Fyrespil paa Kyrkjetukt.

 

 

Fekk me ”Menighedsraad” og Kyrketjukt her i Landet, vart det furdeleg og fælt aa liva. Alle som elskar Fred og gode Dagar allvist, kom daa til aa røma utav Landet. Det er berre gagnlegt, at det ender og daa hender slike Ting alt no, som peikar paa, kor hyggjelegt det vilde verta i framtidi. Me hev væl ikkje ”Menighedsraad” endaa, men me hev Prest og Medhjelparar i kvar Bygd, og jamvæl desse kann driva det til noko, naar dei rett tek Tak.

 

I Aremark er det ein Prest heiter Aagaard. Ein Mann fekk eit Barn, som skulde døypast, Faddararne vart nemnde, og det var ”efter den almindelige Opinion pene” Folk alle saman, var det meint. Men det meinte ikkje Presten. Det var serskilt ein av desse ”pene” Folk, som Presten ikkje vilde hava med, for han er slik, segjer Presten, at han vilde verta vist burt som Fadder kvar han so kom, og all Stad der Kyrkjetukt vert brukad. Eg vil ikkje nemna Namnet korkje paa han sjølv elder paa dei som hev sannat, at han er ”en almindelig agtet Mand”, segjer Presten, men han trugar med, at han kanskje vil gjera det sidan. Og elles so hev han Medhjelparanne paa si Side, segjer han, for dei hev skrivet under paa ein Attest, som gjeng ut paa, at Mannen korkje er ”pen” elder ”agtet” og at ”skal Kirketugt overhovudet udøves, maa det udøves paa den Mand”, og dei sluttar so, at ”dersom nærværende Attest ikke er tilstrækkelig, kan vi Medhjælpere skaffe et ligelydende Vidnesbyrd, undertegnet af fleire Vitterlighedsvidner”.

 

Med det same vedkomande Mann fær sjaa dette i Bladet, skriv han eit Stykkje og meiner paa det, at ”Pastor Aagaard skal slippe for at være den første, der offentliggjør vore Navne, hvormed han truer paa en Maade, som om han vilde sætte oss i Gabestokken”. Han heiter A. N. Ytterbøl, segjer han, er Gardbrukar og Postopnar i Ødemark og Kommunerepræsentant. So nemner han og alle dei 48 Menner, som hev sannat, at han er ”en almindelig agtet Mand”.

 

Her ser me daa eit Tilfelle, der Bygdedomen og Prestedomen um ein mann er reint motsett. Til aa skilja den Trætta maa daa væl Prest og Bygdefolk til aa prosedera um Mannens heile Livnad, og det kann væl verta ei morosam Sak for dei, som hev sitt Liv i slikt, men til Skam og Skjemsle for alle sanne Kyrkjevener.

  

Og ein kann lita paa, at fekk ein ”Menighedsraad” og ”kyrkjelege” Røysterettsreglar, so vart det ikkje berre ein og tvo Gonger, at slikt hende, men til kvart Aar vart det fullt upp av slike Trættur um privat Mans Liv millom Presteflokken og Bygdefolket. Det kunne føra til det, at brae og skikkelege Folk, ikkje torde melda seg ein Gong til Innskriving i det kyrkjelege Manntal, sjølv um dei var aldri so vælvyrde fyrr, for ein kunne ikkje vita, kva som kunne verta sagt um dei, naar han skulde prøvast av dei kyrkjeleg reine. For sjølv um han ikkje viste noko med seg sjølv, som tyngde paa Samvitet, og sjølv um Stordelen av Bygdefolket hadde full Tru til han og sette’n i dei høgste Tillitspostar, so vilde det likevæl vera merkjelegt, um ikkje ein elder annan gløggsynt Pietist vilde finna einkvar Tingen, som det kunne byggjast Mistanke paa, og naar Mistanken fyrst var vakt, vilde det vera nok av dei, som vilde nøra Elden, og snart vilde det frasa lystig upp i Kjeringrødurne i Bygdi, og Mannens Ære og Vælferd kunne verta reint utskjemd. Det som trengdes til det, var i Grunnen berre, um han hadde ein einaste Fiende elder Misundar i Bygdi. Ein vilde heiltupp vera gjeven i sin Fiendes Vald, berre denne viste aa leggja seg lite Grand frami det. Og sjølv um ein bra Mann tilslutt kunne verta frikjend, so vilde det verta ei hard Rid, medan Proseduren stend paa, so at mange fredelege Folk kanskje mykje helder valde aa halda seg ifraa alt enn aa vaaga Ære og Vælferd i ein slik Skiringseld.

  

Nei Kyrkjetukt i ei Statskyrkje, det er umogelegt. Anten maa Statskyrkja vera ei Kyrkje for Staten med jamgod Rett for alle Statsborgarar elder so Frikyrkje med fritt Val baade til aa koma ut og inn; der einast er Kyrkjetukten paa rette Plassen sin.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum