Flogvit elder store Menner korleis dei er lagad.

 

(Del 1 av 3.)

Det er inge, som vert so miskjende som Flogviti. Og likevæl er det inge, som er til so stort Gagn for Menneski som dei; so at kunne me læra aa skyna dei noko meir, vøre det ikkje ein Forvitenskap berre, men det hev praktisk Verde for oss likesom ein annan Samfundsvitenskap. For dei store Mennerne, det er Aasarne som Hjuli under Heimssoga svingar seg umkring, noko som me ofte ikkje kjem til full Sannkjenning av, fyrr lange Ævur etter dei er avfarne, og kor mykje mindre Gaum gjev me daa ikkje paa dei den Stundi me hev dei svivande millom oss her paa Jordi. Um me kunne læra aa vyrda Flogviti medan dei var livs livande, so vilde baade dei sjølve vera meir lettfløygde og det medlivande Samfund vilde kunna suga Kraft og Livssaft utav dei, i Staden for at det leiver den Ætti, som sidan liver aa njota Frukterne av Arbeidet deira og sjølv sjeller og skjemmer og svelter dei ut.

 

Grunnen til at me hev so vandt for aa vyrda og meta Flogviti, er helst den, at dei gjeng under noko andre Lovar enn Folk flest; og endaa naar me ikkje kjenner desse Lovarne, dømer me dei ut ifraa vanleg Mannaskifte og gjer Domen skeiv og skakk. Ein annan Grunn er ogso, at dei er so radikale, at me anten argast elder berre lær aat dei.

 

Det stend eit Stykkje i den danske Tilskueren  um slike Folk, og me vil her gjera eit Utdrag av det.

 

Skal ein til og kanna dei store Mennerne fullvæl, so gjeng det, som naar du kannar Stjernurne, dei ruver so ovfoldom, men det er ikkje noko høgt Tal paa dei likevæl i Røyndi; det vert snaudt meir enn 500 Flogvit. Endaa det for alt det kann hava voret mange Gong fleire Flogvitsemne, som ikkje hev fenget rette Fløyten i seg, daa dei hev vantat Midlar, Heppa og framtaket til aa faa full Vokster.

 

Det er mange Villmeiningar um Flogviti, her skal nemnast tvo. Folk meiner, at Gjetords Folk døyr so tidleg, men i Røyndi er det so faae av dei Flogviti, som er stuttlivde, at ein mest kann telja dei alle saman paa Fingrarne; skriv ein upp Alderen paa namngjetne Menner, so vil ein sjaa, at Jamnalderen deira er mykje høgre enn hjaa andre Menneskje. Sjølv Prestarne er ikkje meir langlivde dei.

  

Av ei Liste paa 500 Flogvit finn ein nemleg, at Jamnalderen er væl 64 Aar.

 

Grunnen til, at slike Stormenne fær so langt eit Liv er væl for det fyrste den, at dei hev havt sunne livskraftige Foreldre. Flogvit og Livskraft heng paa ein Maate ihop. Kor veikt og Flogvitet sjølv stundom kann tykkjast vera, so er Foreldre og Fedrar som oftast sterke og langlivde Folk. Store Menner hev som oftast nervøse og jamvæl sinnsjuke Skyldfolk, men det nervøse Huglaget gjer ein meir seiglivd enn noko anna Huglag. Det er Von til, at den store Mannen sjølv ikkje vil kunna setja nye Stormenner inn i Verdi, kann og vera, at Ætti sloknar med han; men den Stuven, som denne store Greini hev stokket utor, maa det vera Merg i, og Livskraft er erveleg.

  

So er det og den Lov i Naturen, at di meir fremdad og vitrad ein Vokster elder Organisme er, di meir er dei livssterke sjølve og di mindre økslar dei seg. Likesom Økslingi minkar og Livetidi aukar etter Senn, som me gjeng fraa Fisk til Krjupdyr, og so uppigjenom til Spendyri, sameleis finn me det, naar me gjeng fraa dei laagare Menneskjeslag til det høgre ifraa Kropsarbeidarar til dei som strævar med Heilen og til dei lengst framkomne, Flogviti.

  

Dinæst plar ein sunn Kropp og ein god Heile fylgjast; for Heilen er ogso ein Del av Kroppen. Ein undrast som yver eit Aabine, naar ein finn ein stor og sterk Heile i ein liten og vesall Kropp, det er som naar ein ser eit lite vekt Tre tyngd og bøygd aat Marki av ei Ovmengd med Frukt.

 

Det er ei Sannsegn, at det skal vonom meir baade Mot  og Vilje  til aa verta namngjeten. Framtaket  og Energien er det, som fyrst og fremst gjeldst um for den, som skal vinna Frægd i Heimen, og Viljekraft hjelper til aa lengja Livet.

 

Det hender væl einkvar Gongen, at store Gaavur naar langt fram utan nokon serskild Tøyg og Spaning av Viljen, men det er daa dei allerfleste, som hev naatt fram berre ved, at dei tok i med Viljen og brøytte  seg Veg. Dei namnngjetne Folk vert aagjetne, fordi dei ikkje vilvera ukjende, dei vert gamle, fordi dei ikkje vil  døy.

 

Dei største Aander arbeider ogso ofte mykje lettare enn andre. Det største Verk vert ofte gjort med minst Slit og Møde, det er nett eit Kjennemerkje paa Flogvitet, at han flyg lett liksom Fuglen, der andre ikkje kann fara utan krjupande.

 

Ei onnor Villtru um Flogviti er den, at mange av slike Verk, som hev Meistarsvipen, er gjorde fleire Aar etter at Upphavsmannen hev naatt sterkaste Lekamskrafti. Men ein ser, at fleire Stormenner hev døytt ungleg, utan at ein kann segja for visst, at dei vilde hava komet mykje lenger, um dei hadde vortet langlivde. Ein vil væl vanleg finna, at Flogviti vert gamle, men so finn ein og, at dei Verk, som hev gjevet dei Namn, hev dei skapat i ein nokso ung Alder. I Einmennom, i Armod, Naud og Trengsle og Motstand av Samfundet hev vanvyrde og mismætne Menner gjort aa kalla alt  det, som hev gjort deira Namn stort paa Mannaætti si Minnetavle.

 

Det plar vera millom dei 35 og 40 Aar, at Folk er likast, endaa mykje godt Arbeid er gjort umkring det 30ande Aar, ja meir enn som vert gjort ved 50 Aari og sidanetter. Den beste Arbeidstidi er fraa 30 til 45; det synest, som um dei stadnar fyrr, som hev byrjat i ung Alder.

 

Elles er det so, at ein kann nok skapa meir i ein høgre Alder, men det beste Arbeid vert gjort tidleg, for til noko fullgodt Verk krevst det Eld og Kraft i Hugen, medan ein sidan kann berga seg med Røynsla og Tamen elder Rutinen. Ungdomen hev Eldhugen, Alderdomen Røynsla, der desse tvo møtest, vert det baade beste Samhøvet og meste Krafti, og det er ved 40 Aari. Etter den Tidi aukar Røynsla og Visdomen, men Eldhugen og Vaagssemdi minkar. Det moralske Mot er kanskje det, som er mest sjeldfengd hjaa dei eldre. Du veit at Sparehugen er størst hjaa dei rike, dei som minst treng um aa spara; sameleis er det med vundet Gjetord og stort Namn. Ein vert varsam, atterhalden og rædd, naar ein tenkjer paa, at ein kann missa det. Ein vert kløkk og næpen for Kritikk og ottesam for Motstand og Opposisjon i Staden for Opposisjonshugen og Dømingarne, ein sjølv gjorde, medan ein var ung. Og det er nettupp Motet, stort og mykje Mot som skal til, naar ein skal skapa noko nytt og stort.

Den naturlege Døden er i Røyndi ikkje so mykje ei einskild Hending, men ei lang Burtslokning, for me døyr ikkje paa ein Gong, men Stykkje for Stykkje; Blad for Blad, Grein for Grein dett av Treet, til dess det stend snaudt. Den, som liver lengst uppliver smaatt um Senn si eigi Jordeferd. Den namngjetne Gubben, som me gravlegg, hev verkeleg haldet paa og døytt i dei siste 20 Aar.

 

Det er ikkje mange Undantak fraa denne Regelen um den Alder, som skapar Storverk (Benjamin  Franklin  t. D., som fann upp Forklaaringi av Ljonelden, daa han var 50 Aar, og Pasteur, som fann upp aa nytta Vaksinasjon imot vonde Sjukdomar, daa han var 58 Aar), naar det tykkjest vera fleire, so hev det seg so, at sume drygjer til dei vert eldre med aa føra fram for andre det, som dei hev funnet sjølve i ein yngre Alder.

 

I den fyrste Del av Livet sitt samlar Kunstnaren Inntrykk og freistar aa forma dei med ein Oe og Otte, som stundom er til Plaage baade for han sjølv og andre. Sidan kjem inkjenoko nytt til, men etter kvart løyser han seg fraa sine Modellar og skapar sjølv livande Verk.

 

Store Menner gjev som oftast meir og beter Ting i Samtale, naar dei vert eldre. For Røding elder Konversasjon er berre ei Utnytting av dei Røynslur, Kunnskapar og Tankar, som ein hev samlat seg utigjenom Tidi. Den som arbeider mykje med Tankar sjølv, medan han talar, er ein vesall Selskapsmann. Høyrer du ein gamall Mann bera fram store Tankar, kann du vera stød paa, at det er ikkje Alderdomen, men Ungdomen, som talar med Alderdomens Røyst; dei same Tankar, som vart fødde i Heilen hans med Verk og mange vonde Rider, dei veg han no paa nytt Lag og straar ut, utan at det leitar nokor Evne.

 

Desse Utfinningar kannhenda vert like mistykte av Ungdom som av Midalders Folk og Gamlingar. Det er leidast for dei, som er nær dei 40, for snaudt 1 av 10,000 æresjuke i den Alder hev naame nær naatt det som sveiv dei for Hugen i Ungdomen. Dei minnst ikkje Tap, Usigrar og Mistende, men vonar, at Framtidi skal gjeva dei det dei saknar av ”Fe og Frægd”. Til slike kann berre segjast: det beste av dit originale Arbeid hev du gjort, det er berre ein titusinde Del Krans for, at du sidan vil gjera noko ovstort. Rikare og meir namnfræg kannhenda du vert, men um so er er det berre Verkningi og Løni for det, som dei fyrr hev gjort. Livet kann og raaka til aa verta meir sorgfritt for Skuld betre Vilkaar, som Samfundet byd, og i so Maate lukkelegare. Men den høgste Lukka naar ein kannskje gjennom sjølve Arbeidet. Skal ein tru dei, som skynar seg paa det, so er det ikkje større Sæle til, enn naar ein ny Tanke vert fødd i ein ung Heile.

 

 

(Sluttar.)

 

 


Frå Fedraheimen 13.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum