”Til Kyrkjedepartementet!

 

Lat oss faa ein lettare Skrivemaate av Landsmaalet i Bibelumskrift og Skulebøker.

  

Me trur det bør arbeidast til, at ein kann skriva meir som ein talar, so ein slepp aa øyda Skuletidi med aa øva inn for mange daude Bokstavar og gamle tunge Former.

  

Me tykkjer Professor Moltke Moe er inne paa ei rett Leid i det Stykkjet han hev skrivet i Vor Ungdom 1886¹).

 

Maalkurset i Seljor.

 

 

Dette Vedtaket vart gjort med 31 Røyster for og 1 imot.

  

Det kom fram Ynskje um, at dei andre Maalkursi skulde gjera Vedtak sameleis.

 

 

Ivar Mortenson.

 

 

¹) Sjaa Fedraheimen  for 1886. I. M.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum