Fraa Landbruksmøtet i Trondheim¹).

 

(Del 2 av 2. Fyrste del.)

 

(Brev fraa Ola Fet).

   

II.

 

Aa rekna upp dei, som tok sjølve Plomurne, 1ste Premiarne, det var no endetil det; men so aa leita ut dei likaste av alle dei andre Premivinnaranne, det er mest likso raadlaust som aa truga Talg av ein Trebokk. Det reint yrer og kryr av Premiar, mykje verre enn i ei Maurtuve.

 

Men eg fær no freista; eg fær kasta Trøya og leggja iveg med

 

1. Buskapen.

 

Hestarne er fyrst og sist dei, som det vert mest rødt um. Trøndaranne laag reint i Bakmeisi i Hestevegen; Premiarne gjekk sudyver so det stod etter det. Sørumsborken” fraa Gran fekk no, som me veit, 1ste Pr. Han Paal Øye fraa Vang fekk no au ei 1ste Premi for ”Baldur”, ein Unggamp. Tvo Totningar, Evang og Solberg, fekk kvar sin 2dre Premi. Han Ivar Meraker var den einaste Trøndaren, som fekk ei 3dje Pr.; medan 1ste Premien i same Bolken (3 Aar) gjekk til han Simen Haugen fraa Gudbrandsdalen.

    

Fjordingshestarne stod reint attende iaar; dei tok berre tvo 3dje Pr. og ein 2dre; 2dre Pr. tok han Harald Onsum fraa Veblungsnes.

  

For Merrer fekk ingen 1ste Pr.; men 4 Stykkje fekk 2dre.

 

So lyt me gaa ifraa Hestarne; men so kjem

 

Kyrne, og dei lyt ein i vaare Dagar leggja væl so mykje Brett paa som paa Hestarne; for Mjølki er no snart mest det einaste, som det svarar seg aa leggja seg etter.

  

Paa Trondheimsmøtet var det komet fælt mange Kyr au; dei var møtt fram fraa alle Leider.

 

Han Brede Svenneby i Soløyr var no Basen for dei han; han tok 1ste Premi. Ja so hadde han Kyr au, han. Dei var so feite og blankpussad, so det var Moro aa sjaa dei; og slike Mjølkemerkje dei hadde daa! Det var reint Ovverk det.

 

Kontrollør Kofoed fraa Skauger fekk 2dre Pr. og Jakob Rytter Kjelland fraa Hummelvik fekk 3dje. Alt for gilde Bølingar.

 

Aas Landbruksskule fekk 1ste Pr. for ei Ku og Jens Alstad, Levanger, 1ste Pr. for ein Ukse.

 

Men so var det ein heil Braate, som fekk 2dre og 3dje Premi. Eg fær berre nemna nokre, som eg totte var framifraa flinke til å ha væne Dyr: L. Jensen fraa Ranheim og Fenne paa Tangen.

 

So kjem me til Griserne  daa. Her var Roting og Grynting, so det tok. Han Brede Svenneby var fremst her au han; han tok 1ste Pr.; 2dre Pr. fekk Rotvold Asyl. 3dje Premi tok Reitgjordets Hospital og L. Jensen paa Ranheim.

  

No fær me taka ein Tur til Hønurne. Dei vorp og gol og tok 1ste Premiar so det fauk etter, men aa rekna up alle desse hev eg ikkje Tid til.

Bie-sjaaet  kunne voret mykje betre, hadde det ikkje voret dette Aarsleite, og dei fleste meiner vel aa koma til Fredriksstad au kanskje. Ivar S. Young Kr. a og H. A. Ellingrud Leirsund var dei likaste, og hadde mykje søte Greidur aa syna fram: Honing, Mjød og Syltety; men som sagt er, det kunne voret meir.

2. Maskinar og Reiskap.

 

S. H. Lund & Co. hadde no fælt mykje her uppe og han tok Gull-medaljur, so det sa kost.

Aadals Bruk og Heyerdal & Co. tok kvar sin Sylvmedalje. Frognerkilens Fabrikk fekk no Kongens Gullmedalje.

 

Dei hadde voret ute og prøvt allslags Gards-reiskap au denne Gongen, so eg lyt tru, at ein kann lita paa denne Premi-utdelingi. Mesna Bruk fekk Sylvmedalje for Slaamaskinen ”Gausa”.

3. Korn- og Fræbolken

 

var no sjølve Knuppen paa heile Møtet lell han daa, den var reint makalaus; men Utlendingarne strauk avgarde med dei høgste Premiarne; men eg saag no det, at me Nordmenner au hev teket til aa hespa etter, so me fær vona, at dei ikkje skal ha Yvertaket altfor lenge no. Tvo Gullmedaljur gjekk til Danmark og ei til Sverik, som me veit. Det var eit heit Ordskifte au i den Greini av Møtet.

 

So hev me att

 

Heimegjort Arbeid.

 

Dette var det ikkje so lite av her; men noko framifraa fint Arbeid var ikkje aa sjaa likevæl.

 

Men naar ein hugsar paa, at det er ikkje lenger enn sidan Eilert Sundt og Asbjørnsen livde, at me tok opp att det nasjonale Heimearbeidet, so lyt me vera glade, at me hev komet so godt paa Glid som me er.

 

Industriskulen i Kristiania fekk daa Kongens Gullmedalje.

 

Frølich og Frua hans fraa Kristiania hadde au mykje fint Arbeid her, og so alle Krøplingskularne daa; dei lyt ein ikkje gløyma.

 

Av Treskjerar-arbeid var det mykje, men ikkje noko sers.

 

Ja no fær eg ikkje Greide paa meir eg, anten det so gjeng so elder so. Eg hev strævat og balat og sellat so godt eg hev kunnat, og eg trur no det, at eg hev fenget fram all Vegge-randi  au. Um det skulde slengja nokre Lett-korn med, so fær de orsaka meg – det var vælmeint.

 

Farvæl Nidaros, eg lyt attende til den heite Tiglomnen, me kallar Kristiania.

 

 

¹) Kom for seint til fyrre No. Bladst.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum