Johan Sverdrup og Parlamentarismen.

 

(Del 2 av 2. Fyrste del.)

 

(Slutt fraa fyrre No.).

 

Me veit det er Folk, som undrast, naar me talar um Programmet for Framtidi, som Sverdrups Ministerium hev; for det er sume som meiner, at det finst ikkje noko slikt Program. Men Folk er stutthugsne. Det er verkeleg tvo store Saker, som Johan Sverdrup endaa hev paa Programmet sitt. Den eine er Skulesaki, den andre er Arbeidarsaki. No høyrer ein likevæl ikkje gjetet desse Sakerne so mykje, som ein skulde venta um so store Maalemne, det kjem seg av det, at dei er yvergjevne tvo Komisjonar, som skal granska dei og koma med Forslag.

 

Um den fyrste av desse Sakerne, Skulesaki maa ein segja, at det var mange gode Grunnsetningar i Framlegget hans Sverdrup; so mykje verre var det difor, at han ikkje viste meir Stødleik og Kraft, daa han sette ihop Komisjonen, som er lagad so, at han tykkjest vera meir lagad som ei Diskusjonsnemnd enn som ei Arbeidsnemnd, med Folk av alle mogelege politiske fargar, i Staden for, at der berre skulde vera slike, som var samstelte i Hovudtanken og dugelege til aa føra Tanken fram i høvelege Lovframlegg. Slik ein Komisjon vilde den Statsstyrar faa i stand, som var fullmyndig.

 

Um den andre Saki hev me iser det aa segja, at det var for tronge Grensur sette for Arbeidet, dei største og vigtugaste Spursmaal er ikkje medtekne, det er berre ein liten Snipp av sjølve Arbeidarspursmaalet, som er uppteket, det kjem snaudt fram det, som gjer Arbeidarsaki til eit Samfundsspursmaal av fyrste Rang, her er det meir Tale um visse Stand enn um heile det arbeidande Folk. Og det er det som trengst no for Tidi, at heile det store Arbeidarspursmaal kjem fram og vert dryft aalsidelegt og grundig i Samanheng med Landsens Høve.

  

Um Skuleprogrammet hans hev me soleis det aa segja, at han hev vist for liti Umsut for at det skulde medfarast av dei rette Hender, og um Arbeidarspurmaalet, at han ikkje hev vaagat seg langt nok fram. Men likevæl vilde me hevda, at den Rikshovding, som hev lagt fram desse tvo Sakerne, han hev derved synt eit program, som er all Ære og Tillit verdt. So at var det ikkje andre Ting, so vilde me tykkjast det var Skam aa klandra Sverdrups Styre.

 

Men no hev og Styret andre Ting aa Vange, som ikkje er av det gode og det Ting, som hev mykje paa seg, der hev dei eit Program, som ikkje høyrer Framtidi til elder høver med Landsens Høve.

 

Det eine er Kyrkjesaki; der hev Styret Forslag, som ikkje berre vil meinka den frie Vokstren av kyrkjelegt og religiøst Liv, men det stend ogso i Samlag med andre Tankar, som vil meinka noko av det største og gjævaste, som er uppe i Tidi vaar, Aandsfridomen.

 

Det Styret, som sette den Saki upp som den fremste paa Programmet sitt, det Styret vilde me stydja, sjølv um det gjorde mange galne Ting elles, for det hadde den Tanken, som avlar baade Fridom og Lukke og som gjev ei sikker Rettleiding til aa greida alt, som vedkjem det aandelege Liv, og fyrst og fremst daa Kyrkjestellet.

 

Det er noko anna og som Sverdrup arbeider paa, det er Auking og Styrking av Embætsverket vaart og ein stor pengesterk Administrasjon; her stend han beint imot Folksens Krav og Landsens Høve. Me hev i lange Tider sett det upp som vaar fyrste Sak aa faa Has paa Embætsmennerne, faa burt alle Latmanspostar og jamnat paa Lønerne og smurt paa heile Riksens Maskinstell, so det kunne ganga lettare, men so hev me fenget eit Styre i Staden, som aldri veit kor mykje Pengar og kor mange nye Postar det vil hava.

  

Naar me so skal vega godt og vondt imot kvartanna, so finn me tvo gode Saker paa Programmet og tvo, som ikkje er gode.

Soframt me ikkje hadde andre Folk aa velja imillom, som kunne greida dei gode Sakerne, vilde me likevæl ikkje avdøma Styret, men berre segja: lat Sverdrup standa so lenge til at han fær ført til Endes dei gode Sakerne, me kann nøgja oss med aa segja nei til dei andre, og daa fyrst kann me segja nei til heile Styret, naar det ikkje hev meir av det gode aa bjoda oss.

 

Men me segjer likevæl ikkje so, av den Grunn, at me hev andre Menner, som er likeso dugelege til aa føra fram desse gode Sakerne og som dertil hev baade Vilje og Kraft til aa faa rett Gjerd paa det andre med, Menner som hev større og sterkare Program enn Sverdrup, og som attaat vilde vita aa halda paa ei parlamentarisk Styrevis med anna Slag Fynd enn den Statsministaren, me no hev, og daa ser me ingen Grunn til, at han endeleg skal standa paa Livetidi.

 

Me held det for Rett at den er Styresmann, som best kann styra og mest kann gjera, me er ikkje det Slag rædde for Umskifte, sjølv um det skulde henda ofte. Det kostar Landet mykje meir baade i aandeleg, Framgang og i Pengevegen aa hava slike Menner til aa ro Baaten, som ikkje ror aat rette Leidi, for daa kjem me aldri fram.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum