Arne Garborg

 

er altso avsett fraa Statsrevisorposten sin – skriv Maakestad i Vossebladet.

  

Aasmund Olavson Vinje  hadde ein Post som Kopist i eit Departement den Tidi, daa Styringi kom med det ellgjetne Unionsframlegget sitt. Vinje vart harm og sa si Meining i raamande, kvasse Ordelag.

 

Daa vart han  avsett.

Vinje arbeidde for aa reisa det norske Folkemaal. Men endaa han diktar yverlag godt kunne han ikkje liva av det. Han var so fatik, at han snaudt hadde Mat i Munnen. Han døydde arm og heimlaus.

 

Ved Sida av Ibsen er Arne Garborg den klaaraste Tenkjar i Landet no. Og han er ein av dei hjartevarmaste Menn, som me hev i Norig. Men so lengje hev han set paa all Stakkarsdomen og Farisæarskapen her heime, og so lengje hev dei ”kristelege” Bladi maskat med han, at dersom han no vert harm, so er han bitande kvass. Slær han til, so kjennest Slaget.

 

Garborg kann ikkje liva av Diktingi si. For han vil gjera sitt til aa reisa det norske Folkemaal. Og Bøker paa Landsmaal fær ikkje mange Kauparar enno, dessverre. Han hev svoltet og froset fyrr, Garborg, so han veit, kva det vil segja. Det var Løni for Maalstrævet hans. Var ikkje det Meiningi, Skaar og Dugstad?

 

Vinje og Garborg er dei tvo største Menn, som Maalstrævarflokken i Noreg hev havt. Baae tvo vilde hjelpa paa Maalsaki alt dei dei kunne. Dei brydde seg meir um henne enn um aa liva feitt og godt. (Soleis vart Garborg t. D. eingong boden ein Bladstyrarpost med 6000 Kr. um Aaret i Løn; men han sa nei). Og baae tvo miste dei Livebraudet for Skuld Skrivingi si. Hævare Karar er me ikkje.

 

No er alle gode Nordmenn samde um aa heidra Vinje. Alle tykkjer, at Styringi bar seg stakkarslegt aat, naar ho jagad honom paa Porten.

 

Men i det Herrens Aar 1887 gjorde Høgre og Oftedølerne nett det same med Garborg.

 

Det er ei nasjonal Skam!

 

Naar ein ser, kor jammerleg smaae mange av dei norske Styresmenner, tykkjer eg, det er slik, at ein kunne sprengjast av Sorg og Harme.

 

Oftedølerne i Tinget er ikkje hugstore. Dei er smaae! Smaae i Tankar, smaae i Hjartelag og smaae i Gjerning. Dei provad det sjølve, at det glimande Namnet, som Chr. Bruun hev gjevet Flokken ( xx: ”det kristne Venstre”), det er ei Maske, som tener til aa skøyma yver eit rikt Fond av Vesalldom.

At De, Hr. Dugstad, at ikkje De helder er større!

 

 


Frå Fedraheimen 13.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum