[Kristiania, den 19de Aug.] Unionspolitikk.

 

 

Me munar alt meir fram til Klaarskap og full Sjølvhevding i vaar unionelle Politikk. Det vert Framstigsmenner, som tek Stig fram, den eine skjotare enn den andre. Det fyrste Stiget var Hamaravgjerdsla, um at no vil Nordmennerne taka Skipnaden av dei diplomatiske Greidur i si eigi Haand og ikkje lenger taka imot alt som paa Naade elder gjennom Forhandling med Svenskarne.

 

Nedanfor dette Stiget stend so Berner, Jacobsen og Sverdrup og alle Gamlekararne, som nok vilde, men ikkje torer vera Karar.

  

Eit Stig lenger upp var Konows Tillegsforslag um, at me ikkje vil hava nokor Utviding av Svenseksamlaget, sjølv um dei byd oss det ”paa Ligeberettighedens Grund”.

 

Eit Stig endaa lenger upp stend Sars no med Krav um, at det kannhenda lyt verta norsk Politikk at ophæve det bestaaende Fællesskab overalt, hvor vi har Ret og Mag til at ophæve det. Men det er berre, soframt Svensken vert for kaut, daa det kunne vera for mykje Bry med det.

Me segjer at dette er eit Framstig til ein reinare Unionspolitikk, endaa fullrein og sterk er ikkje denne helder. Det er ein eldre Manns varsame Frampaaleiking, meir som Sjøvlhevding til aa syna Svensken, at me ikkje er rædde enn det er eit beintfram Krav, sprottet ut av det norske Folks Ærekjensle og Trong til Sjølvstyring.

 

Me er elles glade i det som Sars hev skrivet, endaa me tykkjer, at det er noko veikt, men so smakar det daa av norsk Politikk. Og me er paa ein Maate glade i, at denne Øsingi hev komet paa Svenskarne, med di, at me Nordmenner no eingong er so lagad, at det berre er, naar nokon øser oss upp og me fær traassa, at me kann tenkja klaart og handla, so det er Mun i. Di lenger det drygjer med, at Ministeriet fær greidt Saki med Svenskarne, og di meir det fløkjer seg i hop, di meir er det Von til, at me kann faa heiltut greid Unionspolitikk; Kravet hjaa oss aukar, Trongen vaknar, Motet styrkjest, og Tanken skjerpest til aa draga dei fulle Konsekvensar, di lenger det lid, med Spursmaalet stend uløyst.

 

Dei fulle Konsekvensar, Stiget heilt ut paa den Vegen, som Sars slær inn, er einast det aa krevja Innkniping paa Samlaget allstad, der det er lettgjort – i dei Maatar som Sars nemner – utan aa lata det koma an paa, anten Svensken er kaut elder ikkje. Altso Krav paa, at Unionen berre skal vera Samlag um Krig og Fred og Konge – ikkje det Slag meir Samlag.

 

Dette vøre eit lite Stig lenger fram enn der Sars stend, og dette maatar fælt godt for store Hopar av Folket. Men sjølv dette er ikkje langt nok fram; for den, som er so ung og tankesterk og hugheil, at han kann tenkja ein Tanke heilt ut er det einaste aa krevja: lat oss faa heile Samlaget med Sverik løyst.

 

Den som orkar den Tanken, naar endaa ikkje upp yver det, som hev voret kravt fyrr her i Norig; han naar berre jamhøgt med ein av vaare mest skarptenkte og djervaste Politikar, med Olaus Fjørtoft, soleis som han sette det fram for Studentarne alt i 1871.

 

 


Frå Fedraheimen 20.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum