Christopher Bruun og Kyrkjesaki.

 

 

I F. fr. Chr.  21de Juli hev Bruun skrivet eit Stykkje, som vist visar oss, korleis vaare ”Reformvener” no ser paa Kyrkjesaki. Stykkjet er skrivet straks etter Saki fall i Stortinget ”Nu har den faaet Ilddaaben”, segjer han. ”Og seierrig i Nederlaget har den sprængt den første fiendtlige Forskandsning: Ligegyldigheden. Nu trænger den – under Modstand og Had – uimodstaaelig frem og underlægger sig den offentlige Opmærksomhed”. Og han tenkjer, at Norges Historie  i dette og de kommende Aar vil være uopløselig sammenknyttet med og dybt afhængig af Kirkesagens Historie”.

 

Fiendar av Kyrkjesaki, segjer han, er fyrst Fritenkjaranne, som hev god Grunn til aa hata den, for ”jo mere det gaar frem med den kirkelige Sands her i Landet, des mere vil det – selvfølgelig – gaa tilbage med dem og deres Planer. Men det, som her giver Fritænkerne deres Magt, er at de har til Forbundsfælle hele den udbredte og dybe Sløvhed for kirkelige og christelige Ting. Den er i sig sellv deres nære Frænde”._ _ _ ”Og paa denne ”skjønne Foreining” af Fritænkeriet og det sløve Vanegjængeri har saa Ullmann og hans Fæller sat et Slags christelig Saus. – Men farligere for Kirkesagen end dens Fienders sammensluttede Magt er alligevel den dybe Splid og Uforstand iblandt dens Venner. Den dybe Strømning af kirkeligt Reformarbeide her i Landet har kløvet sig i en vestlandsk og en østlandsk Retning. Sin Hovedkilde har de berre i den Vækkelse, som er udgaaet fra Gisle Johnson”.

 

Og det, som no er aa gjera, meiner han; er at Vestlendingarne og Jak. Sverdrup slær seg ihop med Prestarne, som han og trur at Jak. Sverdrup ikkje hev noko imot.

 

Hvad har saa Oftedølerne at gjøre? Ikkje andet end det som gamle Johan Sverdrup allerede har gjort. De maa heise det Mærke, som bærer Indskriften: den hele Kirkes organisation._ _ _Og Østlændingerne paa sin Side maa gjøre et lignende Skridt. De maa, lære at indse, at det kongelige Forslags Stemmerets-Vilkaar aldeles ikke er saa kirkeligt ubrugelige som de har sat sig i Hovedet”.

 

Politikken skal ikkje hindra dei fraa aa slaa seg saman i Kyrkjesaki, det er ikkje verre um Oftedøler og Høgre slær Lag, enn naar dei Reine og Høgre slo Lag um aa tyna Jak. Sverdrups Framlegg. Eit slikt Samlag i det kyrkjelege hindrar ikkje meiner han, at i Politikken arbeider Oftedøler og dei Reine i hop. ”De skal holde samen om det parlamentariske Styre, sammen om det nuværende Statsraad, samen om at gjennemføre Hærordningen, Juryen og de øvrige Mærkesager. _ _Det som skiller de to kirkelige Reform-Retninger fra hinanden, bør lige saa lidet have Lov at spilde deres store kirkelige Samarbeide, som det, der skiller de to Venstre-Grupper, bør kunne føre til Opgivelsen af Parlamentarismen eller til at lade Johan Sverdrups Statsraad falde”.

 

Lat oss no sjaa paa kva det er for ei Sak, som Bruun segjer hev fenget ”Ilddaaben”. Det maatte daa vera noko nytt og stort, eit gjævt Barn, naar han brukar sovorne Ord.

 

Nei, dei store Ordi hans Bruun gjeld no berre smaae Tankar, gjeld berre ei Konservering elder Fastbinding av den Utviklingi, som Gisle Johnson var Far til, Fastbinding av den Kyrkjelæra, som Folk hev trutt, at B. vilde sprengja, Organisasjon av den Statskyrkja, som me tenkte, at B. vilde løysa upp.

 

No kjem det fram meir og meir, at B. i Grunnen er ein konservativ Mann; det hev me alt set i det nyaste Programmet hans: det aa strida imot Teologi og Fritenkjarskap; berre Strid til ymse Kantar og ikkje Framsetjing og Hevding av noko nytt. Men no hev han slegjet av den eine Delen av dette Programmet ogso: Striden imot Teologi og Prestevelde, for no vil han vera med paa aa gjera Klerikalismen sterkare enn fyrr.

 

Korleis kann ein Mann som B. tala um Kyrkjesak, naar me endaa ikkje hev nokon slik? Korleis kann han tala um ”organisera Menigheder” og Kyrkja, naar me endaa ikkje hev anten ”Menighed” elder Kyrkje? Og B. skulde vera ein Mann med dei ideale  Krav til Livet!

 

Elder kallar han denne syndlege Statskyrkja for Guds Eign paa Jordi, kallar han vaare ”Menigheder” for Herrens utvalde frie Forsamling? Kvifor byggja Borger og Vollar um Gamle Fedraleivur og morkne Stuvar? Skulde me daa ikkje helder taka Luren og ropa til Uppreisning av nytt Liv, av ny sterk Tru, av nye Aandens Krefter, som hadde Livskraft til aa skapa seg Former og organisera seg sjølve i Staden for aa blaasa ut dei gamle Belgar?

 

Tidi vaar er ei Stortid, ei Nyskapingstid med sterke Reisningskrefter paa dei gamle Tufter, kvifor daa helder ikkje vera med der og byggja ei fullfri Guds Kyrkje paa Jord framfor aa fli um det gamle Loftet, framfor aa ofsa upp slike smaalege Bakstrævsplanar, som er noko av den smaalegaste Politikk her er førd i dei seinare Tider?

 

Kvifor ikkje lyfta Fana heilt upp og tona Herropet utyver heile Norigs Land: Burt med alle menneskjelege Paafund, burt med alle Jarnband, som meinkar Aandens Liv og Verksemd paa Jord?

Me hev ei tung Anke og eit hardt Andsvar aa leggja paa mange av vaare kyrkjelege Menner som Bruun, Arvesen o. fl., at dei ikkje hev hindrat all denne aandelege Armodsdomen, som kjem fram i vaare Dagar. Dei skulde hava lyft Herropet um Utfriing og Forløysning av Guds Kyrkje utor Statens Jarnklør, dei skulde ha teket til Maals og reist dei store Krav og sett dei upp til Program ved Vali, dei skulde hava gjenomglødt Folket – og kven veit, um me ikkje alt kunne hava vunnet fram. Men i Staden brann dei berre innvortes og hadde ikkje Mot og Manndom til aa vaaga noko heilt ut reint og klaart; berre Fjørtofts Maal er som ei klaar Røyst i Øydemarki.

 

Aa daa hadde me sluppet all denne Sverdrupske Agitasjonen med sin Tøyg og Taning og den altfor vesle Kropp i dei store drustelege Klæde.

 

Ei religiøs og kyrkjeleg Rørsle skulde me havt, fyrr me skreid ut paa den politiske Haalisen, daa hadde det voret anna Slag Stødleik i han. Ei Religiøs Rørsle var det som fyrebudde Reisningi i 1814, ei liknande religiøs Rørsle men paa sunnare og friare Grunnlag skulde me havt fyrr den siste politiske Ridi, daa kunne det og vortet ei Reisning jamgod og betre enn i 1814. Men i Staden kom berre Johnson og vilde kveikja upp att gamle Brandar og Sverdrup likeins i Politikken, og so frasad det upp ei Stund, men so kolnar og svartnar og all Ting no, og vaare politiske og kyrkjelege Førarar ligg og skarar Snorturne ifraa gamle Dagar.

 

Me tenkjer det skal syna seg, at det som er dei verste Fiendar av denne Kyrkjesaki, B. talar um, det er korkje ”Fritænkeriet” elder ”det sløve Vangjængeri” elder ”den skjønne Forening” av desse tilsett med ”christelig Saus”, men det er dei som hevdar full Fridom og Sjølvstyring, fullt Velde for Kristi Kyrkje, for Aandens Krefter i Heimen.

 

Ja um ikkje fyrr, so vil den rette Kristi Son, Ervingen ”efter Forjættelsen”, den friborne Kyrkje verta fostrad og boren fram av sterke Hender, alt meir som ”Trælkvindens” Son veks upp og vil gjera sitt Velde stort ved Hjelp av dei Megtuge i Heimen.

 

Og no meiner me, at Tidi manar alle med Mot og Manndom i til aa taka seg av Kristi Kyrkje, skal ikkje Statens Kyrkje og Prestekyrkja alt faa Veldet for stort. Aa berre den rette visar seg og kallar paa sine Born, so vil den hi røma som bleike Skuggar og ein treng ikkje kosta Gravøl paa ho.

 

Med andre Ord: reis Kravet um full Skiljing millom Stat og Kyrkje, med fritt Val for den, som vil vera med elder vera utanfor ei Kyrkjeavdeling, og lat so Staten anten byta ut det, som høyrer Kyrkja til, etter Manntalet i dei ymse Religionssamfund som melder seg som ordnat Samfund; elder um og Staten drog inn Kyrkjegodset og dei gamle Kyrkjeinntekterne og brukad dei til Skule og Folkeupplysning.

 

Naar berre eit slikt Forslag kom upp og vart framhaldet av dugelege Menner, so vilde snart alle statskyrkjelege Rivebikkjur faa so mykje med det aa gjera, at dei maatte sleppa det Beinet dei hev aa gnaga paa no og kasta seg yver det nye, og so vilde baade ”Nedanfraa og Ovanfraaorganisasjonen” siga aat gule Fossen og ingen vilde finna det att meir.

 

Med andre Ord: ein radikal Kyrkjepolitikk er einaste Raadi i all denne Vanskipnaden, einaste Boti imot, at Livet skal beina og steina seg ut i berre Organisasjonar.

 

Men kven er Kar til aa reisa det heile krav? Ikkje ein Gong Ullmann – han tenkjer for mykje paa sine eigne Minoritetar ”Valgmenigheder” – og daa endaa mindre Steen elder andre. Og um so er, daa kann B. hava Rett i det, at det er Likesælasom er det største Mein for Utviklingi, men paa ein annan Maate enn han meiner. For Likesælai Folket den vil ikkje vera Fiende men Ven av det ”kirkelige Reformarbeide” med ”Underbygning” og ”Overbygning”, berre det vert gnaalat og masat lenge no, so vil Likesæla verta trøytt og svara til alt dei bed um. Men Fienden det er dei, som held paa det ideale, dei som trur paa Kristi Lyd, at han er Saltet i Verdi.

 

So at til sterkare Trui og Aandens frie Liv vert, til sterkare vert og Motstandet imot dette, som kallar seg ”Reformarbeid” og Kyrkjesak, men negta baade Saltet og Krafti.

 

Me hev den Tru til Kristi Kyrkje, at ho vil greida seg mot alle desse ”bedrøvede” Venner, som sameleis som Rebekka vil leggja den lodne Hamsen kringum den rette Ervingen og stela Venskap og Vælsigning og Vælstand av den Megtuge.

 

Nei, utskjemde vert Kristi Stortankar paa Jord – skreiv Fjørtoft i 1871 – naar dei skal kilast inn i Samfundstrøya og skal leggjast paa Juristlæsten, som dei no saumar upp Uniformar etter. _ _Ein kjem til aa minnast Storegut, daa han tok imot sine Herklæde:

 

 

Men til Guten so stor og fager

var dei Klædningar alle for smaa.

Av dei hundrade gangar paa ”Lager”

var der ingen han kunne faa paa

utan Tøyging i Ty, so det brakad

i dei største, han kunne faa fat,

og med Spaning og Slit, so det knakad,

og Saumarne rivnad og spratt.

 

I det B. skriv, er det mangt underlegt, soleis naar han manar til Samanslutning av Høgre og Oftedøler i det kyrkjelege og Vinstre og Oftedøler i det politiske. Kva er det desse siste daa skal samla seg um? Jau millom anna i aa gjenomføra Juryen og Herordningen. Ja men det er daa gjort, kva trengst det so meir Samling etter for den Sak Skuld? Iser skal dei daa samalst um det parlamentariske Styre og ”det nuværende Styre”. Me meiner, at det er ikkje noko vidare meir Samling i eit slikt Program, enn det er Semje imellom det aa halda paa Parlamentarismen og aa hava Tillit til Johan Sverdrup. Dei tvo Ting tykkjest snart helder aa vera motsette kvarandre og aa kunna skapa tvo serskilde Flokkar enn aa vera eit samlande Merkje. Og daa kjem det til aa gaa so all Vegen, som B. no fyrst manar til i det kyrkjelege: Oftedølerne gjeng saman med Høgre baade det eine og det andre. Dei ”reine” vert Sentrumsparti, og me fær ein radikal Flokk, som kjem med heilt Program baade i Stat og Kyrkje, so at dei hine fær nok aa gjera med aa taka paa dei.

 

 


Frå Fedraheimen 13.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum