Maalarbeidet ved Asker Seminar.

 

Eg hev Gong etter Gong tenkt aa senda Fedraheimen  nokre Ord um, korleis Maalsaki hev stadet seg her i det gjengne Skuleaar. Men eg hev drygt i lengste Laget, daa eg fyrst vilde sjaa, um der ikkje kom noko fraa eit elder anna av dei andre Seminari, som er lenger framme i Maalvegen, og som daa vonleg hev meir godt aa fortelja um, - so kunne eg daa koma slengjande attpaa Lasset med den vesle Slumpen, eg hev. For Asker Seminar hev ikkje havt noko godt Ord paa seg i Maalvegen, - og visst er det, at det ligg langt att i Leidi der --, so det kan vel henda, mangein Maalmann rukkar paa Nasen med eit: ”Kann der koma noko godt fraa Asker?” Men daa eg enno ikkje hev set noko, ikkje eingong fraa Stord, der det endaa er ei heil Horg av gilde, eldhugad Maalmenner, tykkjer eg det er ikkje værdt aa bida lenger, og so kjem eg daa her slengjande: dykk lyt orsaka, at det kjem baade ”seint og aabeint”.

 

Maalsaki paa Asker, ja. Naar ein tenkjer paa, at Læresveinarne der kjem Mesteparten fraa Byarne elder fraa Flatbygderne, der Bydaningi og Bymaalet hev breidt seg som ei Mare utyver og tynt ut dei fraa fyrst av gode Maalføre, so er det or Grunnen teket ikkje so rart helder, at det hev stadet kleint til med ho der.

 

Me hadde ”Samtalemøter” kvar Sundagskveld i fjor Haust utyver. Millom anna vart der ogso strakst i Fyrstningi Ordskifte um Maalsaki. Og ikkje berre der, men ogso paa Leseromi og paa Tvomanshaand bar det i Ordkast, opp att og opp att. Og me stakkars Syndaranne, som var so ”fanatiske” og so ”radikale” som aa tru paa Maalsaki, me laut høyra so mangt. Dei same forslitne Slagordi, som hev voret brukad mot Maalsaki like sidan han Far og han Gofar si Tid, laut fram att for aa verta sundslegne og ihopspjelkad og brukad paa ny Frisk; var der eit Stykkje, nytt elder gamalt like godt, av Morgenbladets  elder Fædrelandets  Sauseri, elder, naar det skulde taka regtig meint, eit fraa sjølve Bjørnson sitt Smi-sted, so laut det dansa i Vegen, det fekk ikkje vera Fotemo. Det var ofte ein Harm aa høyra sjølv gilde Bondegutar standa og tala paa sitt eiget gode Maalføre i det vide og breide um, at Maalet ikkje duger til Kulturspraak, og at det aa vilja innføra Maalet er berre ”Fantasteri” o. s. b. Og desse Ordskifti synte fullt ut, kor kleint det stod til. Berre 5-6 sagde seg reint ut aa vera for Maalet; Mesteparten var beint mot, og Resten var reint likesæle, kor som gjekk, elder syntest best um den Vegen, som K. Knudsen og Jamnlike segjer skal vera den beste.

 

Slik stod det til. Men so kom kand. theol. L. Næss, ein varmhguad og dugande Maalmann, som fraa Oktober til Slutten av Skuleaaret var Tridjelærar. Han verkad for Saki, ikkje berre utanfyre, men ogso paa Skulen, so vidt som det der kunne lata seg forlike med hans Stelling som ”Norsk”-lærar der. Etter Jol bryjad han aa halda Maalskule ein Time elder tvo for Vika, umframt at han stendig rettad Stilar aat oss. Paalag 24-25 gjekk paa Maalskulen. Og den gjorde godt. Maalmansflokken er aukad ikkje so reint lite, og mange av dei, som fyrr var mot, ser no med venlagare Augo paa Maalet. Og sjølv um heile Løni for Strævet var, at berre ein av vaare Motstandarar kom til aa faa Augo upp for, at det ikkje berre er ”Fantasteri” og Fjas, me Maalmenner fær med, men at vaar Sak berre er eit rettfærdigt Krav og eit Barn av vaar Tid – trass alt kva B. B. og fleire slike preikar um ”Taapelighet” og Gagnløyse -, so var dermed mykje vunnet. Kvart slikt Steg – um endaa lite – ber nære mot Maalet.

 

Det var no det eg hadde aa bera fram. Eg vonar, at me gjennom Fedrah. ogso maatte faa høyra fraa dei andre Seminari. Um det vart Skikk ved Slutten av kvart Skuleaar aa senda Fedrah. nokre Ord um, kor store Framstig Maalsaki hadde gjort det Aaret, vilde ikkje det vera gildt? Det finst no væl ved kvart Seminar so mange Maalmenner, at ein kann taka paa seg det vesle Bryet aa skriva nokre Ord.

 

Nei, Kjendskap til Maalet skulde vera eit fast og sjølvstendig Læreemne paa Seminari, so vilde det bera Saki langt fram.

 

Men korleis det enn er: Skal Saki snart naa fram til Siger og ikkje verta berre standande burte i det blaa, som Motstandaranne segjer, lyt kvar Maalmann ogso byrja aa bruka Maalet baade i Skrift og i Tale. Det er ikkje so mykje Snakket, som skal hjelpa Maalsaki fram. Der lyt Arbeid til, ho maa ”praktiseres”. Det er det, som skal bera ho lengst framyver og gjeva ho den rette Styrken. Og i dette Arbeidet skal og maa kvar Mann taka sin Lut, skal det ganga fram paa rette Laget.

 

Kom me fyrst so langt, at kvar Maalmann i Ordet ogso vart det i Gjerdi, daa skulde dykk nok sjaa, Saki kom til aa gjera noko meir munarslege Framstig enn ho no gjer, endaa ho ogso no veks utruleg fort fram.

 

Tænk paa det, Maalmenner og gjer ogso etter det! So skal de nok faa sjaa, me skal koma oss – og det braatt!

 

Juli 1887.

 

O. A.

 

 


Frå Fedraheimen 20.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum