Boksjaa.

 

Oscar Tybring: En lægebog for sjøfolk.”Om de veneriske sygdomme og deres behandling om bord”. (0.50). Cammermeyer.

 

Denne Boki sende me til ein gamall Sjømann og bad han segja si Meining um ho; men han strauk paa Langreis, og fyrste no hev me fenget Svar.

 

Han segjer:

_ _ _Den Boki du sende – Lekjarboki _er ei framifraa god Bok. Me hev lenge saknat ei slik greid og lettlest billeg Bok um desse Sjukdomar, og denne Boki hans Tybring er so endetil og reinheklat, som ho kann faa voret.

  

Hadde den Boki voret til for ein Mansalder sidan, so hadde me ikkje havt so mange helselause Sjømansvrak som me hev; ja for det er ingen som trur, kor mange det er som plaagast av desse Svinesjukdomarne.

 

Ein fær nok ogso høyra: ”til pass, til pass!”

 

Men ein Landkrabbe hev no ikkje Rett eingong til aa døma Sjøfolk etter sitt Maal, det er Skildnad paa dei Folki, maa vita.

 

Og vaar Tid er helder ikkje so hardhjartat, at ho støyter ifraa seg nokon paa den Maaten”.

 

Ein Sjøulk.

 

 

 

Otto Funcke: Ørkenblomster. (Beyer i Bergen. 3 Kronur).

 

Funcke er ingen Framandkar hjaa oss; men han burde vera meir kjend enn han er, og difor er denne Boki, som no er umsett, ingi yverlaus Bok.

 

Han skriv lett og lidugt Funcke um baade Tru og Kristenliv; ja mang ein Gong kann han vera reint morosam.

 

Og det er det me treng, skal me faa eit Trudomsliv, som ikkje ligg i svarte Myrkret og kavar.

 

I det seinare hev han og lagt av det fæle Develskremslet, og nemner han Namnet aat ”Svartemannen” ender og Gong, so vert det berre som ei ”Brølarløve”.

 

Funcke er med dei, som vil spretta Kyrkja ifraa Staten og vil vøla paa mange slike avlegse Heimløysur.

 

Sv.

 

 


Frå Fedraheimen 13.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum