Ymist.

 

 

Folkedomen.

 

Namnet Herlofsen – Bankstyraren i Arendal – vert ikkje vælsignat i Bygderne no. Her er ein slik Dom fraa Telemork:

 

Der maa vera noko gali ve Kriminalloven kons¹). Her om Aare bleiv ein Husmansson dømd til 9 Maaners Tukthus, fordi han hadde brote seg inn paa eit Stabur og stole ei Spikjepylse. Han gjore de av Svolt han Stakar. Eg syntes de var hart. Men at Herlofsen kunne sleppe me 6 Aar for aa ha stole Formuar fraa Byar og mange Kyrkjesokner og gjort umaatelege Ulykkur og forarma Hundra av Familjer, de var reint for mildt. Difor maa der vera noko gali ve Straffeloven kons¹).

 

H. A. i Varden.

 

Inspirasjonen og Bladi.

 

Teologarne segjer, at det er berre Bibelen, som er innspirerad elder tilkomen ved guddomleg Paaverknad. Avisurne meiner dei helder hev ”Løgnens Fader” til Upphavsmann. I vaar Tid er det mange, som meiner annleis. Me saag soleis nyleg eit amerikansk Blad, Domsbasunen  elder kva det var, som sagde seg aa vera redigerad av den Helligaand. Og no lyser Carl Kongerød i Skiensavisur, at det snart skal koma eit Blad, som ”skal udgives i Jesu Namn” og endaa berre kosta Kr. 0.60 Fjordungsaaret.

 

Oftedølerne  likar ikkje, at Jak. Sverdrup og Astrup skal gøymast burt i Stockholm eit Aar, dei vil helst at det skal ganga etter Tur, soleis at Haugland og Sørensen skal avstad iaar.

 

Gamle-Erik i Kyrkja. I ein By paa Sicilien, heiter Canicattis, heldt Presten her ein Sundag ei aalvorleg Straffepreike for Kyrkjelyden sin. Med grov Røyst paalagde han Folket aa agta seg væl for Develen og alle hans Fantestykkje. Og medan han kavad med Armarne og maalad det fæle Helvite paa det alder hardaste, so peikad han paa Orgeltrevet. Der kom det fram ein ung Mann, som Presten hadde svertat i Andlitet og sett tvo digre Horn i Panna paa, ja han hadde ei lang Rove au, so han saag plent ut som sjølve Fanden skal sjaa ut.

 

Men daa kann du tru at Kyrkjelyden vart vitskremd; dei flaug upp og strauk paa Døri og var reint vitlause. Kvinnfolki daanad og Borni kvein og skreik. Men daa dei fekk Greide paa, koss det hekk i hop kann du tru at Presten datt munelegt i Folks Umdøme au.

 

I Minneapolis(Amerika) hev det brunnet upp ei stor Kveitebud. Det laag Kveite for 1 Million Dollars i ho.

 

Rispe. Det var heime, medan Bestefader styrde Garden. Ein fatik, men overlag stor, sterk og morosam Mann vart med honom ein Vaardag og lagde upp Ved paa Berrflekkom. Han gjekk i Snjo og Vatn berrføt, han. Paa ei Laag stend han no med dei blurande Beinom sine og skorade, so Flisa fauk ikring. ”Du kjem no, so skal me eta”, ropad Bestefader. No fekk han sjaa, at Karen grov og leitad etter noko, som han avgjort laut finna att.

 

Men kva i all Verden leitar du etter?” spurde Bestefader.

 

Eg hogg, bitter Daud, av meg tvo Tær og finn ikkje att deim”, svarad han.

 

(Framgang).

 

 

¹) = vaar.

 

 


Frå Fedraheimen 30.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum