Preikemåle åt prestom.

 

(O. J. Høyem i Tiden).

 

 

De’ ser mest ut for, at dette vil bli ved de’ gamle. Først preiketonen kjem, og han kjem, først dei kjem for altere, i kordøra eller på preikestolen, so kjem ikkje berre preiketonen, men, med honom, preikemåle au – de’ reine danske, like til dei blaute medlyd: t. d.: Lader os smage denne kage! for: lat os smake denne kaka o. s. v. Ein og annan kan de’vel fins, som meir nerme seg den kvardagslegare uttalen av danskemaale i dei norske byom, ja som slæ ini eit og anna norsk orde au; men de’ er langt imillom dei karom hos os ænno dessverre. Preike på reine norsk gjer vist ingen, de’ eg kan tru. De’ skulde då vera ein slik som presten Bårtveit på Akerøyen de’ då. Men eg har ikkje høyrt gjeti de’ heller. De’ einaste, eg veit, er, at Kristofer Janson ein søndag, med’ han var i Gausdal, heldt ei god preike på reine norsk.

 

Som vi veit, fek vi alt for fleire år sedan eit påleg frå både riksstyre og stortinge, (ændå var de’ de gamle riksstyre au) om, at lærarstande skulde bruke tala sit mål i skula, dels for å lette bornom forståelsa og korte alle desse målforklaringane, dels for gjennom hjartemåle (morsmåle) å gjera skulen og oplæringja kjær for dem. ”Kun løs er al fremmed tale!”

 

Men gjeld dette for skula, skulde eg tru, at de’ gjeld ændå meir for de’ arbeide, som prestane har å gjera iblandt os. Vi har au fleire retleidinga i den vegen ifrå aposteltiden, ikkje berre frå den første pintsedag, ”då kvar høyrde Jesu sendemenner tala åt seg i de’ måle, som kvar var fød uti”; men vi ser de’ likso mykje frå levnadslaupe åt dei mest framståande apostlom, slike som Peter og Paulus. Når dei steig fram, tala dei stødt i de måle, som var dei tilhøyrande sit. Og de’ nemnes ændå like ut, at når dei hadda blanda tilhøyrarhopa med ømse morsmål, so reiv dei skjiftevis med seg den delen, som dei bruka morsmåle åt.

 

De’ var her ein dag, at eg tala med ein sørfransk katolsk prest om målstelle i de heile både her og annerstads, serleg om folksens oruggeleg ret til høyre gudsorde på de måle, som dei er fød uti. Eg arga då presten for, at den katolske kjørkja forgude latinmåle i alle land, ændå utanfor dei romanske landom, der dette måle ikkje er oldmål for dei nolevande folkemålom, sosom for fransk og ænmeire for italiensk og spansk portugisisk. Til dette svara presten meg, at ”dei katolske prestane likevel var meir frilyndte og folkelege i preikemåle æn dei norske prestane”. Då eg tilstod, at de’ t. d. i Frankrige altid var betre æn her, for so vidt som bokfransken er grunlagt på berre franske landskapsmål, medan bokmåle hos os skriv seg ifrå Danmark, kom han med ei heilt merkjeleg oplysning! Han fortalte meg, at ”dei franske prestane utover bygdene i Frankrike sletikkje preike på høgfransk eller bokmål, men bruke de’ målføre, som høyre den egn eller de’ fylke til, som sokne lig i. ”Og dette gjer eid”, sa han, ”fordi at ålmugen vilde ha den største møde med å skjøne preika, dersom presten bruka bokmåle”. Tek prestane slike hensyn hos os? Kor vi lig i leirdengjon!

 

Dette var ei so oventa oplysning om frihug hos den katolske kjørkjon i Frankrige, at eg straks tenkte: Dette må du ha i avisone, so de’ kjem for dei norske prestane, som ænno 73 år ette skjelnaden frå Danmark ture på med eit preikemål, som korkje er grunna på norske landskapsmål, ikkje heller av dem bli uttala på så norsk måte som mogleg, men både i ordval og setningsbygnad, bokstavuttale og tonelag er heltigjenom framande ting for de’ norske bygdafolkje!! I målvegen, med avsyn på tilhøyrarane sin ret, står soleids dei norske prestane på so rang ei side, at dei katolske prestane utover bygdene i Frankrige er deres fuldkomne modsætning!

 

Må ein so ikkje segje, at de’ er ruskje til stel i dette stykkje hos os? Bli de’ då snart, at dei framdjervaste tek mot til seg og børje? Eller må dei først ha den same sansekaka, som skulelærarane delvis trong, før dei tok opad norsk tale i skulom? Som vi veit, kvar dansk tale i skulom hos os ikkje eldre æn frå 1840-årom, då seminariarne tok åt å sende knotande lærare ut over lande.

 

 


Frå Fedraheimen 13.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum