Kristiania, den 29de Juli. [Bondepolitikk]

 

 

Bondepolitikk


er Herropet aat dei nye Høgre. Bonden som slit og slæper, Bonden som lid under Skattar og under Hardstyre av Embætsmenner av Bladstyrarar skal verjast um. Bondestandet skal vera det gjævaste, for der er Arven fraa Fedrarne, der er Dugleiken og Krafti, som vil gjera Storverk, der vil den norske Aand hava sine beste Livskjeldur o. s. v.

 

Men naar so ein Bondegut kjem fram og sannar alt dette – kva so? Dei fagnar han væl daa? Nei dei tek Maten ifraa han, for ”me simple Bønder” bør ikkje koma for langt ut yver eit Laagmaal av Kunnskap og Intelligens. Naar ein Bondegut lærer for mykje og vert for klok, for daa vil han ikkje lenger ganga den gamle ”jamne” Bondevegen, men uroar oss med mange Slag nye Tankar og underlege Paafund, som me slett ikkje hev ervt av Fedrarne – han er ikkje Bonde, han hev ikkje Bondesynet lenger, han skjemmer ut Standet, burt med han.

 

Naar dette skal vera Bondepolitikk, var me mest hugad til aa segja, at den politiske Utvikling i dei siste 30 Aar hev voret fruktlaus, so at det endaa med noko Sanning kunne segjast det same som Bondeguten Aasmund  Vinje  sagde um Bondepolitikken vaar i 1859, at

 

Partistriden hjaa oss er berre ein Strid millom Kunna og Faakunna” ogingen Ting var rett, fyrr det seg krøkte”.

 

 

Varden

 

er ikkje med paa Maalsaki. Slike Vinstreblad, som ikkje arbeider for denne Storsaki bør ikkje Maalvener stydja.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum