Flogvit elder store Menner korleis dei er lagad.

 

(Del 2 av 3. Fyrste del.)

 

(Slutt fraa fyrre No.).

 

 

Det er berre dei store Menner,

som hev stort Lyte”.

Rochefoucault.

 

Naar ein Byggmeistar vil røyna kor sterk ei Bru er, daa freistar han ho, der ho er veikast. Men naar du vil døma um dei store Aandar, maa du berre døma etter den Ting dei hev Styrkjen sin i, skal du faa fullgode Vissmuner. Vil du til aa endefara dei store Aandar, daa finn du so mykje veikt og veilutt, ja heiltupp barnslegt og styvingslegt i mange Maatar, det kann høva til aa vera berre ein einaste Ting, som dei er framifraa i, og som dei hev vunnet Gjetordsnamnet sitt ved. Veilur, Laakskap og Sedløyse, alt dette gløymer snart Verdi, som ser seg blind paa det store Ljoset, som fløymer ut ifraa Flogvitet. Skulde dei store Menner dømast etter sine Vitløysur og Sedløysur, daa skulde ein sjaa eit Aabine; det vart ikkje berre Wergeland og H. C. Andersen, men ogso Napoleon, Byron, Cicero og ein heil Fjølde av dei 500 ”udøyelege”, som ikkje vart haldande for stort meir enn Born og Styvingar, Agaløysur elder sinnsjuke.

 

At det skulde vera noko Samanheng millom Flogvit og Sinnsjuke, tykkjest lite sætelegt, men det hev voret ei Tru um, at so var, til alle Tider.

 

I Hellas og Rom heldt dei det for det i gamle Tider, at Flogvits-verk var paa ein elderannan Maaten Guddoms-verk, og Skaldarne sagde dei vart tekne av Skalde-hamrema (furor poeticus). Den kloke Aristoteles sagde, at det fanst snaudt Flogvit utan ein Snev av Sinnsjuke. Den Tidi heldt dei ikkje Sinnsjuken for aa vera av same Slag som annan Sjukdom, dei trudde fyrr det var ei Gudsmagt enn ei Djevelsmagt som styrde i slike. Men Kristendomen kallad Sinnsjuken for ei Djevelsmagt, og Folk var leide med dei stakars Sjukingarne; Flogvit og store Aandar fekk daa og mykje same Medferdi som andre Sinnsjuke, for Kyrkja hev ofte voret rædd for det som var nytt og stort.

 

No for Tidi skulde ein væl tru, at dei var burtsigne alle slike Tankar um Skyldskap millom Flogvit og Sinnsjuke. For no veit Folk aa vyrda store Aandar som dei gjævaste her er, og samstundes veit dei, at Sinnsjuken er ikkje annleis lagad enn andre Sjukdomar. Og likevæl er det ikkje Slutt med den Tanken, mest i alle Land vert det stroket paa den Strengen. Dryden  skriv: ”Flogvit er visseleg nærskyldt med Vanvit, det er berre eit tunt Skjeldtile imillom dei”. Montaigne  segjer: ”det er nett Styrken og Kvikleiken hjaa Flogviti, som vert Orsak til Veilurne deira”. Pascal  og Diderot  ordar seg mest sameleies um, at ”Flogvit og vanvit kjem tett innaat kvarandre” og Lamartine  segjer beint fram, at ”likesom Frukti, hev og Flogvitet sin Orm: Øyding, Død og Sinnsjuke”.

 

Det er ikkje Tvil um anna det er Samanheng millom den høgste Aandsutvikling og Aandsforskipling, men koss dette Samanhenget er lagat, det er ikkje godt aa segja. Sume meiner, at Flogvit og Vanvit det er aa kalla av same Slaget, og at orginal Produksjon berre er ein sjukleg Proses. Soleis meiner Moreau. Men ein kjem visst Sanningi nærmare, naar ein gjeng ut ifraa, at Flogvitet hev i seg ei uroleg Sjoding og Gøysing, som or sitt glodheite Djup kann forma seg ut i dei fagraste Skap, men som og, naar andre Ting kjem aattaat, kann vanskipa seg paa dei uliklegaste Lag. Vanleg stend daa Flogvitet liksom paa Dørstokken millom skaplegt og uskaplegt, millom normalt og abnormt Aandsliv.

 

Naar t. D. Arkimedes  er so ifraa seg sjølv, at han ikkje merkar Fiendarne, som stormar fram, elder naar Newton er so gløymsk, at han ikkje minnest, um han hev etet Middag elder ikkje, daa er me alt yver Dørstokken til det avbrikjelege og abnorme. Noko meir kjem dette fram, naar t. D. Ben Johnson  stod og saag paa Tornklokka, men umogeleg kunne samla seg so mykje, at han kunne faa Greide paa, kor mykje ho var. Endaa nærmare Galskapen kjem dei i sine underlege Hugsviv, som stundom kann festna seg til faste Truer, soleis naar Kierkegaard hadde den visse Meining, at han skulde døy, naar han vart so gamall som Jesus. Pascal bar paa ein Otte for, at eit Djup skulde lata seg upp fyre Føterne hans og han stupa nedi, og han let seg stundom binda, so rædd var han. Slikt noko ber imot det, dei kallar for Hallusinasjonar  elder Synkvervingar, som kjem fram ved det, at lause Hugsviv fæster seg i Sinnet og vert trudde paa like fast som andre verkelege Sanseinntrykk, og vedkomande kann ikkje skilja kva som er verkelegt og kva som er Innbilning. Mange store Aandar er plaagad av slikt noko.

Synkvervingarne aat Muhammed  og Luther  er aalkjende. Muhammed hadde Fallesjuken og til aa løyna Veikskapen sin for Kona si fortalde han, at han fekk Riderne, fordi han ikkje kunne tola aa sjaa Glansen av Andlitet aat Engelen Gabriel, naar han synte seg og vilde openbara eitkvart. Luther fortel sjølv, korleis han jagad fraa seg Djevelen med ymse sterke Ord. I Klostret i Erfurt maatte Brødrarne ein Gong brjota upp Døri til Romet hans, der han hadde leget mange Dagar i eit Tilstand, ”som ikkje var langt ifraa Vanvit”.

Ignatius Loyola  hadde ogso slike Hugsyn, likeins Jeanne d’Arc  og fleire.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 20.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum