Kva vil du gjera no daa, Olav?” sa’ eg.

Aa”, sukkad han, ”ein fær vona det beste og bu seg til det verste”, som dei segjer for eit gamalt Ord”.

Korleis vil du bu deg daa?”

Aa det skynar du vel. Bu deg du og; det er visst mykje meir, enn du tenkjer”.

Aa ja, Gud betre oss!”

 

Han vart forferd Gamle-Olav, daa han høyrde dette, du. Aa ja, han hev no voret som ein Hardhause, han og. Men naar ein fær sovorne Meiningar, so blautnar ein noko kvar, daa.

 

Fortalde du det med han?”

Ja, eg tykte det kunde trengast um. Han bannad svært fyrstundes baade meg og Bladet, men han mjuknad daa noko paa Slutten, likevæl”.

Korleis daa?”

Jau, ser du, eg synte honom i Aabenbaringi kor nett han slog um med den, denne Spaadomen. Det var der, som der talast um Skorpionarne og dei andre Dyr, som skal eta upp Haustingarne for Folk. Og so sturen, som Gamle-Olav var, daa han gjekk, hev eg aldri set han.

Ja, han kom til aa tapa mykje, Olav, vart det Uaar”.

Eg tenkjer det er best, du byrjar tenkja paa noko betre, du Gamle-Olav og no”, sa eg med han, ”det ser no ikkje so rart ut med dette jordiske”.

Eg er reint rædd denne Faaren”, sa Gamle-Olav. ”Og det tenkjer eg me kann vera, andre og”.

Du fær spandera 50 øre, so kann du verta fri den Otten”, sa eg.

Nei, kva segjer du? Kann ein verta fri Faaren for 50 Øre?”

Du kann faa kaupa han for det; eg skal gjerna kaupa han aat deg”.

At du Lars kunde verta soleis! Det hadde eg ikkje trutt, daa du var liten”.

Det er ei Bok, som heiter ”Ein Faare”, Olav, og den vil dei ha deg og mange andre til aa kaupa”.

Segjer du sant?”

Jadaa!”

Der stend um denne Faaren, som skal koma, der daa, veit eg?”

Truleg det”.

Aa, er det soleis no. Nei, den skulde voret gild aa ha, du. Det er vel Oftedahl, som hev skrivet ho, veit eg?”

Tenkjer ikkje det”.

Jau, kven skulde det helles vera. – Ja, den maa eg ha. Vil du kaupa ho aat meg, du daa, Lars?”

Ja, eg skal kaupa ho aat deg. So skal eg senda ho heim med Per’en”.

Ja, gjer det du. Eg vil gjerna ha ho snart”.

Du skal faa ho paa stikkande Timen”.

Og dei 50 Øri skal eg rekna av, naar du betalar Stevlarne”.

Ja, det greider seg daa”.

 

 

Stordabuen.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum