Aasheimsloftet

 

 

heiter eit Hus i Seljord. Det er bygt ikr. Aar 1000. Det gjeng mange Segner um dette Loftet, so det visseleg er det merkjelegaste i sitt Slag i heile Telemork. Det er større enn flestalle av dei Lofti, som er bygde i dei tvo siste Aarhundrad.

 

At det er godt Treslag i Huset kann ein skyna, naar ein høyrer, at fyrste Høgdi, som er helder høg, berre er 7 Stokkar høg og den øvste Høgdi 9. Døri er samansett av tvo Plankar.

I Veggjene rundt det nedre Loftet er det borat Hol halvvegs inn i Veggjen. I desse hev det stadet Trepinnar, som Kvinnfolket brukad til aa renna Garnet sitt paa, naar dei skulde setja upp Veven. I gamle Dagar hadde dei ikkje Rennebom.

  

I 1791 vart Loftet flutt og sett paa Stolpar. Fyrr var det eit Jordloft, d. v. s. det stod paa ein Grunnmur som eit anna Hus. Paa Veggjen hev dei funnet Aaret 1110. Er det bygt daa, so er det no fælt gamalt.

 

* * *

 

I 1574 og utetter budde det paa austre Aasheim ein Mann, heite Tjartov Karlsen. Denne Mannen var namngjeten baade for Rikdom og Gudløyse. Dragsmaal, Mord og Mordeld var det gildaste, han visste; men han fridde seg altid fraa Straff ved Pengar. Han hadde 4 Søner; Karl, Haavard, Staale og Ola. Alle desse liknad Far sin. I 1619 slog dei tvo Brødrar den tredje ihel paa Garden Tveiten. Soga um dette er soleis: Daa Staale, Haavard og Ola hadde sitet lenge og drukket, slo Staale ei Skaal Øl i Gruva. Ola, som var Husvert, vart sinnad og gjekk ut; dei tvo andre fylgde etter og spottad. Ola hadde Kniven i Haandi og daa dei kom innatt, slengde Staale Ola i Golvet og der foor dei laust paa kvarandre med Knivar. Haavard, som kom inn seinare laup til og stakk Staale i Ryggen med Kniven, daa han tenkte, det var Ola. No vart dei skilde aat. Ola hadde tvo Rifter i Andlitet og Staale eit Sting i Sida. Trast etter kom Haavard inn med ein Kniv og ei Haandøks. Staale sprang fram, tok Øksi og jagad Ola uppi Sengi. Haavard fylgde etter og no var det Strid for Aalvor. Daa Ola kjende, at Dauden kom, stakk han etter Haavard yver Aksli aat Kona, som freistad aa skilja dei aat. I det same slo Staale til han yver Augat med Øksehamaren, so Blodet fløymde og Haavard stakk han ned gjennom Halsen, so Ola fall daud ned. Endaa han var livlaus hogg og stakk dei etter han lenge. For dette Brotet vart dei baae fredlause, og Eigedomen deira tilfall Kongen. Haavard rymde. Staale gøymde seg, fyrst i ei Berghole ved Tveiten og seinare paa Aasheimsloftet. Yver Inngangen til andre Høgdi gjorde han seg eit trefast Rom, 1 Metr. breidt, 5 M. langt og 1 Mtr. høgt. Her budde han seg paa aa verja Fridomen sin med Vaapen i Haand. Øverheiti møtte fram med ei heil Mengd Folk og kravde, at han godviljug skulde gjeva seg. Staale nektad og budde seg til Motburd. So vart dei beste Bogeskjotarar sette til aa skjota gjennom Gluggarne paa Loftet for aa freista aa faa han til aa gjeva seg paa den Maaten. Han bad dei setja upp ei Mælestong paa ein Aaker paa vestre Aasheim og som laag eit godt Bogeskott vestanfor Loftet. Daa Stongi var sett upp, tok Staale til aa skjota. Den eine Pili sette seg fast i Stongi etter den andre fraa Jordi til Toppen og soleis at det vart like stort Rom millom kvar Pil. Deretter ropad han ut til Folket, at soframt dei vilde bruka Vald og Magt mot han, skulde han skjota dei ned etter kvarandre. Daa dei saag, dei hadde eit reint Umenneskje for seg, tilbaud dei han Fridomen, soframt han vilde freista aa tyna 7 Røvarar, som alle var dømde fredlause og som paa det siste hadde faret stygt fram ikring Sundsbarm. Kunne han gjera det, so trudde dei, det var Von um, at han kunne sleppa Straffi. Staale gjekk inn paa dette og soleis slapp han laus for det fyrste.

 

Staale, som var ljot, fekk Tak i ein fillut Klædnad. Dessutan tok han ein Sekk gamle Klæde paa Ryggen. Bogen tok han med. I Haandi bar han ein Jarnpigg, som han brukad som Stav. So gav han seg paa Veg. Seint paa Kvelden kom han til ei Sæterbud ved Forenden av Sundbarmvatnet og her fann heile Pakket. Han gjekk inn, helsad og fortalde, korleis det hadde gjenget han, at no var han fredlaus som dei og bad um aa faa fylgja med dei. Jarnpiggen vilde han bruka til Piloddar.

 

Daa Røvaranne hadde høyrt, han skulde vera ein djerv og urædd Kar, tok dei mot Tilbodet hans, bad han setja Sekken fraa seg og koma til Kvile. Staale fortalde, at Klædi hans var fulle av Styggedyr, og difor bad han um aa faa sitja uppe og skyla dei i heit Vatn. Dei gav han Lov til dette og Røvaranne lagde seg til aa sova. Staale tok ein stor Kjetel med Vatn og sette vyer Elden. Daa Vatnet kokad og Røvaranne sov paa det beste, skvette han kokande Vatn i Andlitet deira og knuste Hovuderne deira med Jarnstaven sin. Ei gamal Kjering hadde so nær fenget Magt yver han; men ho laut gjeva seg, ho og tilslutt. Liki av Røvaranne skal vera nedsøkte i eit lite Tjønn trast austanfyr Sætaren.

 

For aa berga Sonen sitt Liv og at ikkje alle Pengarne hans skulde koma i Kongekassa, hadde Faren tilstadet for Presten, at Staale ikkje var rette Sonen hans. Han hadde voret i Bergen 3 Aar, og tvo Aar etter han var reist, hadde Kona fødd Staale. Baade for dette og av di han drap Røvaranne vart han friteken for Straff.

 

 

Og det var Staale Karlsen,

i Siljord gik han fri,

men efter han havde voget sin Broder

han leved’ et sørgeligt Liv.

Men Herren han fri os fra Vaade.

 

I Skov og Huler han vanked om,

hans Selskab var vilde Dyr.

Sin Føde han søgte uden Forskjell,

i Mark, i Fjeld og paa Myr

Men Herren han fri os fra Vaade.

 

I Aasheimburet et Rede han fandt,

men Rovfugle svævede om,

her maatte han kjæmpe med Næb og Klør,

thi han havde faaet sin Dom.

Men Herren han fri os fra Vaade.

 

Viss Staale kan dræbe Røvere syv,

var Frihed og Velfærd undt.

Det Spil var farlig, men Lykken var god

nu alle i Døden blunder.

Men Herren han fri os fra Vaade.

 

 


Frå Fedraheimen 13.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum