[Kristiania, den 19de Aug.] Statsrevisor H. E. Berner

 

 

er ein Politikus, som er allstad framme, men me hadde nær sagt ingen Stad vælkomen. Det er ein underleg Kar; han er so ridall. Best som det er, kjem han paa ein Tanke, og daa sprengrid han paa denne Tanken til aa faa han fram og øser upp baade Himmel og Jord, som dei segjer. Men det høver so ofte med desse Riderne, at han fær dei i Utidom, og han kjem inn i eit Uføre so fælskleg, at det er heiltupp, som naar ein styrer ei Skute inn i Aakeren. So ligg han og kavar eit Bil og skal freista losa ut att, men kjem ingen Veg, og daa gjer han eit Tvisprang og bykser burt ifraa heile Greida.

 

Han er ein ridall Kar, og mange Stader sigler han av; og for ein slik Vidfarall er daa ikkje underlegt, um han stundom kann koma inn i dei Farvatni, som han hev siglat i fyrr. Og daa hender det jamvæl at han fær ei Rid paa det reint motsette av det, som han hadde ho paa fyrr. Soleis t. D. i Maalvegen; han var Styrar i Det norske Samlaget eit Bil, og daa var han ein av dei leidaste og mest hardsette til aa vilja kuga ned Fjørtoft og Maaltankarne hans. Men so nokre Aar etterpaa var det ingen annan enn Berner, som fekk ei Braarid med aa køyra nett dei same Tankarne, som Fjørtoft hadde. Men han køyrde i Utidom, og han hadde ikkje stort meir enn sett seg uppi og slegjet paa Hestarne, fyrr han hoppad av Vogni og bad andre greida Taumarne. Flagsaki kom han og brikjande so storsleg med – flaug reint ifraa ho, daa det røyntest Motburd, og leitad etter anna; me skal elles sjaa det sidan, at den Saki og kjem att. So hev han faret og staakat med Kvendesaki, men daa det ikkje gjekk alt plent etter hans Hovud, er det likt til han sluttad der. So hev han stelt med Forholdstalsval og ymse sovoret – fælt gilde Tankar mangein Gong, me hev skrept av dei her i Bladet – men mest allstødt hev han saatt i Nordanvind og ikkje høvt grornæm Jord.

  

Det er heiltupp Synd um slike Karar, som verkeleg hev Tankar for seg og god Meining med det og, at dei skal hava so liten Frume og Gagn med Arbeidet sitt. Men det er ein Ting, som valdar det; og det er det, at Folk trur seg ikkje til slike Karar, veit ikkje koss dei er lagad, veit ikkje kor dei er helst, for i dag fer dei her og imorgo ein annan Stad, ein veit aldri um Vinden bles fraa skilleg same Kanten. Folk hev i seg likesom ein Otte og Mistanke for at alt dette som han fer med, meir er Paafund og lause Innfall, enn det er fullborne Tankar, som han hev rette Faershjartat og Aalvorshugen aa vaaga Liv og Arbeie til aa faa framstridde.

 

Med andre Ord: det er for lite av Mannen, som vil noko heilt og fast, og for mykje av Viprur og Studeringar og Juristtankar dei finn hjaa Hagbart Berner.

 

Ein slik Kar, skulde ein tru hadde overlag vandt for aa koma fram, men Berner er likevæl ein av dei faae Menner med noko meir Tankar enn Folk flest, som hev vunnet seg fast Stelling i Matberget, og sannar soleis den gamle Læra um at det er Juristarne, som um dei ikkje heiltupp styrer Verdi, so likevæl stend seg væl med Verdi. Berner er soleis Statsrevisor, Bankstyrar og Stortingsmann, attaat det han raakar til aa vera Medlem av kongelege Komisjonar, so at han i alt tener uppimot det same som ein Statsraad.

 

Det, som fører Tanken vaar paa dette denne Gongen, er ei ny Framsyning under nytt Flak. Denne Venda dukkar Statsrevisoren upp i Amerika; han hev skrivet eit Stykkje i Chikagobaldet The Sunday Inter Ocean  um ”den skandinaviske Union”; Bladet hev prydt Stykkjet med tvo Unionsflag.

 

Det er daa dei diplomatiske Saker, Stykkjet handlar mest um.

 

I begge Lande”, heiter det¹), ”høres der Krigsskrig, der larmes adskillig i Retning af Unionens Opløsning, og Chauvinister paa begge Sider af Grænsen generer sig ikke for at bruge voldsomme Udtryk, som om de virkelig troede paa Muligheden af at opløse det Baand, der i sytti Aar har tjent til at sikre de to Rigers Fred og Velgang”. Daa so ”Medlemmerne av den norske Regjering vendte hjem fra sin diplomatiske Kampagne uden at have havt Held i sit Foretagende, traadte der pludselig nye Politikere frem paa Arenaen og forkyndte høit og lydeligt, at de vidste baade Fremgangsmaade og Midler til at skaffe Norge dets Ret”. ”Vi ville tage Sagen i vor egen Haand”, var deres Raab, hvorved de mente at sige, at de diplomatiske Spørgsmaal ikke længere skulde være Fællesspørsmaal, og for at faa Sagerne i sine egne Hænder vilde de arbeide paa at faa det Sverdrupske Ministerium overende og selv indtage de ledige Pladse. Men denne støiende Fraktion spiller alene i Hænderne paa det svenske Norskätare-Parti”. Um ”de nye Politikere”, som held seg til Hamaravgjerdsla, segjer han, at dei ”have ogsaa under den sidste Storthingstid vist en Mangel paa Dygtighed og Moderasjon, der i sig selv vilde være nok til at vække Tvivl om Antageligheden af deres Forslag”.

 

So drjuge Ord um norske Politikarar og so veiklege og lite norsklynde Ord um norsk Politikk vilde væl Berner snaudt hava vaagat aa føra fram i Norig. Men i eit utanlandsk Blad er det meir uvandt, Kritikken naar ein ikkje so lett, ein kann lata Tunga renna.

 

Dei Menner, som vaagar aa hevda Nordmansæra litevetta, skulder han for, at dei berre vil faa seg framskubbad sjølve, dei gjer berre ”Støi”, so at Svenskarne kunne verta vonde og galne og tenkja paa aa ”äta” upp Norig, for annan Utveg er det ikkje, daa han meiner det var Galskap av ein Nordmann aa tenkja seg det vøre mogelegt aa løysa upp Unionen; nei daa sjølv um Norig ikkje hev den Stelling med Sverik, som me skulde, so fær me nok finna oss i det og ikkje lata Svenskarne faa den Tru, at me og vilde vera heile Karar. Det er daa den vanlege norske Husmanstanke Berner her hevdar, med di han og er so mykje Jurist og Diplomat, at han ikkje orkar vera Mann.

 

Det tykkjest vera lite gledsamt aa sjaa, kor Nedfallet sig inn paa so mange, som ein tenkte var fulltrauste Karar; me for vaar Del er berre glade i, at Sanningi kjem fram, so me veit kor me hev vaare Folk; me hev aldri havt nokor ovsterk Tru til vaare politiske Førarar av Sverdrups Skule, so me berre tykkjer, at den gode Sak stend seg paa, at det kjem upp, kven det er, som ein heiltut kann lita paa, sjølv um ein skal sjaa Flokken tverra i hop vonom meir. Bladet vaart skal daa freista aa vera ærlegt og bannlysa all Fuskepolitikk, avdekkja alle, som ”haltar paa baae Beinom” og føra heil Politikk so langt me øygner og evlar, sjølv um me var dei einaste i Landet. For her er ikkje Samhaldet det vigtugaste no, daa me hev mest ingen Ting aa vera samhaldne um, so at Ordet um dette vert berre ein stor Frase og ein Skjoll for Andsvarsløysa og Likesæla og Ræddhugen. Nei det som gjeldst um no, det er aa halda Mønstring yver Heren og kanna, kor mange det er, som er att heile og usaarad etter dei siste Støytarne, kor mange det er, som endaa er fullbudde til aa ganga ut i dei nye Stridar og slaast manneleg og standa som Gutar. No er det ikkje Tid til aa kvila, men til aa reisa nye Herrop, sterkare enn dei gamle, og samla nytt friskt Mannskap under Fanarne, som ikkje hev bøygt Kne for Baal.

 

¹) etter Morgenbladet.

 

 


Frå Fedraheimen 20.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum