”Vindsen”.

 

 

 

Kvi han Thor Tuemyr ikkje fekk ho Maren Svartaba? Der var ei Døming og Kviskring og Undring rundt i Bygdi, som galdt det aa finna ein Guldklump. Det var den attande, han hadde fridt etter, og no hadde han svoret paa, at, fekk han ikkje Maren, so strauk han til Amerika. Mannfolki, dei eldre daa, undrad seg paa, kva der var ivegen. Pengar hadde han, og Gard hadde han ivente; kva meir kunne dei so venta? Elder kanskje det var Ola Høgabø, som gjorde Ugagn no att? Kjeringarne undrad seg au, daa dei fann ut, at ho ikkje kunne venta seg so mange betre. Han var noko liten bevars; men dei kunne daa ikkje alle vera store. Stygg kunne dei ikkje helder segja han var, um det kanskje kunne høva seg noko betre, han hadde litt mindre Nos: men daa Astri Sørhaug slog paa, at han steig lenger med den eine Fot enn med den andre, daa skumpa dei unge Gjenturne i kvarandre og ropad: ”Vindsen!” og Anne Midbø, ho som han hadde fritt etter fyrst, maatte minna dei um, at han laut fira. ”Han hadde byrjat med dei likaste Gjentur i Bygdi, og no kunne han ikkje eingong faa ho Maren Svartaba”. Korum alting var elder ikkje: noko Gjentelukke hadde ”Vindsen” ikkje havt; men no, daa han hadde fridt etter Maren og fenget ”Ja” paa fljugande Flekkjen, tottest han vera so viss paa henne; ja han undrast paa, kvi han ikkje hadde komet paa aa fria etter henne fyrr: ”Var det likt seg? fara rundt alle Gardar og renna etter dei likaste Pengegjentur! _Nei, Maren! Maren!” Rett den Kvelden, daa han vart forlova med henne! Han hadde sett seg fyre, at ikveld skulde det verta avgjort; men han totte, han kunne ikkje faa seg til aa segja noko helder. Han vilde iminsto lata det drygja til dei kom upp paa næmaste Bakken; men so kunne det ikkje verta der, fyrr dei kom burt paa ein annan. Soleis hadde det mest gjenget istaa den Kvelden au, men daa dei skulde skiljast, skaut han Hjartat upp i Livet og sa: ”Vil du vera – he-he, min hustru – he-he?” ”Ja!” Dei tok kvarandre i Haandi paa det og skildest. ”Minsæl er eg ikkje vitug!” sa Thor med seg sjølv um Kvelden, daa han kom heim og gjekk inn i Fjoset i staden for Stoga. Daa Thor seinare av og til kom smettande til Svartaba, var Gamlingarne, Odd og Joren, jamt i Godlag. Berre ein Gong var Odd i Ulag: Han hadde um Dagen uvarleg slete Halen av Svartsi, beste Kui si, som var komet burt i Aakeren, og no gjekk han i Dørarne, grylte og skjende, berre nokon snudde paa seg. ”Ja men kjære vene!” sa Joren, ”det var du sjølv som gjorde det”. ”Vil du halda Kjeften din du!” skreik Odd og dreiv endaa fortare. Thor sat som ein stakkars Syndar og torde snaudt sjaa upp; men daa vesle Mons vilde vita, um det ikkje gjekk an aa setja Halen paa att, kunne Thor likevæl ikkje berga seg for Laatt, og Odd saag paa honom med sine kvasse Augo. Thor var glad, at han kom væl fraa det den Gongen. Han vart alltid væl motteken seinare baade med Hagletta og Vaffelkake og hadde mange gilde Stunder med Maren. – So skulde der vera Brudlaup paa Svartaba. Marens Syster skulde vera Brur, og Thor vart daa au bjoden. Han var ør av Glede. Var der nokon, som snakkad til honom, svarad han burt i Skoddi, og han spurde Mor si opp att og opp att, um ho hadde kosta Klædi, um ho hadde smurt Skoi aat honom. Daa Brudlaupsdagen kom, gjekk Thor att og fram for Spegelen og song. Han tok opp att og opp att dei same Strofer og kom ikkje lenger; men imillom, naar han hadde lagt Andlitet tett upp til Spegelen, kunne han gaa baklengs attyver Golvet, vrida Naseskjegget og brøla, so det skok i Akslarne:

 

 

Aa Lensmannen vaar

sat paa Brennesjap igaar,

ja der sat han og sov!”

 

Klokka var 8, og Klokka 10 skulde han gaa; men daa Klokka var 9 kunne han ikkje venta lenger, men drog Langvisaren ein heil Time fram, so skulde ingen kunna segja, at Klokka ikkje var 10. Mor hans kosta Klædi ein Gong til, og dermed dreiv han avstad. Han hadde gjort det so av med Maren, at ho skulde staa i Loftsvindaugat, naar han kom; men daa han no kom so langt, at han saag Vindaugat og ikkje Maren, vart han forfjamsat, men hugsad med same paa Langvisaren og tenkte: Maren ventar meg nok ikkje endaa. Daa han kom inn i Garden, vart han motteken av Odd helder noko kaldsleg, so han fekk ei Kjensla av, at han nok ikkje var so vælkomen, som han hadde tenkt. ”Du fær gaa inn!” sa Odd og snudde med same Ryggen til Thor og rugga inn i Kjerrehuset; men daa Joren med same gjekk forbi og lest, som ho ikkje saag honom, fekk han ein Styng for Bringa, som mest vilde kjøva honom, og han kjende, at han vart eldande raud i Andlitet. Daa han kom inn, var der lite Folk endaa, og Maren var ikkje aa sjaa; men ute i Kammerset høyrde han ei underleg Fnising og Knising, og, etter Ljoden aa døma, maatte det vera Ola Høgabø og Maren, og daa han høyrde dei nemna ”Vindsen”, vilde alt kvervast burt for honom. Med same vart Kammersdøri opnad, og der sat Maren, fager som Soli, i Olas Fang. Han sette nokre skjerande Augo paa henne og trampa i Golvet, so heile Huset riste. ”Fa’ns Trollpakk dei Kvinnfolki!” skreik han og vindsa ut gjennom Døri.

 

So var det likevæl Ola Høgabø, som hadde gjort Ugagn paa Svartaba.

 

 

T. Braasten.

 

 


Frå Fedraheimen 13.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum