Lensmannen i Seljor.

 

 

Lensmannen vaar hev komet i Herklædi no. Daa kann du tru han er rar. Ein ”F.” her fraa Bygdi skreiv for ei Tid sidan eit Stykkje i Varden  og fortalde litt um, korleis Bygdepolitikken vart driven her, kor snild og godlynte sume Folk var mot Ullmann og Skulen hans. Han maatte naturlegvis her – vist han vilde fortelja Sanning – nemna Lensmannen vaar; daa han ikkje hev so lite med dette her. Han er vel den fornemste Føraren for den Flokken, som vilde Ullmann inn paa Livet.

  

Lensmannen skriv eit Svar til ”F.” i Varden. Her ser me Lensmannens Yvergangsdugleik til aa skriva saman med hans Rettsinn og Sanningskjærleik, nyttad til aa burtforklaara dei Anker, som vart framførde mot han. Men det kjem for meg, som um Sinnet hans, som sumtid so sterkt kjem yver han, flyg altfor mykje av med’n, so han segjer Ting, som han aldri turvte nemna. No kann ikkje eg so ende til segja slikt, utan at eg med det same paavisar det. Eg skal difor prøva gjera det.

 

Han freistar soleis paa aa draga seg ifraa den Kjensgjerning, at han hadde noko med den ”Erklæringi” um Ullmanns Skule aa gjera, som skulde sendast til Amtstinget. Men um dette fortel likevæl ”vonde Tungur” ei heil Soge, regtignok litt annleis enn Lensmannen si. Lensmannen kom ”tilfældig” elder ikkje ”tilfældig” burt til Heradstoga strakst fyrr Møtet var slutt. Han bodsende daa ymse av Medlemerne i Heradstyret og bad dei vera med paa ”Erklæringen” um Ullmanns Skule. Sume lovad, andre ikkje. Erklæringi vart skrivi paa Klokkarstoga og gjevi Sigurd Sundbø med Paalegg aa senda den til Amtstinget. Dette gjorde ikkje Sigurd, og ein Dag Lensmannen kom ut til han og fekk høyra det, vart han heilt vond paa han. So røder ”vonde Tungur” ja. Lensmannen paastend, at flestalle i Bygdi ikkje ynskjer Ullmann og Skulen hans. Det skulde vera Moro aa sjaa um det var sant det; kannhenda ein best fekk sjaa det med Listur og kannhenda det vilde ganga med Listurne aat Lensmannen daa, som det gjorde med seinaste Prestevalet. Hugsar Lensmannen det? Til ennmeir aa sverta Skulen segjer han det var berre Friplasselevar fraa Seljor i Vinter. Dette er ikkje sant. 3 elder 4 hadde Friplass, ikkje fleir.

 

 

E.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum