Jørund Telnes

 

 

kann vera glad no, sidan han isaman med andre hev teket Amts- og Statshjelpi fraa Folkehøgskulelærar Ullmann. Det kom svært uventande for oss Vener av Folkehøgskulen, endaa me godt visste um, at Jørund Telnes hev arbeidt i eit Par Aar for aa faa Bratsbergs Amtsting til aa gjera den Avgjerdsla. Jørund Telnes hev nemleg, ser det ut til, lagt Ullmann for Hat paa det siste. Ullmann hev, som me veit, nokre Gonger neisat kvast Jørund Telnes, fordi han ikkje kann riva seg laus fraa dei gamle galne Bestefars-tankarne, fordi han ser det nasjonale mest i berre - ytre Former, og fordi han vil liten og ingen Framgang o. s. b. Slik byrg Kar som Jørund Telnes er, og han som altid vil vera ”Far sjølv i Stoga”, kunne naturlegvis ikkje tola dette. Og daa han paa slett ingen Maate kunne forsvara seg – som rimelegt kann vera – for Ullmann, tok han det nok paa ei onnor Vis.

 

Me minnest alle det hatefulle og meiningslause Skrivet – ”Forslaget” – hans Jørund Telnes, som han sende til Ullmann paa Stortinget i fjor. Hadde han ikkje voret so sinnad, at han ikkje hadde kunnat styrt seg, so hadde han ikkje voret so galen aa senda eit sovore ”Forslag”, som han hadde so syndleg lite Ære av. Det var nok meir Personen enn Saki, som skulde knipast, ser det ut til. For Jørund Telnes kann aldri i Verdi ganga ifraa alt det gode, han fyrr hev sagt um Folkehøgskulen. Men for aa faa det paa Glid, so maatte han sjølvsagt taka fat paa ”Sagen”, og det gjorde daa Jørund Telnes. Og so lenge hev han haldet paa og masat med dum ”Bondeerfaring” og slikt noko Tøv og Vas, til det hev lukkast for han. So liten og laag Mann, som Jørund Telnes no for Tidi er, so fekk han dei fleste paa Amtstinget med seg. Og so liten og laag Mann, som Jørund Telnes no er, so syner det endaa, at han er Autoritet paa Bratsbergs Amtsting. Det ser sanneleg ikkje ljost ut, naar Bratsbergs Amts beste Bønder – skal vera – hev gjort ei Gjerd, som Storflokken av Folk var imot, og som dei vil faa Vantakk for, so lenge sunn og sann Upplysning, og so lenge god og rett Tanke- og Handlemaate er høgvyrd i Norig!

 

Jørund Telnes er – um han nokosinn hev voret det? – ikkje lenger nokon tidhøveleg Mann; Tidi hev vakset ifraa han.

 

 

Olav Jørundson.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum