Innbjoding.

 

 

So som Vedtaket vart gjort i Amtstinget i Sumar, so fær ikkje Ullmanns Skule lenger nokor Pengehjelp av Amt og Stat. Skulen lyt soleis heretter standa paa eigne Bein, og dei, som heretter søkjer Skulen, maa bitala for seg. Paa den Maaten vert det vondare for dei, som er fatike og hev liti Raad, aa søkja Skulen.

 

Me hev difor tenkt, at det vilde høva godt, um Vener av Folkehøgskulen trod til og skaut i hop til ei liti Pengehjelp, etter som dei hadde Hug og Hjartelag til, for aa hjelpa slike uformuende, som maatte hava Hug til aa koma paa Skulen. Alle Muner dreg, og det turvte difor ikkje vera so stort av kvar. Me hev tronge Tider no, so det ikkje er ventande mykje av kvar enkelt. Dei Pengar, som vert gjevne, kann sendast til Lærar Botnen, Seljord, som vil avleggja Rekneskap i Varden  baade for kor mykje det er teket imot, og kven det er, som hev fenget Hjelpi av det. Det laut vera innkomet innan 1ste Oktober komande.

 

I Juli 1887.

  

H. Bentsen,

Porsgrund.

 

Nils J. Brødsjø,

Drangedal.

 

Ludv. Christoffersen,

Hvideseid.

 

Aslak O. Haugen,

Vinje.

 

F. O. Jespersen,

Solum.

 

Gunnar Knudsen,

Gjerpen.

 

T. M. Kleppen,

Sauland.

 

H. Larsen,

Skien.

 

Vilh. Poulsen,

Seljord.

 

Peder Rinde,

Sandøkedal.

 

Olaf Sveinsson,

Seljord.

 

H. P. Sitje,

Fyrisdal.

 

O. Thomesen,

Gvarv.

 

S. Knutsen,

Rauland.

 

 


Frå Fedraheimen 20.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum